Gå til innhold
Arkivverket

Maria Johannesdotter Moe Aarøen, fødd i Hafslo 1875 - døydde i Lavik på 1960-talet? - kva var dødsdatoen hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i årevis freista finna ut av dødsfallet til denne jenta frå Hafslo:

 

Maria Johannesdotter MOE, fødd i Hafslo 22.12.1875.  Ho gifte seg «godt vaksi» i Sogndal 9.7.1919 med enkjemannen Anders Erikson AARØEN, fødd i Sogndal 20.4.1865.  Dei budde i Sogndalsfjøra, men Anders døydde på gamleheimen i Sogndal 28.8.1942.

 

Maria levde att som enkje i 1942, men dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Sogndal.  No har eg nettopp fått greie på at ho på sine «gamle dagar» skal ha flytt til Tronvika på Kyrkjebø, Lavik og døydde i svært høg alder, truleg på 1960-talet.

 

MEN, eg kan ikkje finna ho i dødslistene for Noreg som børjar kring 1951, so no lurer eg på om kanskje andre har betre leiteteknikkar enn meg?

 

Eg ville setja stor pris på å få greie på dato og stad for dødsfallet hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Æ gikk på gymnaset i Harstad på 80 tallet med ei tøtta  der forfedran kom fra vest

 

A.B.Aarøen het ho Bibbe

 

De va her 2-3 generasjona før ho

 

Odd Tømmerås

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd og Sven for nye spennande innlegg!

 

Familie Aarøen i Harstad har eg ingen kjennskap til.  Dei hadde nok opphav frå Sogndal...

 

Når det gjeld Maria Aarøy frå Gulen, som døydde i 1957, KAN det vera «vår» Maria, men fødselsdatoen stemmer ikkje heilt...  Denne Maria vert oppgjevi fødd 5.10.1874, men no finst det ikkje nokon Maria fødd på den datoen, korkje i Hafslo eller i Sogndal, so sjansane er vel ganske gode for at det er ho!

 

Me lyt sjekka med kyrkjekontoret i Gulen!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for ny melding om denne saki.

 

Me skal aldri seia aldri, men eg lyt tilstå eg har sterk tvil på om det kan vera Marie Westerlid me leiter etter.  Men me kan ho i tankane dersom Maria Aarøy i Gulen ikkje skulle slå til...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

41 minutter siden, Jon Sværen skrev:

Dødsannonser i Bergens Tidende 17. og 20. juli 1961

bilde.png.ead82fe53313096814e471e3c5516bd6.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Då veit me at Marie Westerlid IKKJE kan ha vore «vår» Maria Johannesdotter, og me lyt vona vidare på jenta frå Gulen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for ei endeleg stadfesting av at Marie Westerlid er eit «blindspor»!

 

No har eg bede ein ættling av Maria om å ta kontakt med kyrkjekontoret i Gulen, so får me sjå kva resultat det gjev....

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

So har me endeleg fått ei stadfesting av at det var «vår» Maria Aarøy som døydde i Eivindvik, Gulen 5.10.1957.  Ho budde mange år på Tronvika sjukeheim på Kyrkjebø, men døydde altso i Eivindvik.  Gravferdsmessa vart halde i Eivindvik, men ho er ikkje gravlagd, korkje i Gulen eller på Kyrkjebø!  Merkeleg.

 

Men problemet er i alle fall løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.