Jump to content
Arkivverket
Eli Tyvold

Ole Pedersen Tyvold - Bru/Kinn Sogn og Fjordane/Vestland

Recommended Posts

Eli Tyvold

Lensmann Peder Larsen Tyvold (1752-1829) frå Bru/Kinn Flora Sogn og Fjordane, No Kinn i Vestland

Var gift tre ganger og fekk tilsammen 10 barn. 

Eg har ikkje klart å finne ut kva som skjedde med alle. 

Veit nokon noe om desse? 

 

Anne Lovise Olsdatter Tyvold, døypt den 24.4.1817

Petter Olai Olsen Tyvold fødd 20.10.1819

Lars Olai Olsen Tyvold fødd 12.3.1828

Marte Lovise Elisabeth Olsdatter Tyvold, vart fødd den 17.11.1833 på Tyvold.

Throne Lydia Olsdatter Tyvold, vart fødd den 15.6.1839 på Tyvold.  

 

 

OLE PEDERSEN TYVOLD

Tyvold

Ole Pedersen Tyvold tok som eldste son over eigedommen på Tyvold etter sin far lensmann Peder

Larsen Tyvold.  Ole ble døypt 15.1.1792. Han døyde i 1854. Han var gift tre ganger: 

 

Første ekteskap

Med Marte – 7 barn  

Den 18.2.1817 gifta Ole seg med Marte Lovise Andersdatter Nordal fødd 1792 og død 1832. Ole og Marte var søskenbarn

Marte og Ole fekk sju barn

·         Anne Lovise Olsdatter Tyvold, døypt den 24.4.1817

·         Petter Olai Olsen Tyvold fødd 20.10.1819

·         Petronelle Olave Olsdatter Tyvold fødd 7.4.1822. Død 13.3.1836 bare 14 år gammel.

·         Peder Andreas Olsen Tyvold fødd 14.10.1823 og gift 4.6.1856 med enke Gjerke Sortevik fødd i Stavang den 6.7.1817 av foreldre Einar Ivarsen Stavang fødd kring 1773 og død 1834 og Trine Andersdatter N. Standal fødd kring 1779 og død 1864 (Trines mor var Lucie Torsteindatter Standal fødd Høydal) Gjerke var først gift 11.7.1841 med Anders Pedersen Sortevik fødd kring 1818. I folketellingen 1875 er Gjerke nemt som kårkone si Svortevik, det er hennes sønn som har gården

·         Maren Dortea Olsdatter Tyvold fødd 9.10.1825. Ho gifter seg med Anders[1] Jochum Pedersen Løvik. De får 11 barn. Dotter deira Henrikke gifter seg med son til søstera Trin, søskenbarnet Peder Salamonsen Tyvold.

·         Lars Olai Olsen Tyvold fødd 12.3.1828

·         Trin Johanne Olsdatter Tyvold fødd 13.5.1830. Ho vart gift med Salamon Olsen Engebø[2].

Salamon tok namnet Tyvold og tok over på eigedommen på Tyvold, sjå under.  

Marte Lovise Andersdatter Nordal døyde den 16.10.1832.

 

Andre ekteskap

Med Grete – tre barn

Ole gifter seg for andre gong, før 1833 med Grete Maria Kristiansdatter, fødd på Arekletten[3] i Naustdal og døypt der den 12.1.1805. Ho var dotter av Kristian Madsson Kråkenes og Trone Motensdatter Jonstad.   Familien hennar[4] flyttar etter kvart til Skjærlid.

 

Ole og Grete fekk tre barn på Tyvold.

 

·         Marte Lovise Elisabeth Olsdatter Tyvold, vart fødd den 17.11.1833 på Tyvold.

·         Nils Olai Olsen Tyvold fødd 31.3.1837 og gift 21.7.1877 med Anne Catrine Olsdatter Sortevik fødd 1856. Ho var dotter av Ola Erikson Kinna[5] og Anne Sophie Ellingsdatter Hegrenes. De budde i Florø og hadde ei dotter som hetter Laura Olefine Nilsdatter Tyvold fødd 14.8.1877

 

·         Throne Lydia Olsdatter Tyvold, vart fødd den 15.6.1839 på Tyvold.  

 

Grete Maria dør 12.8.1842. Ho var da 36 år gammal.

Ved folketeljinga i Flora i 1885 budde Nils Olsen Tyvold i Florø saman med kona Anna og dotter deira Laura Tyvold som da var 8 år gammal. Nils hadde ikkje arbeid ved denne folketeljinga. Vi finn vidare Nils Olsen Tyvold og kona Anna i leid hus i Strandgaten i Florø ved folketeljinga i 1910. Nils er da sysselsatt som hermetikkarbeider.  Anna med husgjerning. 

Dotter deira Laura Olefine Nilsdatter Tyvold gifta seg med Sigurd Salamonsen frå Helgeland.  Han var fødd 28.12.1877. Familien budde i leid hus i Havnegaten i Florø. Ved folketeljinga i 1910 hadde dei fått to døtre:

Liv Salamonsen fødd 26.1.1904

Solveig Salmonsen fødd 31.1.1906.

 

Tredje ekteskap

Med Anne Margrete

 

Ole ble gift 20.8.1846 med Anne Margrete Sørensdatter Stavang. Ho er datter av Søren Simonsen Stavang. Det var ikkje barn i dette ekteskapet. Ole dør den 13.6.1854 på Tyvold.

 

 

[1] Sjå Askvoll Bygdebok band III side 35-35 a-k

[2] Familien flytta seinare til Leknes.

[3] Sjå Naustdal Bygdebok band I side 626.

[4] Sjå Askvoll Bygdebok band III side 166 -23a

[5] Sjå stykket om «fire brødre frå Førde» og «Svortevikholm» 106-2 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torodd Kinn

Hei, Eli

 

Først i innlegget ditt skriv du "Peder Larsen", men du meiner "Ole Pedersen"?

 

Marte f. 1833 gifta seg med Bertel Pedersen Løvik i 1855:

SAB, Førde Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7, 1843-1860, s. 417
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070613620568

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Eli Tyvold
40 minutter siden, Torodd Kinn skrev:

Hei, Eli

 

Først i innlegget ditt skriv du "Peder Larsen", men du meiner "Ole Pedersen"?

 

Marte f. 1833 gifta seg med Bertel Pedersen Løvik i 1855:

SAB, Førde Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7, 1843-1860, s. 417
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070613620568

 

 

40 minutter siden, Torodd Kinn skrev:

Hei, Eli

 

Først i innlegget ditt skriv du "Peder Larsen", men du meiner "Ole Pedersen"?

 

Marte f. 1833 gifta seg med Bertel Pedersen Løvik i 1855:

SAB, Førde Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7, 1843-1860, s. 417
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070613620568

 

Peder var faren til Ole 

Eg meiner barna til Ole

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gunnar Sigdestad

Litt på sida, men lensmann i Eid, Jacob Tyvold, f. 1820 i Kinn, var son til Ludvig Pedersen og Bolette Jacobsdatter, og Ludvig var vel bror til Ole.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.