Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gertrude Sailor, f. Newgard (1890-1972), fråskild, og Elmer Elbert Crone (1891-1944), likeins fråskild - vigde på 1920-talet - truleg i Indiana, men eg finn dei ikkje! - kvar er vigsli deira innført?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Posted (edited)

Eg har i fleire år vore på leiting etter Gertrude Sailor og Elmer Crone, men til tross for at det hjå ancestry finst eit svært godt vigselsregister for Indiana, kan eg ikkje finna dei!

 

No er Brukarforum siste sjanse...

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

b. Gertrude Marian Newgard, f. i Faribault Co., Minn. 24.8.1890, d. i South Bend, Ind. 20.11.1972.  Ho gifte seg første gongen i Blue Earth, Minn. 31.12.1908 med Perry Miller Sailor, sidan kjend som Robert Perry Sailor, f. i Elkhart Co., Ind. 12.7.1888.  Han d. i Tri Lakes nær Columbia City, Ind. 28.3.1954.  Perry og Gertrude farma ei tid med foreldri hans i Ontwa township, Cass Co., Mich., men flytte hausten 1912 til South Bend, St. Joseph Co., Ind. der Perry var restaurant- og hotelleigar («restaurant and hotel proprietor»).  Dei vart skilde kring 1919, men Perry, sidan kalla Robert, gifte seg att fleire gongar og heldt fram som restauranteigar i South Bend, St. Joseph Co., Ind. og frå 1926 i Tri Lakes, Whitley Co., Ind.  Gertrude gifte seg att

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her 2nd marriage? – 1920’s)

 

     med Elmer Elbert Crone, som òg hadde vore gift før.  Han var f. i Morgan Co., Ind. 1.9.1891 og d. i South Bend, Ind. 19.3.1944.  Elmer var maskinist og fabrikkformann («machinist and auto factory foreman»), og han og Gertrude budde i South Bend, St. Joseph Co., Ind.  Gertrude fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet, medan Elmer hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit interessant innlegg!

 

Denne obituary'en har eg ikkje sett før!

 

No har eg vore inne og bladd i newspapers.com for South Bend, IN, og eg har oppdaga at Gertrude Sailor var ganske aktiv i en lokal «kvinneklubb» kalla Bee Hive Club i byen.  Siste gongen ho er nemnd under namnet Gertrude SAILOR er 11.2.1925 då ho flytte frå 629 South Bend Ave. til 715 South Scott Street:

 

 

Og første gongen eg finn ho nemnd som Gertrude CRONE er i avisa frå 27.3.1925:

 

 

 

Soleis må vigsli ha finne stad innanfor desse seks vekene i 1925 - kanskje dei gjorde på den «lettvinte» måten med ei «common-law» vigsle?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Der fekk me på plass det nøyaktige året for dette skilsmålet, so manuskriptet ser stadig betre ut.  Berre so underleg med denne vigsli, som ikkje finst...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.