Gå til innhold
Arkivverket

Innvik SF - kvar vart det av borna til Anders Johanson Hopland, f.Lote - død 1734?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg prøver med eit nytt spørsmål frå dette området - i håp om at nokon kan bidra med eit kvart. 

Utgangspunktet er Anders Johannesson Lote, f.1695, som rundtom 1710 gifta seg med ei sannsynlegvis mykje eldre enkje, Ragnhild Olsdtr Hopland; enkje etter Torbørn Abrahamson Hopland, f.Gimmestad. Planen var vel sikkert at ho skulle døy fort så han kunne gifte seg på nytt - og det gjorde ho; allereie ca 1714 får han dottera Ragnhild med si kone nr 2, Anne Jonsdtr Ladehaug, som nok også var eldre enn han (f.før 1689).

 

Anders Johannesson Hopland døyr 39 år gammal i 1734, og det er halde skifte etter han. (Unge-Jo-bruket, Utitun).

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/408/

 

Han etterlet seg enkja Anne Jonsdtr - og då kjem fyrste spørsmålet mitt:  Bygdeboka for Innvik/Stryn seier at ho er død før 1750. Kva kan vere kjelda til det?

 

Han etterlet seg også 4 born:

 

- Johannes Andersson, 10 år - dvs f.ca 1724. Er det nokon som veit kvar det vart av han? Mistanken går mot Johannes Andersson Gald, død 1768, men eg har ikkje noko endeleg bevis. 

- Ragnhild Andersdtr, 16 år, dvs f.ca 1718. I følgje bygdeboka overtok ho bruket etter faren, og vart gift med Jon Pederson Teigen. Også i følgje bygdeboka døydde ho allereie i 1744 - men eg finn ikkje kjelda for det. Utitunsbruka høyrde til Gloppen, men eg finn ikkje ei slik innførsle i kyrkjeboka. Nokon som veit dette?

- Anne Andersdtr, 14 år, dvs f. ca 1720. Kvar vart det av henne? REDIGERT: Eg har grunn til å tru at det er ho som gifter seg med Kristen Andersson Sølvberg i 1750. Dei får sonen Anders i 1751; der er Johannes Gald fadder - og dottera Marte i 1753; der er Brite Bersveinsdtr Gald fadder - og Brite er gift med den nemnde Johannes. Dette peikar mot at Johannes Hopland = Johannes Gald, men eg likar ikkje å byggje berre på indisie.

- Kari Andersdtr, 9 år, dvs f. ca 1725. Kvar vart det av henne?

 

Det hadde vore stas om nokon hadde meir informasjon om noko av dette.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 15.5.2020 den 22.52, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

- Johannes Andersson, 10 år - dvs f.ca 1724. Er det nokon som veit kvar det vart av han? Mistanken går mot Johannes Andersson Gald, død 1768, men eg har ikkje noko endeleg bevis.

 

Barbra, 1752

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005064261

https://media.digitalarkivet.no/view/11506/8

 

Anders, 1754

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005064822

https://media.digitalarkivet.no/view/11506/15

 

Bersvend, 1757

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005065665

https://media.digitalarkivet.no/view/11506/24

 

Christen, 1766

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005068437

https://media.digitalarkivet.no/view/11506/65

 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000055610

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 15a (1766-1770), Skifteprotokollside, Side 379b-380a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670963 

 

I skiftet etter Johannes Andersen Gald er det også nevnt en datter Anne, gift med Rasmus Andersen - her er giftermålet:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000000964

Jeg oppfatter da Anne som eldre enn søsteren Barbra, som er 17 år ved farens død - mulig oppkalling etter Anne Jonsdatter Ladehaug?? 

 

Jeg ser også at enken Berthe Bersvendsdatter Gald gifter seg på nytt i 1777 med en enkemann:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000001422

 

Her vel giftermålene til barna til Johannes Andersen Gald - det er to sønner Anders, noe som også stemmer med skiftet:

https://www.digitalarkivet.no/search/99/11506?forenamn=&etternamn=johannes*&kjonn=&rolle=&stilling_stand=&bustad=gald&fodestad=&fodselsaar=&fodselsdato=&alder=&aar=&vidato=&trdato=&sokn_kyrkje=&vistad=&lysning=&konfirm=&altergang=&vaksin=&tidl_gift=&ektesknr=&merknader=

 

Jeg ser også at det dør ei enke Anne Jonsdatter på Gald i 1762, 72 år gammel, f. ca. 1690. 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461472 

Sogn og Fjordane fylke, Innvik, Olden, Utvik, Nedstryn, Loen, Oppstryn i Innvik, Ministerialbok nr. A 1 (1750-1816), Døde og begravede 1763, Side 304
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640510 
En hypotese kan være at dette er enken etter Anders Johannesen Hopland. Hun har flyttet til Gald, hvor sønnen Johannes er gift og bosatt....???

 

 

 

Til slutt skal det sies at jeg er absolutt ingen ekspert verken på geografi eller slektskapsforhold i Innvik og har heller ikke noe annet enn spørsmål og hypoteser å komme med...! 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 15.5.2020 den 22.52, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

- Ragnhild Andersdtr, 16 år, dvs f.ca 1718. I følgje bygdeboka overtok ho bruket etter faren, og vart gift med Jon Pederson Teigen. Også i følgje bygdeboka døydde ho allereie i 1744 - men eg finn ikkje kjelda for det. Utitunsbruka høyrde til Gloppen, men eg finn ikkje ei slik innførsle i kyrkjeboka. Nokon som veit dette?

 

Er dette Jon Pedersen som dør på Hopland i 1784?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000462695

 

Hvis jeg oppfatter det lille som står i bygdeboka, så var Jon Pedersen gift tre ganger. 

 

Dødsfallet til Birthe Eriksdatter i 1773:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000462141

Skifte??

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 15b (1770-1774), Skifteprotokollside, Side 835b-836a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201610354 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 15b (1770-1774), Skifteprotokollside, Side 836b-837a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201610355 
 

Giftermål nr. 3:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000001229

Dødsfallet til Eli Hansdatter, 1796

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000463225

 

 

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012031324061

 

Jon Pedersen.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for nyttige innspel, som alle byggjer opp under teorien min om at Johannes Hopland = Johannes Gald.

Spesielt interessant var dødsfallet til Anne Jonsdtr, det hadde eg ikkje funne sjølv - og der er ingen andre passelege Anne'r på Gald på denne tida.

 

Johannes Gald si etterslekt har eg kontroll på; det var opphavet som var vanskeleg. Bygdeboka føreslo at han var frå Roset, men det finn eg ingen grunnlag for å tru.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Jon Pedersen Hopland:

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 17 (1781-1785), Skifteprotokollside, Side 539b-540a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201630543 
 

Else Hansdatter:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000058123

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 20a (1795-1799), Skifteprotokollside, Side 150b-151a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201650809 

 


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.