Gå til innhold
Arkivverket

Våler i Solør – ekteskapa til Tore Jonsson Knausen (f.ca. 1584 – død ca. 1675)


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Arild Komplien har i eit innlegg frå 2003 på det gamle Digitalarkivet opplyst ein del om slekta til Tore Jonsson i Nordre Knausen i Våler. Han skriv m.a. at han var gift minst ein gong tidlegare før han blir gift med den Kari Olsdotter frå Tøråsen som var fødd ca. 1630. Dei hadde sonen Jon fødd ca. 1661 som vart gravlagt 6. aug. 1741 i Våler, 80 år og 6 måneder gamal:

 

SAH, Hof prestekontor, Ministerialbok nr. 2, 1720-1749, s. 362:

Brukslenke for sidevisning: 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603270349

Permanent bildelenke

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603270349.jpg

 

Så vidt eg kan sjå er ikkje Tore nemnt i dei ulike skattemantala i Solør før 1624 (kjelde: avskrifter av dei ulike manntala gjort av Sten Høyendahl, utgitt av Solør Slekthistorielag 2000). 

 

Tore hadde også sonen Per frå eit tidlegare ekteskap. Per er nemnt som 48 år i 1665 og dermed fødd kring 1617.

 

Det er sikkert andre enn meg som også har sett at Tore Knausen er nemnd i to gonger i Tingboka for Solør og Østerdalen 1638-41 som svoger til Ola Persson Berg i Våler. I 1640 er det ei sak der «Ola Persson Berg på eigne og medarvingar hans søster Tore Knausens kvinne Kirsten Persdotter vegne» har saksøkt Tore Sjurderud som hadde arva etter fatsgods og lausøyre etter avdøde Ragnhild Toresdotter (Tingbok for Solør og Østerdalen, side 195):

https://www.nb.no/items/5976900b87fd02bf8417c0921e312bdd?page=197

Det går fram av saka at mor til Ragnhild var faster til Tore Sjurderud. Far til Ragnhild var Tore Sæter. Systerdotter hans var mor til Ola og Kirsten.

 

I ei anna sak i 1641 er det også vist til at Tore var gift med syster til Ola Berg (Tingbok for Solør og Østerdalen, side 262):

https://www.nb.no/items/5976900b87fd02bf8417c0921e312bdd?page=261

 

Det er freistande å gå ut i frå at Kirsten Persdotter er mor til Per Toresson.

 

Eg går ut i frå at far til Kirsten og Ola er den Per Berg som er nemnd i jordboka for 1624 som eigar av 1 hud i Berg og også eig 2 skinn i Sjurderud, 3 skinn i  «Winger setter» og 1 hud i Knausen. Ein Ola Berg eig 10 skinn i Berg og 4 skinn i Konglebekk i 1624 og same året er Tore Knausen eigar av 1 hud i Knausen, medan Erik Knausen også eig 1 hud. Slekta i Søndre Knausen er elles omtalt i eit tema frå 2007 i Digitalarkivets brukarforum.

 

Eit innlegg frå 2010 på Digitalarkivet viser til ei anna sak i Tingboka for Solør og Østerdalen 1638-41 (side 178-179) frå i Elverum i 1640. Her er ei av døtrene, Marit Strømmesdotter nemnd Knausen, jf. også Tingboka:

https://www.nb.no/items/5976900b87fd02bf8417c0921e312bdd?page=183

 

Er det andre som har sett på ekteskapa til Tore Jonsson? Er det andre kjelder som kan slå fast om Kirsten var mor til Per? Har Tore arva jorda i Knausen gjennom Kirsten og er det i tilfelle noko kjend om opphavet hans? Sist: Kven var ektefellen til Marit Strømmesdotter – var det Tore eller var det t.d. ein av brukarane i Søndre Knausen? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Per S. Nestande skrev:

Dei hadde sonen Jon fødd ca. 1661 som vart gravlagt 6. aug. 1741 i Våler, 80 år og 6 måneder gamal:

 

???

Hedmark fylke, Solør og Østerdalen, Skiftekort (1716-1774), Skifteprotokollside, Side 2951
Permanent bilde-ID: sk11216091208347
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk11216091208347
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11216091208347.jpg 
 

Hedmark fylke, Solør og Østerdalen, Skiftekort (1716-1774), Skifteprotokollside, Side 2952
Permanent bilde-ID: sk11216091208348
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk11216091208348
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11216091208348.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenge siden jeg var noe inne i dette. Men av tidligere notater ser jeg at Tore er nevnt som husmann på Knausen i 1618, 1620, 1621, 1622 og 1623.  I 1621 på ødegard.

 

Når det gjelder Marit Strømmesdatter kan jeg ikke se at hun kunne være gift med Tore. Hun nevnes på Knausen i 1640 og da var Tore gift med Kjersti/Kirsti.  At Per var Kjerstis sønn støttes også av at Per får ei datter Kjersti.

 

På tinget i Hof 1721 (folio 251a) reiser Per Knutsson Breidalen sak mot Jon Toresson gjeldende odelstomta 3 skinn i Knausen. Av vitneutsagn der nevnes Per Toresson og Jon Toresson som halvbrødre.  Videre nevnes Karen (!) Olsdatter som Jon Toressons mor.

 

Hvor Tore kom fra er vanskelig å fastslå, men i de gamle skattene 1560 for Våler finnes det bare en Jon og det er på Sjurderud.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.