Gå til innhold
Arkivverket

Skifte, MR, Herøy, Leikanger/Leganger 1811 (Knud Corneliuss. Skaret, Vanylven)


Hasse Teigen
 Del

Recommended Posts

Hei godtfolk,

 

Eg lurer på om nokon har tid og ork til å hjelpe meg med tyding av eit skifte som kanskje kan rive ein vegg eg ofte har stanga i dei siste åra.

 

SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0003: Skifte- / Skifteutloddings- / Skifteslutningsprotokollar, 1806-1812, s. 272a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127660276 

Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090127660276.jpg

 

Eg har gjort eit forsøk, men forstår berre akkurat nok til at eg blir frustrert over å ikkje kunne tyde resten:

Anno 1811, [Tirsdagen?] den ... Maji ... ... .......
lige ...... .... og ........... ..... ........
for Wandelvens ........ ...... ....... ...
.... [skifte?] ..... ... paa ........ Gaarden 
Leganger i Rovde [Skibrede?], og 
                             ...........
..... Rasmus Jonsen Skare ... Wandelven
Skibrede, [som?] .... .... ... ...... .......
Knud Corniliussen ... . ..... ... [1808?]
[Bergen/Bergens?] .... .... ... ...... [begiærede?]
... .... ........ [midler?] ...... .......
..... ..... ......  ...... ........... til-
........... ....... og [udlodning?] ..........
.... ...... ...... [arvingene?], ..... .......-
...... ...... ... .... ........, [navnelig?]:
1. den afdödes efterladte Enke Kari Jonsdat.
2. Eldste Sön Cornelius Knudssen ?aa gl.
   og ... ...... Formÿndere .. ..........
   sat og angifne Halvor Andersen Sundal
3. Yngste Sön Johannes Knudsen [3?] aar
   gl. og ... ..... Formyndere [nafnlig?]
   Rasmus Jonsen Skore.------
......... .......... L.......enken[?]
.. [Skiftebrev?] ......... paa Gaarden Skore,
..... [den afdøde?] .......... Corneles
Torssen og .......... Kari Knudsdatt.
...... ... Anno 1809, [dateret?] 22:Julii
samme Aar, ...... ......

 

Knud Corneliuss. og Mari Jondtr. gifte seg i flg Bygdeboka for Vanylven i 1802 s.429, men eg har ikkje funne vielsen eller informasjon om Knud sin død i noko kyrkjebok. Eg har heller ikkje funne ut noko om kvar eller kor tid Mari var fødd. Om det er Kari og ikkje Mari som står i skiftet, har eg kanskje leita etter feil namn? Og dø Knud i Bergen i 1808? Kvifor skiftast det på Leikong/Leganger i Herøy når dei budde i Skaret i Vanylven? Kor gamle er sønene i 1811 (bygdeboka seier at Jens (Johannes i skiftet? Jens død og Johannes ein tredje son?) var fødd 1803 og Cornelius fødd i 1804), og kvar kan dei vere døypte?

 

Eg har stått fast så lenge, og har så lite informasjon om denne familien, at alt av namn, gardsnamn og detaljar er av stor interesse. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Hasse.

 

Her er eit samandrag av innholdet i skiftet.

Avdøde Knud Korneliusen Skare som «i forige Aar døde i Bergen», i live enkja Kari Jonsdatter, no gift med Rasmus Jonsen Skare, og to felles born: 1. Kornelius Knudsen med formyndar Halvor Andersen Sundal og 2. Johannes Knudsen, 3 år med formyndar stefaren Rasmus Jonsen.

 

I skiftet vert det vist til skiftet etter Knud sine avdøde foreldre Kornelius Torsen og Kari Knudsdatter Skare

SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0005: Skifte- / Skifteutloddings- / Skifteslutningsprotokollar, 1808-1815, s. 20b-21a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090127670022

avdøde ektefolk Kornelius Torsen og Kari Knudsdatter Skare. Arvingar er fem felles born: 1. Knud Korneliusen, 30 år, oppheld seg i Bergen, 2. Tore Korneliusen, 23 år med Curator Iver Isaksen Kroken, 3. Matias Korneliusen, 21 år med Curator Arne Larsen Bakken, 4. Elie Korneliusdatter, 25 år med formyndar Matias Rasmussen Kroken og 5. Marte Korneliusdatter, 18 år med formyndar Arne Larsen Bakken.

 

Leganger som du sjølv viser til var tingstaden Leganger for dåværande Rovde skibreite. Skiftet vart nok utført der pga. at Knud var avdød i Bergen og ein måtte "verifisere" at dette var tilfelle og at Kari og borna var rette arvingar etter han.

 

Eg må springe på jobb no, skal sjå om eg kan finne meir til deg i ettermiddag.

Endret av Morten Sylte
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Morten Sylte skrev:

Her er eit samandrag av innholdet i skiftet.

Avdøde Knud Korneliusen Skare som «i forige Aar døde i Bergen», i live enkja Kari Jonsdatter, no gift med Rasmus Jonsen Skare, og to felles born: 1. Kornelius Knudsen med formyndar Halvor Andersen Sundal og 2. Johannes Knudsen, 3 år med formyndar stefaren Rasmus Jonsen.

 

Morten finn kanskje ut dette sjølv, når han får sett meir på det:

Det står vel ikkje(?) her at Rasmus er  gift med enkja.

Rasmus Jonsson (formyndar for yngste son) er "den afdødes stiffader" - altså Knut sin stefar, ikkje Johannes sin. 

Det kan naturlegvis vere feilskrive. 

Enkja sitt namn er minst 3 gongar tydeleg skrive "Kari"  (Ikkje Mari, som i bygdeboka).

 

 

 

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har heilt rett, Ivar, det står som du konkluderar i skiftet. Einig i det. Gjekk litt raskt i sekstida i dag tidleg. Setninga "no gift med Rasmus Jonsen Skare" burde ikkje vore skriven som den står over sidan det var eit samandrag av skiftet. Konklusjonen at Rasmus er gift med Kari/Mari er ein eg har trukke på bakgrunn av anna kjelde (sjå under) samt skiftet som eg ref. til ang. dei avdøde foreldra til Knud i 1809. Samandraget er brukt i eit privat dokument.

 

At Rasmus Jonsen var gift med Knud sin enkje ved tidspunktet for skiftet i 1811 er heilt på det reine, kopisten som skreiv inn skiftet i skifteboka har som du antydar, Ivar, skrive feil. Vielsen av Rasmus og enkja Mari/Kari sjå kyrkjeboka under - folio 125a, dato 15 juli 1810.

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0002: Ministerialbok nr. 501A02, 1760-1816, s. 125
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829610207

"d 15: July Copul: U: K: Rasmus Jons: Berge og Enche Mari Jonsd: Schare"

som kanskje er kjelda til at Håkon M Fiskå og seinare R. Emil Sæther kalla enkja for Mari og ikkje som skiftet - Kari.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje heilt noko du spørr etter kanskje men kjekt å ha lell ...

 

Skøytet til gården Skare frå 1778 til Kornelius

sjå folio 392b, utkryssa innføring ovanfor talet "1239"

SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/L0006: Pantebok nr. 4B, 1778-1782, s. 393
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20080929680137

 

Kiendes Jeg underskrevne Jahn Herman Hagerup og hermed

for alle Vitterlig Giør at jeg med min Hustrues Samtykke, haver Solgt

og afhændet ligesom jeg i kraft af dette mit skiøde aldeles Sælger skiøder

og afhænder til Velagte Kahrl Cornelius Thorsen Sandviig fra Nordfiord, Gaarden

Schare beliggende i Wandelvens Skiibreede skylder 1 pd: 3 marker fiskes Leye og da den

accorderede Kiøbe summa meg er betalt ....

Datert 10 october 1778

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Morten og Ivar! Berre det at Knud dø i Bergen leidde meg til nye funn og opplysningar.

 

Knud si begraving 29.mars 1809 på St.Jørgens kirkegård fann eg på SAB, Domkirken Sokneprestembete, H/Haa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1776-1821, s. 153

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306660437 

image.thumb.png.be8d730148fd28e5b3d5a848301d543c.png

29de, Knud Corneliussen Scharre .... .... udj Wandelvens [prestegjeld død 25te?] ..... 11 Rode 51. 1[mann} - 30[år].

 

Eg var innom og søkte på pasientar på St.Jørgen utan å finne han.

 

Fann så vielsen til Knud Corneliusen Skarret og Maria Johnsdatter Flotterejd 3.nov 1805 i Domkirken i Bergen, (Så då leitar eg nok vidare i Gloppen etter Maria) 

SAB, Domkirken Sokneprestembete, H/Haa/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1725-1826, s. 151

Brukslenke for sidevisning:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070306660622

 

Eg finn også sonen Cornelius Knuds. døypt 1.des 1805 i Domkirken: SAB, Domkirken Sokneprestembete, H/Haa/L0004: Ministerialbok nr. A 4, 1763-1820, s. 352 (Redigert: Når sonen Cornelius vert døypt står Knud ført som "Matros".)

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650745

 

Tusen takk igjen for hjelpa!

 

 

Endret av Hasse Teigen
Tilføying
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo glimrande, nye opplysningar for meg og. Sjølv takk for det.

 

Eg har ikkje slektsband til Knud eller Kornelius, men Vanylven har planar om ny slektsbok ettersom eg forstår. Difor er alle slike opplysningar kjærkomne.

 

Her er forrøvrig Knud sin dåp i Vanylven. Sjå v.s. den 22 Aug.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070829610118

 

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Det står vel ikkje(?) her at Rasmus er  gift med enkja.

Rasmus Jonsson (formyndar for yngste son) er "den afdødes stiffader" - altså Knut sin stefar, ikkje Johannes sin. 

Det kan naturlegvis vere feilskrive. 

Enkja sitt namn er minst 3 gongar tydeleg skrive "Kari"  (Ikkje Mari, som i bygdeboka).

Tusen takk Ivar. Det er rart at namnet er feilskrive konsekvent. Men eg er frista til å tru at Mari (frå bygdebok og kirkebok) og Kari (i skiftet) Jondtr. er same person. Skiftet er også uklart når det gjeld Rasmus Jonsson si rolle og eg mistenkjer at det kan ha gått litt fort i svingane for skrivaren?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er meir underleg her.... 

Dersom Rasmus var gift med enkja før skiftet, var ekteskapet knapt nok gyldig.

 

Kristian Vs Norske Lov 5-2-13: "Ingen Enkemand, eller Enkeqvinde, maa indlade

sig i nyt Egteskab, førend der er holdet rigtigt Skifte med den Afdødis Børn, eller Arvinger."

 

Det kan naturlegvis tenkjast at det har vore eit skifte tidlegare, eller at dei har kongeleg løyve til å gifte seg før skiftet er i orden.

Eller at dei ikkje tok det så nøye?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Hasse Teigen skrev:

Fann så vielsen til Knud Corneliusen Skarret og Maria Johnsdatter Flotterejd 3.nov 1805 i Domkirken i Bergen, (Så då leitar eg nok vidare i Gloppen etter Maria) 

SAB, Domkirken Sokneprestembete, H/Haa/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1725-1826, s. 151

Brukslenke for sidevisning:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070306660622

 

Eg manglar lagnaden til ei Mari Jondtr Fløtre i basen min - fødd 1769, dotter til Jon Larsson d.e. og Mari Nilsdtr Fløtre; ho er siste gong observert i Gloppen i folketellinga 1801, tenestejente på Bergheim. Det er sannsynlegvis henne du har føre deg her.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Har i kveld "pønska" litt vidare på opphavet til Kornelius Thoresen Skaret med opphav "Sandvik i Nordfjord" og faktisk funne ut kvar han kom frå.

 

"Beviset" finn ein i skiftet etter systera hans ved namn Barbra Thoresdatter og som var gift med Erik Johannessen Erdal i oppstryn - https://www.digitalarkivet.no/sk20081201650219. Her vert opprekna «yngste Broder Cornelius Thorsen, fuldmyndig gift og boende paa Gaarden Schare i Wandelvens Skibrede»

 

Foreldra til desse to syskjena var Thore Matiasen og hustru Eli Sjursdatter Sandvik, også det i oppstryn sogn av Innvik prestgjeld. Skiftet etter Thore frå 1776 - https://www.digitalarkivet.no/sk20081201620298

 

Aaland: https://www.nb.no/nbsok/nb/d84499a32dcf1cec17d99b13f139a125?index=10#371

 

Kornelius sin vielse til Karen/Kari Knudsdatter Brekke i 1778 - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000001469

 

Foreldra hennar er truleg Knud Absolonsen og hustru Marte Haagensdatter Brekke, hennar skifte frå 1762 nemnar dattera Kari då 10 år gml. - https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670003. Kan ikkje vere heilt sikker i og med at eg ikkje har funne konkret verifikasjon. Men svært truleg!

 

Aaland: https://www.nb.no/nbsok/nb/d84499a32dcf1cec17d99b13f139a125?index=10#383

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt jobba, men eg må få arrestere deg litt - Eli var ikkje mor til alle borna. Vi har eit skifteutdrag i 1738 som viser at Tor har vore gift med Synnøve Ingebrigtsdtr fyrst; her står nemnt døtrene Brite og Barbrå.

 

SAB, Nordfjord sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 46
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620625

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heilt greitt å verte arrestert når det gjer ei god sak enno betre 😉

 

Til mitt forsvar so hadde eg vel ikkje nokon stor grunn til å mistenke anna enn at Kornelius var heilbror på bakgrunn av skifta eg fann 😇 🤨

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, absolutt ikkje. I det fyrste skiftet ser alle ut til å vere like heile sysken, og i det andre står det "mandens børn" som om Eli ikkje er mor til nokon av dei. Tor/Synnøve er forfedre til borna mine, så eg har studert dette litt ekstra av den grunn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vel vere nyttig å minne om at skifte er mest pålitande når det gjeld arvingar;

og kan vere litt mindre nøyaktige om foreldreskap/slektskap som ikkje påverkar arven.

Likeins kan opplysningar om arvingar til insolvente bu vere so som so; det er ingen arv å påverke eller fordele.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Store barnlause skifte er som julekvelden, særleg i levande live med to ektefeller - så sant der er verdiar å hente. Vonbrotet er tilsvarande stort når ein kjem til orda "men siden...." og innser at ingen namn kjem til å bli nemnde.

 

Men ja, kvaliteten på opplysningane kan variere. Det er også viktig å minne om at opplistinga i starten av skiftet kan vere ufullstendig, så ein må gå gjennom utloddinga også for å vere trygg på at ein har fått med alle. Av og til er det berre gløymt eit namn, medan det andre gonger er kome til fleire arvingar undervegs i skiftet, vanlegast når enkja har funne ut at ho er frugtsommelig, då blir skifteforretninga sett på vent til barnet er kome.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
På 10.9.2021 den 21.00, Morten Sylte skrev:

Foreldra til desse to syskjena var Thore Matiasen og hustru Eli Sjursdatter Sandvik, også det i oppstryn sogn av Innvik prestgjeld. Skiftet etter Thore frå 1776 - https://www.digitalarkivet.no/sk20081201620298

 

Det var vel ikkje Eli Sjursdtr. som var mor til Kornelius, i skiftet etter ho frå 1786 var det syskena hennar som arva: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201640147

 

Thore Mathissen var og gift med Eli Pedersdtr. som det var skifte etter i 1759. Cornelius er nemnt mellom hennar born: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128660160

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.