Jump to content
Nasjonalarkivet

Mette Jørgine på Værøy - kva skjedde med ho etter 1910 - dato og stad for dødsfallet hennar?


Recommended Posts

Dette emnet tek utgongspunkt i tema #83983 som første gongen vart lagt fram i 1911: https://forum.arkivverket.no/topic/169317-83983-maria-hansdotter-1824-1912-og-johan-olson-1831-1895-gardbrukarar-på-værøy/?tab=comments#comment-1448879

 

og tek spesielt for eg eine dotteri der eg framleis søkjer etter lagnaden etter 1910:

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

c. Mette Jørgine Johansen, f. på Værøy 28.10.1858, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1910!)

 

     Mette gifte seg på Værøy 30.5.1889 med enkjemannen Jacob Andreas Andersson, opphavleg frå Bergsnov i Vefsn, f. i Vefsn 17.5.1851.  Han miste livet på sjøen ved Værøy 7.4.1891.  Jacob var fiskar, og han og Mette budde som strandsitjarar på Sørland på Værøy.  Dei fekk tre born i lag, men Mette hadde òg eitt barn frå før og to born som enkje.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

9 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

første gongen vart lagt fram i 1911:

 

Du mener vel 2011, Lars! 😁

 

Ellers kan jeg fortelle deg at oldemoren min var fra Mostad på Værøy! Født 1856. 

Edited by Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for siste innleggi!

 

Sjølvsagt tok du meg «på fersken».  Eg ønskjer meg stundom attende til den tidi, for då kunne eg spurt ut besteforeldre og delvis oldeforeldre om livi deira..., utan Corona...

 

Men akk, denne tidsmaskina er det ingen som har konstruert so langt...

 

Takkar på ny for alle gode tips om Mette Jørgine!

Det er ikke lett å lese de gamle trådene, fordi teksten ser ut som en sammenhengende tankestrøm. Men du har ikke klart å finne ut om Mette Jørgine kan ha flyttet til noen av barna sine? Hvis opplysninger om barna ikke har relevans for å finne mer om Mette Jørgine, er det ikke nødvendig å si noe mer om det her. 

 

 

  • 11 months later...

Innlegg #6:

 

Eg er no i siste sving for å gjera dette manuskriptet klart for prenting, og framleis saknar eg dette dødsfallet.  Mette er ikkje registrert mellom avlidne på Værøy 1910-1935, so truleg har levd lenger?

 

Men er det mogeleg å finna ein dato og stad for dødsfallet hennar?  Er ho i basen for DIS-Noreg?  (Eg kjem ikkje inn...)

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Innlegg #7:

 

Heisan, eg fann nettopp Mette i FT1920 for Værøy, men då har ho fått ættenamnet Andersen, som jo er korrekt:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074278000644

Edited by Lars E. Øyane

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.