Jump to content
Arkivverket
Hasse Teigen

SF: Bergheim, Breim, Gloppen. Ingebrigt Haralds. g.m. Kristi Andersdtr. fødd 1642?

Recommended Posts

Hasse Teigen

Hei,

 

eg sit og ser på anane til Maria Jondtr. Fløtre (Flotterejd) f.1769 på Fløtre i Gloppen som dukka opp i denne tråden på tydeforumet: Skifte, MR, Herøy, Leikanger/Leganger 1811 (Knud Corneliuss. Skaret, Vanylven)

 

Via Maria si mor, Mari Nilsdtr. Bergheim (1738-1808),  morfar Nils Peders. Bergheim (1704-1777) og morfar sin far Peder Ingebrigts. Bergheim (ca.1659-1762) kjem eg til:

 

Ingebrigt Haralds. Bergheim (1617-1707) som gifte seg med Kristi Andersdtr. Bergheim (Ca.1642-1700) i flg bygdeboka (Sandal, 2001 - Soga om Gloppen og Breim, band 5, s.589). Bygdeboka nemner fem born som levde opp, samt dødsår og alder for alle fem.

 

Eg fann jordfestinga til Kristi Andersdtr. 27 jun 1700, der stod ho 58 år g., altså fødd ca 1642. Så leitte eg opp jordfesting av borna deira i kyrkjebøkene, og ut frå oppgitt alder der kjem eg fram til omtrentlege fødselsår:

 

f.ca 1649: Helga Ingebrigtsdtr., d.før 30 des 1708, alder 59 år. https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290418
f.ca 1659: Peder Ingebrigts., d.før 31 jan 1762, alder 103 år, https://www.digitalarkivet.no/kb20070228300180
f.ca 1668: Agote Ingebrigtsdtr., d.før 15 okt 1730, alder 62 1/2 år https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290593
f.ca 1669: Anders Ingebrigts., d.før 16 mar 1732, alder 63 år, https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290608
f.ca 1669: Steffen Ingebrigts., d.før 23 jun(?) 1743, alder 74 år https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290734
f.ca 1681: Anne Ingebrigtsdtr., d.før des (Domin.1.ab.Crist?) 1751 alder 68 år https://www.digitalarkivet.no/kb20070228300099

 

Og ser at enten står Helga oppført med feil alder; Kristi vart ikkje mor 7 år gamal, eller så står Kristi oppgitt med feil alder i kyrkjeboka ved jordfestinga og har vore fruktbar i veldig mange år. Er det nokon som har vore bort i denne gjengen tidlegare og ser kvar feilen ligg, eller kva det er eg overser?

 

Kan Ingebrigt ha vore gift tidlegare, og kan Helga vere frå eit slikt tidlegare ekteskap?  Med 25 års aldersforskjel mellom han og kona kan han hatt tid til ei kone før Kristi?

Og kan Peder f.ca 1659 også vere frå tidlegare ekteskap (19 år frå born 1 til 3 er lang tid, sjølv om der sikkert har vore fleire små som har døydd innimellom)?

 

Har nokon informasjon om Kristi som kan ha kome fram etter at bygdeboka vart skriva i 2001?

 

Og har nokon sett noko om Kristi, mannen eller borna i skifter som kan klargjere fødselsår (spesielt for Kristi og Helga)?

 

(Eg har funne at Kristi sin son Peder Ingebrigts. og (2.)hustru Marite Larsdtr. skiftar til borna i 1744: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630628 Men eg forstår ikkje så mykje meir av det.)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Morten Sylte
Posted (edited)
15 hours ago, Hasse Teigen said:

(Eg har funne at Kristi sin son Peder Ingebrigts. og (2.)hustru Marite Larsdtr. skiftar til borna i 1744: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630628 Men eg forstår ikkje så mykje meir av det.)

 

@Aase R Sæther - Gloppen

 

No er dette strengt tatt ikkje "rette" forum for tyding men sidan eg ikkje kan hjelpe deg på annan måte ift. det du spørr om ... Eit forsøk på tyding av Peder og Marite sitt skifte:

 

Berjem i Breums Skibbrede,

Pouel Schonvig Sorenskriver og Skiftteforvalter udj Nordfiord

Giør Vitterligt: at Anno= 1747: den= 3 Nov: var ieg tilli

ge med Lensmanden Peder Baltzersen Wettrop, og de tven

de uvillige Dannemend, navnlige: Jan [Jon] Stensager og Christen

Øfresetter, Eftter de tvende Gamle ægtefolk, nemlig Peder

Ingebrigtsen og hans hustrue Marite Larsdatter, som ere

boende tilsammen paa den Gaard Berjem i Breums

Skibbrede, deres ansøgning og begiering hos dennem

der paa Gaarden forsamlede for at Registe, Vurdere

og Liqvidere deres endnu i behold havende ringe Mid

ler og formue, og det imellem dem selv og deris

endnu Levende= 6 børn, navnlige: Niels Peder

ssen Berjem, Joen Pedersen Birchelov, Marrite Peders

datter gammel og ugiftt Marrite Pedersdatter den yngre

giftt med Knud Skreppe, Mari Pedersdatter= 30 aar

gammel, og Helge Pedersdatter= 26: aar, og blev da

derom slutted og forretted saaledes som følger

 

Ein får også vite dette under "Jordegods"

«Eftter Mandens angivelse, ejer hand her udj sin egen paaboende Jord Berjem= 18: Marker Smørs Leje med bøxell og Herlighed» tilsaman 15 rd.

 

Sonen Joen Pedersen får 10 rd av dette godset for betaling av gjelda som boet hadde til han. sjå folio 47b.

Edited by Morten Sylte

Share this post


Link to post
Share on other sites
Hasse Teigen

Tusen takk for hjelpa Morten!

 

Eg har inntrykk av at folk flest hadde ganske god kontroll på kor tid dei var fødde, og eg har sett fleire plassar der alder er oppgitt på dagen, eller næraste veke. F.eks Ingebrigt Haralds. Bergheim (1617-1707) i fyrste innlegget i tråden: 30de Ingebrigt Haraldsön Beriem - 90 aar 18 uger. I lensmannsboka til Jens Nilsson Nedrebø frå Jølster står nøyaktig alder på mange som han nemner; år, veker og dagar. Det er derfor eg lurer på om alderen til Kristi kan ha blitt feilført som 58 år. 

 

Inntil vidare får eg konkludere med at eg ikkje kan konkludere, og så står Kristi og Helga merka med raude flagg.

 

Ha ei fin helg alle sammen!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen
Posted (edited)

Du skal ikkje gå ut frå at 90 aar og 18 uger er rett alder. Det kan like godt bety "haug-gammal og 18 uger". Ein visste kanskje kva dag han var fødd, men var ikkje sikre på året 🙂

 

Når det gjeld spørsmålet ditt om Kristi, kan eg opplyse deg om kva som står som merknad på henne i mitt program: "Ho kan umuleg vere mor til alle borna". Lenger har eg ikkje kome.

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.