Gå til innhold
Arkivverket

Durdei Rasmusdotter Eskestrand frå Sogndal, hennar forfedre?


Oddbjørn Engebakken
 Del

Recommended Posts

Heisann!

 

Eg er på leit etter forfedre/ foreldre til ei formoder av meg «Durdei Rasmusdotter Eskestrand»(f.ca 1711-d ca 1806). Ho var i frå Eskestrand ved Fardal i Sogndal ( Kilde;Sogndal bygdebok,gardar og folk,Stedje Sokn, band 2, Sogndaslfjøra-Notsete, s,556)

 

Durdei gifta seg til Notsete i Sogndalsdalen med Eirik Jakopsson (1704-1780) .

 

Eg lurar på om nokon veit noko om hennar slekt?

 

Eller har nokon fakta/opplysningar om kor eg kan finne noko? Eg prøvde kyrkjeboki på «fødde» etter foreldra hennar, men eg fant ikkje noko (Vanskelig å lesa, kan ha oversett)

 

Fant ei masteroppgåve nettet( "Kongens tru tenarar "av Eyvind Urkedal York) Link; http://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/4085/69632574.pdf?sequence=1&isAllowed=y

 

I denne oppgåva står det skrevet; at ein delegasjon frå Indre Sogn reiser til København i 1713; «Her er dei fire bøndene identifisert som Endre Jørgensen Fiøsne, Oluf Olufsen Solvig, Erich Olufssen Stengiem og Rasmus Olufsen Eskestrand»

 

Kan Rasmus her vera far av Durdei? Ho er fødd rundt 1711, og kan Erich vera broren til Rasmus? Og kan Oluf vera faren til Rasmus? 

 

Mvh Oddbjørn Engebakken

Endret av Oddbjørn Engebakken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Durdei er trolig nok født i 1713 eller senere. Ministerialbok nr. A1 for Sogndal dekker fra 1689  til tidlig 1713.

FT1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394000830

 

Har funnet disse av Rasmus Eskestrands barn:

Ole døpt 18. desember 1712

Mette døpt 12. desember 1711

Anders døpt 28. desember 1709

 

https://www.wikitree.com/wiki/Fimreite-2

 

Finner Rasmus  Olsen Nordnæs med

Jon døpt 27. november 1707

Karen døpt 24. oktober 1706

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved vielsen 20. oktober 1747 står hun som Dorthe Rasmusd. Eschestrand

 

Høyre side, høyre kolonne, litt under midten

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. A 3 (1747-1768), Kronologisk liste 1747, Side 4
Permanent bilde-ID: kb20070515650396
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515650396
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515650396.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen hjertelig takk Sven!

 

Så rart at ikkje alle barna til Berent og Margarete er med på FT 1801 som du viser til.

 

I følge Sogndal bygdebok band 2, s.556 fekk dei 9 barn, alle fødde før 1801. Alle veks opp. 

 

I Ft1801 manglar Guri f.1776, Mikkel f. 1778 og Durdei f.1784

 

Mulig desse jobbar på andre gardar (men det blir ein annan diskusjon) 

 

Kvar søkte du på dei barna barna du viser til ?  

 

Ole,Mette,Anders,Jon og Karen?

 

https://www.wikitree.com/wiki/Fimreite-2     

 

På linke du viste til står det : 

 

Sources

  • SOGNDAL Aarbok I-VII 1926. Obtained through Interlibrary Loan. Books ordered from the St. Olaf College Library at Northfield Minnesota.

Sogndal Book 6 p18 - Eskjestrand, Rasmusgarden only lists four children : Jon, Anders, Dorte, Johanna.

Sogndal Book 7, p94.

 

Kan det vera Anders som du viser til og Durdei ( Dorte) som eg leiter etter ? 

 

Fekk nettopp ein melding frå ein lokal slektsforsker der han skriv ; 

"Far til Durdei er Rasmus Olson f. kring1683 på Nornes gravlagt 25 mar 1753 på Eskestrand. Gift 1706 med ei Guri Erikdotter. Ho vart gravlagt fra Eskestrand 1750. Kvar ho kom ifra har seg ikke funne ut.

Far til Rasmus heitte Ola og var fra Fimreite f.kring 1633 og d. på Sjurgarden på Fimreite kring 1710. Han var gift med Sigrid Sjurdotter f.kring 1750 d. 1731 på Sjurgarden

Kjeldene mlne er kyrkjebøkene på Digital arkivet, og ein del skifter same stad."

 

Utfordringen no er vel å finne forfedrene til Guri Erikdotter, Ola frå Fimreite og konaS igrid Sjurdotter, om det er mogleg. 

 

Men takk igjen Sven!

 

 

 

 

                    

 

 

 

 

 

 

Endret av Oddbjørn Engebakken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Oddbjørn Engebakken skrev:

Durdei f.1784

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394000492

 

20 minutter siden, Oddbjørn Engebakken skrev:

Guri f.1776

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394000491

 

21 minutter siden, Oddbjørn Engebakken skrev:

Mikkel f. 1778

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394000532

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som vanleg granskar eg på vegner av barnebarnet Isak, 5 år i Oslo.

Durdei var 6 x tippoldemor hans - denne gangon på morssida -  slik at ho var 4 x tippoldemor til kona mi.

 

Om vi skal tru på  den lokale slektsgranskaren din, er vi nå komne et steg vidare.

Tusen takk!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

19 hours ago, Oddbjørn Engebakken said:

I denne oppgåva står det skrevet; at ein delegasjon frå Indre Sogn reiser til København i 1713; «Her er dei fire bøndene identifisert som Endre Jørgensen Fiøsne, Oluf Olufsen Solvig, Erich Olufssen Stengiem og Rasmus Olufsen Eskestrand»

 

Her står det altså at Rasmus var i København og at han var gift med Guri Endresdotter.

 

Skal vi tru at dette då er den rette Guri?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eller.......

Om kona til vår Rasmus Olsen heitte Guri/Gyri Eriksdotter.

Då var det ikkje han som var i i København.

Er det slik ein må tenkje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, forstår problemstillingen din, det gjordet det litt komplisert at Guri står som "Endresdotter" i det skiftet.

 

Men skriv begge desse «Rasmusane» seg for Eskestrand?


Eg er fersk med å lese slike gamle skrifter og klarar ikkje å lese skiftet etter søstera Johanna , som det blir vist til i «Viglse i Norum kyrkje 1706». Kan du vise meg kvar det står at Guri møter for Rasmus som var i København? Kva årstal er det?

https://media.digitalarkivet.no/view/24135/208  


Frå Masteroppgåva (" Kongens tru tenarar" av Eivind Urkedal York) der eg fant «Rasmus Olufsen Eskestrad" nemnt» ;

http://bora.uib.no/bitstream/handle/1956/4085/69632574.pdf?sequence=1&isAllowed=y


Legg til nokon utklipp som kan vera relevante; 


I førre kapittel såg vi at allmugen i Indre Sogn seinhausten 1713 planlagde og førebudde ei reise til København. Ein gong i løpet av våren hadde ein delegasjon reist sørover og kome til hovudstaden. I eit brev frå 14. april frå Rentekammeret til stiftamtmannen fekk han opplyst at fire bønder, som hadde blitt sendt nedover for å søke om lauslating av Hvidhoved samt fritak for dagskatten, hadde blitt arrestert i København. Desse skulle ”til Exempel for andre, […] ansees med Arbeide her i Citadellet paa Vand oc Brød, oc icke nyde nogen betaling af Almuen for denne deris u-nødvendige Reise herned.” 491 Nokre dagar seinare, 20. april, vart det sendt eit brev frå kongen til Slottslova om det same. Her er dei fire bøndene identifisert som Endre Jørgensen Fiøsne, Oluf Olufsen Solvig, Erich Olufssen Stengiem og Rasmus Olufsen Eskestrand. Det hadde blitt bestemt å la desse ”slutte paa nu kort tid til Hiulbøren paa Vand og Brød her udi Citadellet friderichshafn at arbeide,”492 og det er også alt vi får vite om deira lagnad så langt.


Kva skjedde så med desse bøndene? Våren 1715 sat dei enno i fangenskap i København. 9. mars 1715 skreiv Rentekammeret til stiftamtmann Undall og bad om å få vite om tilstanden i stiftet, og særleg i Indre Sogn, med tanke på om det var forsvarleg å skulle kunne lauslate ”de i Citadellet arbeydende Bønder.”

Ut på sommaren 1714 hadde det endeleg falle dom i saka mot Hvidhoved og dei andre hovudtiltalte i Sogn. Undall kunne fortelje Rentekammeret i eit brev frå 31. juli at kommisjonen hadde dømt Nils Hvidhoved og tenestejenta hans til døden, éin av bøndene til livstid på Bremerholm, tre andre til høvesvis 1, 2 og 3 år og bøter, og 8 andre til ”at arbeide 1, 2 a 3 aar udj neste festning” og bøter.

Kva kan vi så avslutningsvis seie om dei ulike futedøma og korleis kampen om dagskatten enda i Bergenhus stiftamt? Det vi kan sjå er at bøndene i Sogn, sjølv etter arrestasjonen av Hvidhoved og dei andre hovudtiltalte, var aktive. Både frå Ytre og Indre Sogn reiste det ned to bondedeputasjonar til København. Dei bøndene frå Indre Sogn som reiste nedover vart arrestert kort tid etter, men kva som skjedde med dei, når dei eventuelt kom tilbake er uvisst. Sommaren 1714 kom det dom i saka mot Hvidhoved og dei andre tiltalte, og desse fekk svært harde dommar. Men med desse strenge reaksjonane frå styresmaktene si side ser også motstanden mot dagskatten til å ha ebba ut også i Sogn

 

 

Ein har no vertfall nokon årstal å gå etter slik det står her. 


I dei opplysningane eg fekk budde vertfall «vår» Rasmus sine foreldre på Sjurgarden på Fimreite, det står også at kona Guri Eriksdotter blir gravlagt ifrå Esketrand i 1750


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her Jostein,

 

eg fant tre postar med relasjon til Ola/Ole Rasmussen f.1633(far til Rasmus Olsson Esketrand)

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Rasmus Olsen Eskestrand og kona Guri Endresdatter er mine forfedre, og jeg har en teori om hvem som var Guri sine foreldre. Hun var født omkring 1683 og ble begravet fra Eskestrand 18.5.1750, 67 år gammel. Hennes far, en ukjent Endre, var ikke nødvendigvis i live og nevnt i manntallet 1701. Og ikke er det sikkert at han var fra Sogndal heller. Men han må i hvert fall være med i manntallet fra 1666, hvis han var fra bygda.

 

På tinget i Norum i Sogndal 24.11.1684 ble Magnhild Larsdatter stevnet for leiermål med reservesoldat Endre Andersen. Det ble da sagt at de akter å ekte hverandre. At det ikke bare ble med praten viser skiftet etter Anders Øyre i Sogndal 28.9.1690. Anders var gift med Siri Pedersdatter, enke etter Lars Ellingsen Øyre men opprinnelig fra Skildheim i Luster. Anders hadde ingen barn og ble arvet av sine søstre (arven ble delt i 5 søsterlodder):

- Ole Rasmussen på sitt barns vegne

- Bård Ellingsen Øfstedal på sin kone Dorte Larsdatters vegne

- Anders Olsen Opheim på sine barns vegne

- Hans Ørjensen på sin kone Rannei Larsdatters vegne

- Endre Midtun på sin kone Magnhild Larsdatters vegne

 

Endre Andersen Midtun var bruker i 1701, 43 år gammel og med sønn Anders Endresen 12 år.

 

Endre Andersen Eskestrand ble begravet i Sogndal 15.12.1726, ingen alder. Jeg tror dette er Guris far som døde hos dattera på Eskestrand. Endre Eskestrand og hans kone nevnes som faddere fra 1706.

 

Den eneste Endre Andersen i Sogndal 1666 var 3 år og sønn av Anders Øvretun 33 år. På Midtun dette året var brukeren Anders Larsen 24 år. Jeg tror det er han som giftet seg med enka på Øyre. Gardene Midtun og Øvretun er i fogdens manntall 1664 kalt Øfstedal. Det var skifte etter Anders Olsen Øfstedal 4.10.1667. Han var gift med Ingeborg Eriksdatter og hadde barna Lars, Endre, Erik og Knut. Barnas farfar Ole Øfstedal til stede (han var 69 år 1666). Ved skifte 12.6.1680 oppbød enka Ingeborg Lars(!)datter Øfstedal sitt bo og formue for sine kreditorer.

 

I tingboka 1683 sies det at Hans Ørjensen har Anders Larsen Øfstedals søster til ekte. En Lars Andersen Øfstedal er nevnt 1631. Brukeren på Øfstedal 1647 het Lars. Og en Lars Andersen "Metun" nevnes 1652, trolig den samme. Det må vel være denne Lars som er far til Anders Larsen Øyre og hans 5 søstre.

 

Etter det som er nevnt her tror jeg at Guri Endresdatters foreldre var Endre Andersen Midtun, seinere Eskestrand (ca. 1663-1726) og Magnhild Larsdatter Øfstedal (  -  ). Om navnet Magnhild er brukt i Guri si etterslekt har jeg ikke undersøkt.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Terje! Dette var veldig interessant!

 

 

Så då er det Guri Endresdatter og ikkje Guri Eriksdatter?

 

Ser du har kommentert på ein post der det er to Rasmus her ; 

 

 

Ein av Dordei Rasmusdotter sine døtre fekk navnet Magnhild (1761-1845) ho g 1875 m Gjest Rasmusson Elvagjeng ( Sogndal Bygdebok ,band 2, s.556)

 

Endret av Oddbjørn Engebakken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eg ser at to av utsendingane til København var frå Luster og Hafslo:

 

Endre Jørgenson OTTUM (nabogard til Fjøsne) (1659-1715)

 

Ole Olson SOLVI (1659-1715)

 

Ved skiftet etter Endre Ottum 17.4.1715 står det: «som døede udj Kiøbenhafn»: https://media.digitalarkivet.no/view/24135/232

 

Ved skiftet etter Ole Olson Solvi 16.4.1716 står det: «som Underweigs fra Kiøbenhafn forleden Aar ved Døden skal være afgangen»: https://media.digitalarkivet.no/view/24135/252

Det høyrest also ut som om han slepte fri, men han døydde på vegen heim...

 

Dei to sogndølene finn eg ikkje noko skifte etter, i alle fall ikkje før 1722.

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Takk Lars!

 

Dette er veldig interessant, hadde eg berre klart å tyda alt som står i desse "gamle skriftene"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 
Nornes, Bodil Marie
   Bygdas beste menn? : ei studie av bondeeliten i Sogndal prestegjeld 1647-1707. - Bergen, 2011
 

https://bora.uib.no/handle/1956/4947

 

Bodil Marie Nornes si masteroppgåve frå Universitetet i Bergen i 2011 er viktig for alle som arbeider med eldre slektshistorie i Sogndal . Du finn kanskje ikkje svar på spørsmålet ditt, men du finn garantert mykje anna interessant stoff

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.