Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Thor Sylvester Jensen (1918-2001) og kona Hildur (1920-2005) - fødestaden hans og fødselsdatoen hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å få stadfest nokre av opplysningane om denne huslyden Jensen og lurer på om nokon kan hjelpa meg?

 

Eg syner til manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Bertha Andersdotter Teigen, f. {i Hafslo} 9.9.1880,

Bertha Teigen flytte i ung alder til Bergen der ho 11.6.1907 gifte seg med Jens Holger Sylvester, kjend som Sylvester Hansson Jensen frå København.  Han var son av høker Hans Jensen i København og kona Karen Sofie f. Pedersen og f. i København 31.12.1876, men flytte til Bergen i ung alder som restauratør.  Bertha og Sylvester var ei tid hotellstyrarar på Solstrand i Os, men flytte derifrå i 1908 og var sidan hotelleigarar på Kvamshaug, Eikedalen i Samnanger der Sylvester d. 12.9.1933.  Bertha Jensen d. i Bergen 26.1.1965.  Dei fekk to søner i lag:

a. Hans Holger Jersin Sylvester Sylvesterson Jensen, kjend som Hans Holger Sylvester-Jensen, f. i Bergen 12.10.1907, d. i Bergen 4.1.1965.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 10.3.1937 med Solveig Theresia Edvardsdotter Vaksdal frå Bergen, f. i Bergen 2.8.1907.  Ho d. i Bergen 21.6.1998.  Hans Holger var tannlækjar, medan Solveig var kontordame.  Dei budde i Bergen og fekk to born i lag.

b. Thor Sylvester Holgerson Jensen, f. i Kvam 13.8.1918,

 

     ##### (sjekka at denne fødestaden stemmer - skal det ikkje vera Samnanger?)

 

     d. på eit sjukehus i Bergen 8.5.2001.  Han gifte seg i Trondheim 10.11.1950 med Hildur Haldorsdotter Osebakken frå Eikelandsosen i Fusa, f. i Fusa 31.10.1920. 

 

     ##### (eg har òg fått oppgjeve fødselsdatoen 13.9.1920 - kva er rett? - kanskje finst det ei dødsannonse?)

 

     Ho d. på eit sjukehus i Bergen 6.3.2005.  Thor var lækjar, medan Hildur var sjukepleiar.  Dei budde mange år i Gravdal på Laksevåg, men flytte i 1991 som pensjonistar til Fantoft i Fana, Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gravstenen til Hildur har fødselsdato 31.10.20

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4100870

 

Jeg har ikke tilgang, men det er en dødsannonse i Bergens Tidende 8.mars 2005

MVår kjære mor. svigermor, farmor, søster og tante Hildur Jensen f. 31.10.1920 sovnet stille inn i dag. Haukeland Sykehus/ Fantoft, 6. mars 2005. 

 

Endret av Kyrre Martin Sveen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kyrre Martin for nye interessante innlegg!

 

Denne barnedåpen i Samnanger var interessant i og med at guten vart døypt nesten eit år etter han var fødd, og han er innført utan nummer, noko som kan tyda at han ikkje er fødd i Samnanger!  Kommunegrensa mellom Samnanger og Kvam går, so vidt eg hugsar, ein stad på Kvamskogen, men på kva side av kommunegrensa ligg dette hotellet som foreldri dreiv?

 

Når det gjeld fødselsdatoen til Hildur, har eg òg observert datoen på gravstøtta, MEN son deira påstår ho var fødd 13.9.1920, so kva skal me tru?

 

Kanskje kan vigsli deira finnast i Trondheim?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Denne barnedåpen i Samnanger var interessant i og med at guten vart døypt nesten eit år etter han var fødd, og han er innført utan nummer, noko som kan tyda at han ikkje er fødd i Samnanger!  Kommunegrensa mellom Samnanger og Kvam går, so vidt eg hugsar, ein stad på Kvamskogen, men på kva side av kommunegrensa ligg dette hotellet som foreldri dreiv?

 

Her er dåpen i Kvam - nr 16:

SAB, Kvam Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. B 4, 1917-1945, s. 10
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050726030848

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne, Jostein og Kristian for nye gode innlegg!

 

Eg er framleis veldig i stuss når det gjeld den verkelege fødestaden til Thor Sylvester Jensen, men sidan bustaden deira låg på Samnanger-sida av grensa, vil eg skriva Samnanger som fødestad.  Dåpen hans fann tydelegvis stad i Kvam!

 

Med omsyn til Hildur, kan det vel ikkje stå feil fødselsdato både i dødsannonsa og på gravstøtta...  Berre so synd at kyrkjeboki for Fusa - fødde 1920 - ikkje ligg ute på Digitlarkivet...

 

Kanskje me likevel skal sjå på problemet som løyst!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.