Gå til innhold
Arkivverket

Jens Olsen, fødd i Hafslo 1830, levde i Gamvik i Finnmark 1910 - dødsfallet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema: https://forum.arkivverket.no/topic/171947-jans-olson-og-else-sophie-hansdotter-brox-vigde-i-gamvik-1859-fødselsdatoen-hennar-og-dødsfalli-deira/?tab=comments#comment-1470627

der eg no i manuskriptet mitt berre manglar ein einaste detalj:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Jens Olsen?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Olson {Krogen/Sagen}, f. {i Hafslo} 19.7.1830,

Jens Olsen flytte i ung alder til Finnmark og gifte seg i Gamvik, Tana 13.8.1859 med Else Sophie Hansdotter Brox frå Gamvik.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Hans Petter Broxson i Gamvik, kjend som Hans Petter Brox, opphavleg frå Gammelheim i Tranøy, og kona Gurine Evensdotter frå Gamvik og f. i Gamvik 9.5.1839.  Jens var sjølveigar og fiskar, og han og Else budde i Gamvik, men flytte i 1890-åri inn hjå dotteri Josefine på Olpersanæs i Gamvik der Else d. 21.11.1912.  Jens Olsen d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

Dei fekk ti born i lag:

a. Anne Elisabeth Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 15.8.1861, d. i Gamvik 25.10.1862.

b. Hans Petter Brox Jensson Olsen, f. i Gamvik 1.10.1863, d. i Gamvik 16.6.1866.

c. Josefine Juliane Lovise Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 5.1.1866, d. som enkje i Gamvik 1.11.1933.  Josefine gifte seg i Gamvik 14.8.1887 med Johan Ødegaard Hansson Svendsen frå Rørvik i Bodø, f. i Bodø 5.3.1855.  Han d. som fiskar i Gamvik 28.11.1918.  Johan var fiskar og seglmakar, og han og Josefine busette seg på Olpersanæs i Gamvik.  Dei fekk seks born i lag.

d. Jens Martin Olai Jensson Olsen, f. i Gamvik 10.4.1869, d. i Gamvik 24.1.1870.

e. Jensine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 24.1.1871, d. i Gamvik 29.1.1871.

f. Gerhard Martin Hilbert Jensson Olsen, f. i Gamvik 12.10.1872, d. i Gamvik 27.7.1875.

g. Anne Sophie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 30.3.1875, d. i Gamvik 24.7.1875.

h. Oline Kristine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 2.9.1876, d. som enkje i Gamvik 6.2.1953.  Oline gifte seg i Gamvik 7.9.1899 med Hartvig Olai Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 1.8.1871.  Han d. som fiskar i Gamvik 20.3.1944.  Hartvig var fiskar, og han og Oline budde i Gamvik.  Dei fekk seks born i lag.

i. Vilhelmine Kristiane Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 27.2.1879, d. i Gamvik 21.5.1880.

j. Hilda Marie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 12.6.1881, d. som enkje i Gamvik 24.6.1957.  Ho gifte seg i Gamvik  20.5.1900 med Johan Martin Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 3.4.1878.  Han d. som kyrkjetenar i Gamvik 5.12.1916.  Johan var fiskar og sidan kyrkjetenar, og han og Hilda budde òg i Gamvik.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har vore på leiting etter dette dødsfallet fleire gongar, og ogso det lokale prestekontoret i Gamvik leitte for mange år sidan etter dette dødsfallet, men utan resultat!

 

For ordens skyld; her er huslyden i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036986004093

 

Eg ville sett stor pris på om nokon greier å avsløra dødsfallet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette må være konens dødsfall i 1912, selv om hun går under navnet Else Marie her (ikke Else Sophie):

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002190274

 

og 

 

SATØ, Tana sokneprestkontor, H/Ha/L0008kirke: Ministerialbok nr. 8, 1908-1920, s. 124
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050216031000
 

 

Dette betyr at Jens var i live i 1912 i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for eit godt innlegg!

 

Jau, me veit då at Jens Olsen levde i 1912, og han var då ein mann på 82 år.  Kor lenge kan han ha levd etter den tid?  Flytte han eventuelt frå bygdi?  Det høyrest usannsynleg ut, for dei borni hans som voks opp, vart alle buande i Gamvik!

 

Eit skikkeleg mysterium...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å finna lagnaden til Jens Olsen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
On 5/27/2020 at 11:43 AM, Frank Marton Pedersen said:

Dette betyr at Jens var i live i 1912 i alle fall.

 

Heilt på sida men......

 

Eg ser at han finst i FT1920 - men seier det at han er pårørande at han levde?

Sjå her - pårørande Alf Olsen Loven ved kona sin død i 1915:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000182320

Her i kyrkjeboka

SAB, Sogndal sokneprestembete, SAB/A-81301/H/Hab/Habb/L0002Klokkerbok nr. B 2, 1908-1933, s. 91
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050809051054

 

Men Alf Olsen Loven døydde alt i 1893:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001011695

Her i kyrkjeboka

SAB, Sogndal sokneprestembete, SAB/A-81301/H/Haa/Haad/L0001Ministerialbok nr. D  1, 1878-1907, s. 64
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810050434

 

Var det vanleg å gjera det slik?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutes ago, Jostein Stokke said:

 

Heilt på sida men......

 

Eg ser at han finst i FT1920 - men seier det at han er pårørande at han levde?

Sjå her - pårørande Alf Olsen Loven ved kona sin død i 1915:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000182320

Her i kyrkjeboka

SAB, Sogndal sokneprestembete, SAB/A-81301/H/Hab/Habb/L0002Klokkerbok nr. B 2, 1908-1933, s. 91
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050809051054

 

Men Alf Olsen Loven døydde alt i 1893:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001011695

Her i kyrkjeboka

SAB, Sogndal sokneprestembete, SAB/A-81301/H/Haa/Haad/L0001Ministerialbok nr. D  1, 1878-1907, s. 64
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810050434

 

Var det vanleg å gjera det slik?

 

 

Interessant poeng! Jeg ville intuitivt tro at pårørende er ensbetydende med levende i denne sammenhengen (med mindre avdød eller lignende er spesifikt nevnt), men nå skal jeg være litt mer forsiktig med denne konklusjonen. Takk for tips! 

 

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Jon André, Jostein og Frank for nye spennande innlegg om denne kjempeutfordringi!

 

Problemstillingi kring pårørande har eg vore borti i ein annan samanhang der den pårørande skal ha vore avliden før.  Eg ville forventa det stod noko slikt som «den avlidne» ektemannen, men det står det jo ikkje her!  Uansett, vanleg kan det ikkje vera...!

 

Men so var det attende til Jens Olson i Gamvik!  Prestekontoret i Gamvik fann ikkje dette dødsfallet då dei leitte etter det for fleire år sidan.  Kan det tenkjast at dei kan ha oversett dette dødsfallet?  Kanskje er han innført med eit anna namn?  Kyrkjeboki/klokkarboki for Gamvik er ikkje innlevert for perioden etter 1920!

 

Sovidt eg har forstått, er ikkje vêrtilhøvi dei aller beste i Finnmark for tidi, men kanskje eg kan prøva ein ny telefon dit?  Eller kanskje fattigvesenet i Gamvik kan hjelpa oss?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har prøvd å søke i relevante aviser i tidsrommet 1920-1930 på NB (Nasjonalbiblioteket) og iFinnmark.no. Eneste jeg ikke fikk søkt i var Finnmark Dagblad fra denne perioden. Men indikasjoner på treff. Kan jo være falske positiver.. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Jon André for siste innlegget!

 

Eg er ikkje nokon ekspert på søk i avisarkivi, noko som ikkje vert enklare sidan eg bur i utlandet...

 

Men, i går hadde eg kontakt med kyrkjevergja i Gamvik, og ho kunne fortelja at det ikkje fanst teikn til at Jens Olson var innskriven som avliden i Gamvik mellom 1920 og 1933, so siste sjansa er vel då om me kan finna arkivi etter fattigvesenet i Gamvik frå 1920-åri?  Eg har lagt inn eige spørsmål om dette til Digitalarkivet, so får me sjå...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.