Jump to content
Arkivverket

Ole Kristian Fangan (1957-2013) og slektsarbeidet hans - nokon som veit meir om dette? - Slekti Engeslef frå Danmark?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

I 2006 fekk eg i følgjande emne https://forum.arkivverket.no/topic/112207-26572-søren-jens-engeslef-mari-jensd-engeslef-til-hafslo-kring-1690-kvarifrå/?tab=comments#comment-916902

dette innlegget frå Ole Kristian Fangan:

 

«Jeg er i ferd med å skrive en artikkel om Theistene fra Kroken som jeg håper Norsk Slektshistorisk Tidsskrift i sin tur vil trykke. Jeg vil her også presentere en del opplysninger om familien Engeslef som antakelig vil være nye for de fleste.»

 

Er det nokon som kjenner til om denne artikkelen nokon gong vart publisert og i so fall kvar?

 

I samband med bygdeboikarbeidet i Luster er eg svært interessert i båe slekter.

 

Med omsyn til Engeslef-søskeni, veit me i dag dette:

 

* Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668, døydde i Kroken i Hafslo kring 1730.  Ho var gift med gardbrukar Peder Janson Teiste på Kroken i Hafslo (1667-1722).  Dei fekk ni born i lag, og fleire av dei flytte til Danmark.

 

* Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1670, døydde i København kring 1710.  Han gifte seg med Øllegaard Jansdotter Teiste frå Kroken i Hafslo (1674-1730).  Dei flytte til København der Søren var distillatør.  Dei fekk fem born i lag.

 

Desse huslydane har vore drøfta før, men aldri har me gått detaljert inn på opphavet til desse Engeslef-søskeni.

 

No vonar eg at forskingi til Ole Kristian Fangan eller andre kan kasta meir ljos over denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innleggjing av den nemnde tråden.  Denne huslyden har vore drøfta i fleire tema opp gjennom åri, men eg har inntrykk av å vera komen borti «informasjonsturke» når det gjeld denne gamle ætti.  Voni mi var at kanskje Ole Kristian hadde etterlete seg opplysningar, eventuelt at artikkelen hans står på prent ein eller annan stad?

 

Arbeidde ikkje Ole Kristian ei tid i Riksarkivet?  Eg meiner å hugsa eg ein gong trefte han i ein «middagspause» framfor hovudinngongen på oppsida.  Det må ha vore før 2009, men ikkje so lenge før...

 

Eg vonar på fleire opplysningar om desse huslydane og takkar på ny for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.