Jump to content
Arkivverket

LØYST: Jakob Elias Ingeberg Grønbeck Svendsen (1886-1967) - glasmeistar i Narvik(?) - dødsannonsa hans?,


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg er igjen på leiting etter ei dødsannonse frå Nordland og vonar at nokon kan hjelpa meg:

 

Jakob Elias Ingeberg Grønbeck SVENDSEN

fødd i Hamarøy 28.6.1886

døydde 7.5.1967, uvisst kvar

 

Jakob var glasmeistar og budde i alle fall ei tid på 1920-talet i NARVIK, men kvar han sidan vart av, er eit lite «mysterium»...  Eg finn han ikkje hjå DIS-Noreg (gravminner).

 

No vonar eg at ein eller annan kan finna ei dødsannonse for Jakob, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Kristian for spennande og interessante innlegg!

 

Eg har fått svar på alle spørsmåli mine kring Jacob og er kjempenøgd!  Problemet er løyst!

Link to comment
Share on other sites

  • 7 months later...

Innlegg #6:

 

Hei Eva og takk for innlegget ditt!  Velkommi til Brukarforum!

 

Som bygdebokskrivar for Luster kommune i Sogn råkar eg stadig borti huslydar ulike stadar i inn- og utland med tilknytting til Luster.  Då eg sjølv har heile farsætti mi frå Luster, er eg nok i slekt med dei aller fleste innbuarane her, men i so fall er det svært so fjernt...

 

No held eg på med klargjering av manuskriptet mitt for plassen Trondskogen under gnr. 182 Kroken ytre i Luster, og her førekjem dette manuskriptet, som mellom anna omfattar ætti di:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Nilsson {Trondskog}, f. i Luster 18.3.1854,

Lars Nilsson Tronskog flytte i 1881 til Evenes, men gifte seg i Lærdal 5.7.1881 med Elen Petrikke Hansdotter frå Tjellebotten i Evenes, Ofoten.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Ananias Olson på Tjellebotten og kona Hanna Maria Nilsdotter frå Skårnes og f. i Evenes 19.9.1855.  Lars var jekteskipper, men elles var han og Elen gardbrukarar på Lauvdal, Tjelle i Evenes, sidan ein del av Ballangen, der Lars d. 9.9.1929.  Elen d. same staden 4.2.1943.  Dei fekk seks døtrer i lag:

a. Helga Hilkia Noria Larsdotter Tronskog, f. i Evenes 7.1.1884, d. på Punsvik i Ballangen 10.9.1964.  Ho var frå kring 1909 sambuande med Elias Martin Isaskarson Andreassen Punsvik frå Punsvik i Evenes, f. i Evenes 17.2.1885.  Han d. som enkjemann på Punsvik 3.6.1968.  Elias og Helga var gardbrukarar på Punsvik i Ballangen og fekk ei dotter i lag, men Helga hadde òg ein son frå før.

b. Elisabeth Larsen, f. i Evenes 15.8.1886, d. som enkje på sjukehuset i Narvik 2.1.1980.  Elisabeth gifte seg første gongen i Evenes 20.10.1907 med Hilberg Emil Leonardson Larsen frå Myrset i Evenes, f. i Evenes 31.3.1883.  Han var fiskar og sidan fyrbøtar, og han og Elisabeth budde på Lauvdal i Evenes, men Hilberg d. av malaria i Baltimore, Md. og vart gravlagd der.  Elisabeth flytte i 1920 til Tornehamn i Jukkasjärvi församling, Norrbottens län i Sverige og i 1931 vidare til Degersfors i Örebro län i Sverige der ho 18.4.1931 gifte seg att med Karl Kristoffer Eriksson frå Karlskoga i Örebro län, f. i Karlskoga 15.3.1875.  Han d. i Amnehärad, Skaraborgs län, Sverige 11.12.1964.  Karl var gardsarbeidar og sidan jarnbanearbeidar.  Han og Elisabeth budde i Amnehärad, Skaraborgs län i Sverige, men som enkje flytte Elisabeth attende til Lauvdal i Ballangen.  Ho fekk to søner, ein frå første ekteskapet og ein mellom dei to ekteskapi, som vart adoptert av andre mannen.

c. Herborg Larsen, f. i Evenes 19.3.1889, d. i Tromsø 11.5.1931.  Ho gifte seg første gongen i Narvik 18.12.1910 med Jacob Elias Ingeberg Grønbeck Svendsen frå Narvik, f. på Tittelvik i Hamarøy 28.6.1886.  Han d. på sjukehuset på Stokmarknes 7.5.1967.  Jacob var glasmeister, og han og Herborg budde i Narvik, men vart skilde kring 1923.  Jacob gifte seg att og vart buande i Narvik, medan Herborg i 1924 vart sambuande og gifte seg 22.1.1929 att i Harstad med Alfred Martin Johannesson Kanestrøm frå Foldvik i Ibestad, f. i Ibestad 24.6.1894.  Han d. i Kirkenes 10.7.1987.  Alfred var skrepphandlar (handelsagent), og han og Herborg budde for det meste i Tromsø.  Herborg fekk i alt ni born, fem frå første ekteskapet og fire frå det andre.

d. Louise Larsdotter Løvdahl, f. i Evenes 1.10.1891, d. i Oslo 29.8.1975.  Louise budde i Evenes til ho kring 1935 flytte til Oslo der ho livnærte seg som restaurantarbeidar.  Ho var ugift, men fekk ei dotter.

e. Agnes Elone Larsdotter Tronskog Løvdahl, f. i Evenes 27.5.1895, d. som enkje på sjukestova i Ballangen 11.3.1975.  Ho gifte seg hjå byfogden i Oslo 10.8.1932 med Olav Martin Pedersen frå Gammelgard vestre i Hadsel, sidan kjend som Olav Løvdahl.  Han var f. i Hadsel 28.9.1901 og d. på Lauvdal 15.6.1966.  Agnes flytte i ung alder til Christiania der ho var hotellarbeidar i mange år.  Olav var båtsmann, og kring 1935 flytte dei attende til Lauvdal i Ballangen for å ta over styringi av heimebruket hennar der.  Dei var barnlause.

f. Signe Marie Larsdotter Tronskog, f. i Evenes 2.7.1898, d. på Tynset 14.8.1984.  Ho gifte seg på Tynset 20.12.1921 med Olaf Pederson Østigaard frå Østigard på Tynset, f. på Tynset 7.4.1884.  Han d. på Tynset 4.3.1978.  Olaf Østigaard var offiser i forsvaret. og han og Signe budde levetidi ut på Tynset.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Forfedrane til Lars Nilsson kan førast langt attende i Luster kommune, dei fleste linjene til 1600-talet.  Det aller meste av dette vil du finna i ulike band av Gards- og Øttesoga for Luster, men Trondskogen kem først i band XII, som er venta utgjeve i 2021, det siste bandet i serien.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.