Gå til innhold
Arkivverket

Inderøy NT/USA: Lornts Jørgen Andreasson Kjelvik/Reitan, kjend som Louis Anderson - Gift og born i Chicago - Kvar vart han av etter 1914?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Takk for hjelpa.

 

Diverre ser dette ut til å vere eit bomskot. Den Louis Anderson som eg leitar etter var fødd 2/10 1879 i Inderøy, NT, og stakk av frå kone og born i Chicago rundt 1913-1914.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Den Louis Anderson som eg leitar etter var fødd 2/10 1879 i Inderøy, NT, og stakk av frå kone og born i Chicago rundt 1913-1914.

 

Hva var det "norske" (døpenavn) navnet hans? Og i samme slengen; hva het foreldrene? Og hva het kona?

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då endrar eg overskrifta og legg inn litt fleire detaljar:

 

Eg limer inn denne:

https://www.geni.com/people/Louis-Anderson/6000000037343857637

 

Dåp: Lornts Jørgen. Foreldre: Andreas Gunnarson Gausen og Jonetta Lorntsdatter.

Nord-Trøndelag fylke, Inderøy (Sakshaug) i Inderøy, Ministerialbok nr. 730A10 (1879-1914), Fødte og døpte 1879, Side 6
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060210030131

 

Eg har også sett ein eller annan stad at han brukte namnet Jørgen Reitan.

 

Foreldra budde litt ulike stader:

1865: Kjelvikplassen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038342002817

1875: Flåtten under Gausen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052392003807

1891: Reitan øvre: https://www.digitalarkivet.no/pf01053123002302

1900: Reithaugen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037483002841

1910: Jule Sve: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036872002968

 

Dødsmeldinga til faren, Andreas Gunnarson Kjelvik (1919) nemner sonen, Jørgen, myndig, i Amerika.

Nord-Trøndelag fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 3 (1915-1930), Dødsfallsprotokollside, Side 39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10101310047048

 

Louis reiste 2/5 1900:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000133771

Sør-Trøndelag fylke, Emigrantprotokoll nr. 11 (1895-1902), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/em20110302670736
 

Han var g. med Sara Andrea Sørensdtr. Sletteland, fødd i Fjaler, Sogn og Fjordane 25/1 1876. Gift 1/5 1905 i Milwaukee, Wisconsin.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XZQV-SY2 (Sara hadde emigrert til Chicago i 1900, der systera, Abel Margrethe allereie var. Også broren, Albert Slett(e)land emigrerte sidan til Chicago).

 

Sara og Louis budde i Chicago og fekk 4 born i åra 1906-1913:

Marguerite Marie f. 27/8 1906

Arnold Louis f. 27/1 1908

(Sarah Jeanette) Lucille f. 1/11 1910

Leonard f. 16/11 1913

 

Her er dei i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MKCB-NSD

 

Både Louis og Sara var heime kring 1911-1912, og Louis returnerer her i oktober 1911:

Bergen fylke, Emigrantprotokoll nr. 11 (1911-1911)
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002955100097
https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK3Y-PBL4

 

Sara og borna returnerte hausten 1912:

Bergen fylke, Emigrantprotokoll nr. 12 (1912-1912)
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002955200070

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JJ55-Y6J

 

(Også broren, Albert Sletteland var heime. Han returnerte i april 1913 saman med min bestefar, Peter Andersson Igelkjøn og syskenbarnet til sistnemnde, Peder Marius Skram frå Bergen).

 

Historia går ut på at medan Sara var att i Norge skal Louis ha hatt eit forhold til ein nabo. Etter at Sara kom tilbake skal ho ha fått vite dette og konfrontert han, noko som skal ha ført til at han reiste og aldri viste seg meir. Kort tid etterpå fekk Sara sonen Leonhard. Sara døydde i 1956, og hennar etterslekt kjenner eg godt til. Derimot har det ikkje vore mogeleg å finne ut kvar Louis vart av eller kva som skjedde med han sidan.

 

Det som er litt merkeleg er at Louis i følgje folketeljinga tilsynelatande framleis bur hos familien i 1920:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MJ7L-RL7

 

Eg trur aldri eg har greidd å finne Sara i FT1930, men her er ho i 1940:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KW15-V3N

 

Her er dottera, Sara Wallace i 1930:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XSPW-FMN

 

Louis hadde to brør og ei syster. Den eine broren døydde ung i Steinkjer. Systera vart gift i Inderøy, og begge desse greinene har etterkommarar. Eldstebroren, Sivert Martin reiste også til Amerika, der han kalla seg Sivert Wang. Eg meiner å hugse å ha sett han i folketeljingar i grenseområdet mellom Minnesota og Nord-Dakota, og eg meiner å hugse at han var ugift. Iallefall døydde han i Pembina, ND i 1959:

Search Results

Name (Last, First Middle) Date of Death County of Death Gender Age Date of Birth State of Residence County of Residence Action
WANG, SIEVERT 05/13/1959 Pembina MALE 91 Years 09/12/1867 North Dakota Pembina Purchase a Certified Copy

 

https://apps.nd.gov/doh/certificates/deathCertSearch.htm

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg legg inn eit par gamle trådar frå ein forholdsvis fersk slektsforskar i 2003. Eg trur ikkje det er så mykje å hente der, men så er det iallefall nemnt:

 

 

(Når det gjeld Arild visste han nok mykje om slekta i Norge, men det virka ikkje som at han visste noko meir om Louis i USA).

 

Og her er ein tråd om bror til Sara:

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det som er litt merkeleg er at Louis i følgje folketeljinga tilsynelatande framleis bur hos familien i 1920:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MJ7L-RL7

 

Det er som du sier; litt merkelig at han er å finne bosatt med familien i 1920. Jeg regner med at du har søkt etter han i WW 1Draft Reg. ? Han burde finnes der.....

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Broren Sivert Martin brukte som skrevet etternavnet Wang/Weng i Amerika. Han emigrerte i 1896 og er nevnt i folketellingen for 1900 den 4. juni, da bodde han i Thompson i Kittson Co. MN. Jeg har ikke funnet noen nekrolog av ham som kan kaste lys på noe om skjebnen til broren.

 

 

Broren Louis (Lornst Jørgen) kom til Quebec fra Liverpool den 19 mai 1900 med reisemål til broren i Hallock Kittson Co. MN som også hadde betalt reisen. Jeg har ikke funnet ham i folketellingen for 1900 kanskje han ankom for seint for å bli med i den tellingen.

 

Så var han hjemme en tur, ankom Quebec 29 oktober 1911 med reisemål Chicago.

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=1075&h=258044&tid=&pid=&queryId=2b811bb9308972b25dedac1dbf57315a&usePUB=true&_phsrc=JQd785&_phstart=successSource

Litt utydelig å lese, men ser ut til at han hadde oppholdt seg i Chicago i 10 år, frem til 1911.

 

 

Nekrologen til Sara har du kanskje?

Chicago Tribune
Chicago, Illinois

29 Jun 1956, Fri  •  Page 18

 

image.thumb.png.9328b4e84f46ac873b18178d2ae2f3cc.png

Endret av Oddgeir Fossli
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for meldinga.

 

Nekrologen hadde eg ikkje, så eg takkar for den. Systera, Nikoline (g. Haugland) som er nemnd er mi oldemor. Marie var g. Stenseth og budde i Florø.

 

Eg har eit bilete frå folketeljinga 1900 liggande på PCen som viser Sara på plass i Chicago 4/6 1900 saman med systera, Margaret (Abel Margrete) Slettland. Dei tente då hos Glenn og Ida Traer, som Abel kom til etter at ho reiste i 1895. Husmora var norsk, og var i følgje folketeljinga fødd i Wisconsin med norske foreldre. Eg har også lagra ei skipsliste som viser at Sara kom til New York 12/5 1900. Som du nemner kom Jørgen A. Reitan til Quebec 19/5 1900 på veg til broren ??? A. Wang i Hallock, MN. (Litt uklårt på det biletet som eg har liggande). Så det er godt mogeleg at han ikkje rakk å bli registrert i folketeljinga.

 

Eg har for tida ikkje betalt abonnement på Ancestry, men lenka ovanfor går vel til den same skipslista som ligg på Familysearch:

 

Louis Anderson
Vermont, St. Albans Canadian Border Crossings, 1895-1954

 

Name:    
Louis Anderson
 • 
Event Type:    
Immigration
Event Date:    
1911
 • 
Event Place:    
Vermont, United States
 • 
Gender:    
Male
Age:    
32
Birth Year (Estimated):    
1879
Birth Country:    
Norway

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK3Y-PBL4

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.