Jump to content
Arkivverket

OPL, "Gift Mand" Amund Pedersen.


Sigmund Steinsbø

Recommended Posts

Hei,

 

To jenter fødte i Oppland ;

 

1.       Berte Amundsdtr. f. 24.11.1887 i Fåberg.

(Nr. 1/1888 https://media.digitalarkivet.no/view/6087/60 )

 

2.       Mathea Amundsdtr. f. 21.08.1890 i Gausdal.

(Nr, 66 https://media.digitalarkivet.no/view/6096/31354/21 )

 

Berte emigrerte til USA, og blei gift der. Etter kvart kom barnebarnet Ann Mae Dxxxxx til.

 

Marte blei gift i Norge, og etter kvart kom tippoldebarnet Andreas Kxxxxxx til her.

(Eg har anonymisert etternamna av personomsyn).

 

Både Andreas og Ann Mae har DNA testa seg. Dei deler i alt 100cM, og lengste felles DNA blokk har dei på Kromosom1, frå posisjon 66,7 – 162,5 mill. Litt teknisk dette, men poenget er at dette treffet er heilt konsistent med at Berte og Mathea er halvsøstre, og at Amund Pederson er same «gift mand» i begge høva.

 

Bror til far min, - Gunnar og søstera hans, - Sigfrid og deler og DNA med Ann Mae og Andreas i same område, - frå 91 – 113 mill.  Med stort sannsyn har vi då ei felles anelinje som går saman med anane til  denne Amund Pederson. Første spørsmålet er om anane hans.

 

Det som gjer dette enda meir spanande, er at tre andre personar og har overlappande DNA segmentet med Ann Mae og Andreas; Else Wxxxx, Peder Lxxx og Anne Berit Hxxxx. Else og Peder felles ei felles tipp oldemor på austre Toten,  - Helene Marie Olsdatter f. 27.06.1840 Rognebyehaugen.

 

Helene Marie sine foreldre er Ole Evensen f. 04.02.1822 Røyse Nedre, og Johanna Maria Olsdatter f. 15.04.1819 Rogneby. Desse finn eg igjen som forfedre til Anne Berit. Ho kjem ned frå bror til Helene Marie, - Martinius Olsen f. 03.01.1850, Rogneby.

 

Som sagt, skal det med stort sannsyn finnast ei kobling mellom Amund Pederson, og Ole Evensen/Johanna Marie, ikkje mange generasjonar over dei.

 

Så om det er nokon som har info om anane til denne Amund Pederson, så er eg svært takksam.

.

(Eg har vore innom temaet tidlegare, men finn stadig nye samanhengar;

 

https://forum.arkivverket.no/topic/247271-opl-f%C3%A5berg-berte-amundsdtr-f-1887/ )

 

PS. Mange andre med same DNA, har anar tilbake til nord-Aurdal, utan at eg enno ser samanhengen til desse enno…

Link to comment
Share on other sites

???? - Amund Pedersen Sønstegaard 

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000001082906

Oslo fylke, Oslo politikammer, Kriminalavdelingen, FOTO, Forbryteralbum/Fangeprotokoll nr. 2 (1887-1891), Dokumentside, Side 5

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10011700020005 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000001177434

 

Oslo fylke, Botsfengslet, Fangeprotokoll nr. 24 (1886-1888), Protokollside, Side 88
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db10101603290092 
 

Link to comment
Share on other sites

Tusen takk Grethe.

 

Eg såg han var på straff då dottera Berte blei fødd. Fantastisk at du fann bilete.

 

Ellers, har du noko formeining om kva han sat for? Så vidt eg forstår, er det referert til ein lovparagraf i teksten under bilete.

Link to comment
Share on other sites

I protokollen Grethe har lenket til nederst, står det at han satt for tyveri. Det står også at han hadde ett ekte og to uekte barn.

Link to comment
Share on other sites

Hei Svein Arnolf,

 

eg såg Grethe hadde link til det eg spurte om, rett etter at eg hadde sendt spørsmålet.

 

det var interssant å få stadfesta at Amund hadde to born utanom ekstaskap. Det styrkjer teorien om at Bertha og Mathea er halvsøstre.

 

Om eg greier å dra anane til Amund Pederson saman med folka frå Toten, - Ole Evensen f. 04.02.1822 Røyse Nedre, og Johanna Maria Olsdatter f. 15.04.1819 Rogneby, så er mykje vunne.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.