Gå til innhold
Arkivverket

Vigselskunngjering 1924 for Martin Hamaren/Kinserdal og Amalia Måren? - finn ikkje denne vigsli nokon stad!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er ganske so fortvila etter at eg i svært lang tid har vore på leiting etter denne vigsli:

 

Martin Ingebrigtson HAMAREN eller KINSERDAL

fødd i Hafslo 14.10.1898

 

Amalia Bergesdotter MÅREN

fødd på Kyrkjebø 12.12.1886

 

Eg har fått oppgåve vigselsdatoen til 12.1.1924, og dei skal etter som dei seier ha gift seg på Kyrkjebø eller i Høyanger, men der finn eg dei ikkje.  Heller ikkje finn eg dei gifte i Hafslo.  Dei busette seg på Måren på Kyrkjebø og budde der levetidi ut.

 

Kan nokon, please, hjelpa me finna denne vigsli og kvar dei gifte seg?  Kan vigsli ha vore kunngjort i lokalpressa eller i Norsk Lysingsblad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Interessant er det å sjå at lysingi vart kunngjort av soknepresten i Lavik som den gongen femna om Lavik og Kyrkjebø sokner.  Hjå Digitalarkivet ligg berre klokkarbøkene for desse soknene føre, so sjølve kyrkjebøkene må framleis liggja hjå soknepresten/-prestane.  Kan det tenkjast at vigsler som skulle ha vore i desse soknene rett og slett ikkje vart førte i klokkarbøkene??

 

Eg lyt freista ta kontakt med prestekontori...

 

Eller er det nokon som har andre forslag?  Kan vigsli ha vore kunngjort i lokalavisa for Høyanger?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur det manglar kyrkjebøker for nokre av sokna i Lavik prestegjeld, slik som tettstaden Høyanger og sørsida av Sognefjorden.

 

Løysinga er då å leite etter kyrkjebokekstrakt i Folkemengdens bevegelse.

 

Redigert: Eg finn faktisk ingen andre sokn enn Lavik og Kyrkjebø i Folkemengdens bevegelse. Kyrkjebø her:

Sogn og Fjordane fylke, Annen kilde (1924-1924)
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/fb10061812954614
 

Lavik kjem rett etter.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for eit interessant innlegg!

 

Det var då svært so underleg at vigsli ikkje er meld i kyrkjebokekstrakti.  Kan dei vera komne på 1923 i staden?  Eg veit ikkje riktig korleis eg skal søkja i desse registeri frå Statistisk sentralbyrå...

 

Eit spørsmål i «nær slekt» med dette.  Eg saknar òg ei vigsle frå Nordhordland frå 1946, sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/247059-vigsel-i-eller-nær-austrheim-kring-1946-hjelp/

 

Går desse kyrkjebokekstrakti frå Statistisk sentralbyrå so langt fram i tid?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei er vel opna for gifte, døde og dødfødsler fram til 1927. For fødde til og med 1919. Det er skanna for seinare år, men desse er ikkje indekserte og er dermed heller ikkje opna for bruk.

 

Eg pleier å søkje f. eks. slik (eksempel):

https://media.digitalarkivet.no/db/browse?counties[]=14&start_year=1920&end_year=1930&text=folkemengdens+bevegelse

 

Og så må ein bla seg fram i den aktuelle protokollen. For 1924 inneheld den gifte, døde og dødfødde. Desse ligg i ulike bolkar, har ein f. eks. funne bolken for vigde ligg sokna etter kvarandre frå Sogn gjennom Sunnfjord til Nordfjord eller omvendt.

 

Kan Martin og Amalia ha blitt gifte ein annan stad, f. eks. i Bergen?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste meldingi!

 

Eg har sjølvsagt òg vore inne på tanken dei kan ha gift seg ein annan stad.  I Bergensbasen er dei IKKJE, men kanskje dei reiste til Vik eller til Voss?  Kan det lysast i eitt prestegjeld for so å verta vigde i eit anna?  Eg veit ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Kan det lysast i eitt prestegjeld for so å verta vigde i eit anna?

 

Det har eg funne mange eksempel på.

 

Eg ser at Martin og Amalie er nemnde i bygdeboka for Kyrkjebø:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008061304021?page=433&searchText=amalie

 

1926736594_Utennavn.thumb.jpg.5d9b20206eb5b018b3d04d9fa44ad338.jpg

 

580323800_Utennavn.jpg.c7c09e3519e1bd59f609e4e8dc6670df.jpg

 

Dottera Andrea Marie står som døypt 6/4 1924 i Kyrkjebø, #6:

Sogn og Fjordane fylke, Kyrkjebø i Lavik, Klokkerbok nr. B 4 (1914-1937), Fødte og døpte 1924, Side 30
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810030967

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget!

 

Eg ser at Ætteboki for Kyrkjebø (som eg òg har) oppgjev vigselsår 1923 for Martin og Amalia, so eg tenkte eg ville sjå etter i kyrkjebokekstrakti for det året, men dei vigde for 1923 er lagde inn i lag med fødde og er diverra sperra for innsyn...

 

Kvifor skal dei no gjera det so vanskeleg for oss...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Setter bare inn denne fra -  Bondebladet, Vestland, Bergen, 24.12.1923

Bondebladet.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Ikkje nokon tvil om at dette parfolket har gift seg!  No har eg sjølv søkt igjennom kyrkjebøkene for Vik, Vossestrand og Voss, men framleis utan å finna spor etter dei...

 

Kanskje har presten i Lavik rett og slett «gløymt» å føre dei inn?

 

Eg har forresten aldri høyrt om «Bondebladet Vestland»...  Kva tidsskrift er det?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

39 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har forresten aldri høyrt om «Bondebladet Vestland»...  Kva tidsskrift er det?

 

Det er berre den nye fylkesinndelinga frå 1/1 2020. Bondebladet kom tydelegvis ut i Bergen.

 

Tilgang
Tilgang for alle
Tittel
Bondebladet
Språk
Norsk | NOR
Kilde for metadata
mavis.nb.no (/TitleWork/key/17991645)
Medietype
aviser
Varig lenke

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_bondebladet_null_null_19231224_10_195_1

 

Redigert: Ser at det ikkje er snakk om medlemsbladet til Norges Bondelag:

 

https://no.wikipedia.org/wiki/Bondebladet_(avis)

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for oppklaringi...

 

Eg er nok for gamal vorten.  Eit nytt utslag av vanvittig oppførsel av politkararar...  Eg som gamal Geilo-bu er jo vorten «Vikje», eller skal me seia «Viking»!?  Eg får trøysta meg med at ei av dei eldste lokale vikinggravene ligg berre nokre hundre meter frå den gamle bustaden min...

  • Liker 1
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ministerialbok for Lavik sokn etter 1908 og Kyrkjebø sokn etter 1921 mangler på nett, så vigsel kan stå i en av disse bøkene, siden vigsel var i 1924.

 

OS

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Oddvar for siste meldingi!

 

Eg har observert nettopp dette problemet og har i ettermoiddag skrive ein e-post til kyrkjetenaren på Kyrkjebø, so får me sjå kva ho seier...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Endeleg har eg fått ei løysing på denne gamle «utfordringi»!  Originalkyrkjeboki for Kyrkjebø syner at denne vigsli er innført sist på året, men med rett dato og nummerert som første vigsli i året.  Dette tyder på at vigsli verkelge fann stad på Kyrkjebø, men presten må ha gløymt å føra ho inn i kyrkjeboki før mykje seinare!  Nummereringi av dei øvrige vigslene er endra deretter!  Hadde vigsli finne stad i eit anna prestegjeld, ville ho stått med «0»!

 

Nyttar høvet til å takka på ny for all bistand i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eldste barn, Andrea Maria f 5.3.1924. Då er foreldra gift, då mor ikkje er «gjenta», slik som gut f. 25.10.24 på s. 34.

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810030967

 eller: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030967.jpg

 

Men heller ikkje eg ser noko til dato og årstal for ekteskap i denne Klokkarbokji.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for kommentar!

 

Nei, det er tydeleg at klokkaren ikkje har kopiert denne vigsli i boki si.  Det kan jo tenkjast at soknepresten har føyd til vigsli fleire år etter...!  Det seier ikkje originalboki noko om...  Men hovudsaki er jo at opplysningi er kommi til rette!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.