Jump to content
Arkivverket

Emisær for Frikyrkja Carolius Nicolaisen gifte seg før 1897 i eller nær Hadsel - men kvar er denne vigsli innskrivi - vigsledatoen?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Med referanse til følgjande tema frå 2017: https://forum.arkivverket.no/topic/207135-nils-olson-1837-1908-frå-hafslo-i-sogn-til-haukenes-i-hadsel-huslyden-hans/?tab=comments#comment-1880204

vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi (eg attgjev frå manuskriptet mitt):

 

~~~~~~~~~~~~

 

e. Marie Sophie Nilsen, f. i Hadsel 22.9.1870, d. som enkje på Skagen i Hadsel 5.8.1959.  Marie gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – finn ikkje i Hadsel!!)

 

     med Carolius Christian Dahl Nicolaisen frå Elvestrand under Froskeland i Hadsel, f. i Hadsel 8.6.1866.  Han d. som gardbrukar på Skagen 6.4.1932.  Carolius var emisær for frikyrkja, og han og Marie var gardbrukarar på Gammelgarden, Skagen i Hadsel. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. (alle døypte i Frikyrkja!?):

            * Magny Karoline Nicolaisen, f. Hadsel 31.3.1897 – n. 1900/1910 – d. 7.4.1924 Hadsel

            * Anna Nicoline Nicolaisen, f. Hadsel 22.7.1898 – n. 1900/1910 – d. ?.3.1923 Hadsel

            * Rut Nicolaisen, f. Hadsel 9.6.1901 – n. 1910

            * Frode Johannes Nicolaisen, f. Hadsel 23.10.1902 – n. 1910 – d. 4.6.1923 Hadsel

            * Eilif Nicolaisen, f. Hadsel 27.9.1906 – n. 1910 – d. 19.1.1962 Oslo

            * Karsten Andreas Nicolaisen, f. Hadsel 18.4.1909 – n. 1910 – d. 8.8.1982 Hadsel

            * Norvald Arnold Nicolaisen, f. Hadsel 4.8.1910 – n. 1910 – d. 13.9.1988 Hadsel)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Carolius var emisær for Frikyrkja, men ein eller annan stad må jo han og Marie ha vorte gifte!  Er det mogeleg å finna ut av dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos

Som emissær i frikirka er det vel nokså sannsynlig at Carolius gifta seg i frikirka. Vesterålen hadde/har mange  frikirkemenigheter, men kirkebøkene deres er med få unntak enten gått tapt (for eks. Andenes) eller er ikke tilgjengelige.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan for ny melding!

 

Då er det so vidt eg forstår ikkje store sjansane for at me nokon gong vil finna eit svar på spørsmålet om denne vigsli, men i prinsipet skulle dei vel vera innførte som dissentarar ein eller annan stad, rimelegvis i Hadsel der dei båe hadde opphavi deira ifrå, og der dei alltid budde...?  Men eg finn dei i alle fall ikkje der...

 

So kvar skal me leita vidare...?

Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos
6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

So kvar skal me leita vidare...?

 

Carolius og Marie var uten tvil gift, det er realiteten. Vigselen deres er en formalitet i denne sammenhengen, vi veit den har skjedd, bare ikke tid og sted. Realiteten er hovedsaka, formaliteten er underordna.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan for siste kommentar!

 

Eg er samd med deg i at me alltid forskar etter «realitetar», og nøyaktige datoar og stadar for dei ulike hendingane er jo nettopp dei «realitetane» me leiter etter og fyller bygdebøkene våre med?  Ei sogeframstilling utan datoar og stadar ville for meg verta temmeleg «sogelaus».  At ei vigsle vart «formalisert», ser eg på som ei sjølvfølgje og eit prov for at ho verkeleg fann stad.  Me har fleire døme frå Amerika på at folk henta ut ei «marriage license» som dei aldri gjorde bruk av!

 

I dette tilfellet er den «formelle» vigsli tydeleg ikkje å finna nokon stad.  Det hadde vore svært so kjekt med ein dato på plass, særleg for ei so «ny» hending som denne vigsli tross alt var.  Men av og til lyt me leva med ein «realitet» og berre «stipulera» eit vigselsår med «kring».  Det same gjer me jo stadig vekk når me kjem til hendingar frå eldre tid, som ikkje «formelt» kan provast, som til dømes fødselsår frå periodar der kyrkjebøker òg manglar...!

 

Eg trur me er ganske so samde i denne saki, men eg vil framleis «jubla» kvar gong eg finn ein dato!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Magny Karoline Nicolaisen, f. Hadsel 31.3.1897 – n. 1900/1910 – d. 7.4.1924 Hadsel

            * Anna Nicoline Nicolaisen, f. Hadsel 22.7.1898 – n. 1900/1910 – d. ?.3.1923 Hadsel

            * Rut Nicolaisen, f. Hadsel 9.6.1901 – n. 1910

            * Frode Johannes Nicolaisen, f. Hadsel 23.10.1902 – n. 1910 – d. 4.6.1923 Hadsel

            * Eilif Nicolaisen, f. Hadsel 27.9.1906 – n. 1910 – d. 19.1.1962 Oslo

            * Karsten Andreas Nicolaisen, f. Hadsel 18.4.1909 – n. 1910 – d. 8.8.1982 Hadsel

            * Norvald Arnold Nicolaisen, f. Hadsel 4.8.1910 – n. 1910 – d. 13.9.1988 Hadsel)

 

Kan dette være Rut Nicolaisens dødsfall? Karsten Andreas Nicolaisen følger like etter: 

5758976 Ruth  Solvik  Tømmervik  0906  1901  2701  1983  0302  1983  05  001  Vis  Skagen nye Hadsel
5758977 Karsten Andreas  Nicolaisen  Skagen  1804  1909  0808  1982  1308  1982  05  002  Vis  Skagen nye Hadsel
5758326 Hans Norman  Solvik    0109  1894  0507  1941  1107  1941      19  010  Vis  Skagen nye Hadsel

 

 

Dødsfall 1941.jpg

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
På 5.5.2020 den 0.58, Lars E. Øyane skrev:

Anna Nicoline Nicolaisen, f. Hadsel 22.7.1898 – n. 1900/1910 – d. ?.3.1923 Hadsel

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002102335

Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A17 (1913-1925), Døde og begravede 1923, Side 179
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051104062154 

 


 

Link to post
Share on other sites
Johan I. Borgos
13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ei sogeframstilling utan datoar og stadar ville for meg verta temmeleg «sogelaus».

 

Men da blir jo det meste av historia vår "sogelaus"? Kirkebøkene dekker bare de siste tre hundre årene, mange steder mindre enn det, i tillegg er det ofte tvil om presten skreiv riktig dato, enten det gjaldt vigsel eller dåp.

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.