Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erik Jørgenson Natvig (1819- ) og kona Anna Olsdotter (1815- ) til Amerika i 1869 - hamna i California der sonen Jørgen vart myrda av rancharar p.g.a. sauehald(!) - oppfølgjing av Erik og Anna og dei hine borni deira? - Ei uvanleg kjempeutfordring!

Recommended Posts

Anton Hagelee

 

Mattias Johnson

 in the Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905

Name:Mattias Johnson 

Age:40

Census Date:1895

County:Marshall

Locality:Marsh Grove

Birth Location:Norway 

Gender:Male

Estimated birth year:abt 1855

Race:White

Line:25

Roll:V290_75

 

Screen-Shot-2020-06-11-at-9-29-46-PM.png

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Census 1875, Bristol Dane County, Wisconsin.

Erik Jørgensen. Originalen sier 1 m(ale), 2 f(emale). Kan det være Olina som bor sammen med foreldrene?
 

Name:Erick Jorgenson

Residence Date: 1875

Residence Place: Bristol, Dane, Wisconsin, USA

Relationship: Head

Neighbors: View others on page

Household Members:

NameAge

Erick Jorgenson 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Hvem er denne Oline Erikson som døde i 1884 i DeForest, Wisconsin? 

 

Name: Oline Eriksèn
Record Type: Burial 
Death Date: 14 Jan
Burial Date: 16 Jun 1884
Church Name: Spring Prairie Lutheran Church
Church Location: DeForest, Wisconsin

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
Posted (edited)
2 timer siden, Randi Elisabeth Haugros skrev:

Hvem er denne Oline Erikson som døde i 1884 i DeForest, Wisconsin? 

 

Name: Oline Eriksèn
Record Type: Burial 
Death Date: 14 Jan
Burial Date: 16 Jun 1884
Church Name: Spring Prairie Lutheran Church
Church Location: DeForest, Wisconsin

 

Denne Oline var 15 år ved død iht. innførsel i KB. altså f. ca 1869. Olina/Lena var f. i 1855

 

Lenke Ancestry

Edited by Egil Johannessen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anton, Randi Elisabeth og Egil for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld opphavet til Mathias/Martin/Matt Johnson, trur eg IKKJE det er «kandidaten» som Anton har finne.  Det er for mange detaljar som ikkje stemmer...

 

Her fann eg ein liktale (obituary) etter Matt J. Johnson frå Warren Sheaf, Sep. 26, 1917 (eg greier ikkje kopiera denne...!) som fortel:

 

Matt J. Jolhnson var fødd 23.5.1857

utvandra i 1876 til La Crosse, WI og budde der til han i 1885 kom til Marsh Grove, Marshall Co., MN

 

Han let etter seg to brør:

* John Westlin of Marsh Grove

* Peter Johnson of Marsh Grove

 

Kanskje desse opplysningane kan bidra til oppsporing av Matt?

 

Eller lurer ogso eg på om Oline Eriksdotter kan vera avlidi i ung alder.  Det var mykje tuberkulose som herja på Spring Prairie på den tidi, og me har døme på heile huslydar som nesten vart «utrydda» av denne sjukdomen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)

 

John Westlin

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:John Westlin

Birth Date:9 Dec 1863

Death Date:20 Mar 1929

Cemetery:Bethania Cemetery

Burial or Cremation Place:Marsh Grove, Marshall County, Minnesota, United States of America

Has Bio?:N

 

1900 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9SB-8VQ

 

1910 FT Peder Johnson brother of John 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2LY-G8X

 

1920 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWBC-KGQ

 

Death Record foreldre er John Johnson og Martha Johnson.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD7T-MFF

 

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

John Westlin, født 9.12.1863, døde i 1929.

https://www.findagrave.com/memorial/53648893

 

Hans bror, Peder Johnson, f. 12. juni 1859, døde i 1930.

https://www.findagrave.com/memorial/53570649

 

Her er deres familie i 1865, Vestre Toten:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038069008622

 

Johan Westlin er døpt Johannes:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002388934

 

Peder, i kirkeboka er 21. juni ført som fødselsdag:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008909065

 

 

 

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Census 1910, Peder bor hos sin bror John:

 

Name:John Westlin

Age in 1910:46

Birth Year:abt 1864

Birthplace:Norway

Home in 1910:Marsh Grove, Marshall, Minnesota

Race:White

Gender:Male

Immigration Year:1883

Relation to Head of House:Head

Marital status:Married

Spouse's name:Tilda H Westlin

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: English

Occupation: Farmer

Industry:General Farm

Employer, Employee or Other:Employer

Home Owned or Rented:Own

Home Free or Mortgaged: Mortgaged

Farm or House:Farm

Able to Read:Yes

Able to Write:Yes

Years Married:19

Neighbors:View others on page

Household Members:

Name Age

John Westlin 46

Tilda H Westlin 43

Theodore M Westlin15

Julia K Westlin12

Myrtle A Westlin 7

Clarence O Westlin 0

Peder Johnson 49

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Census 1900, Marsch Grove, Peder bor sammen med sin mor Karen:

Household Members:

Name Age

Peder Johnson34

Karen Johnson 74

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anton og Randi Elisabeth for nye spennande innlegg!

 

Med desse siste innleggi er opphavet til Mathias «Matt» Johnson «plassert» på Vestre Toten, og dei siste manglande detaljane fann eg i kyrkjebøkene for Vestre Toten.

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden, der det no ikkje står so mange detaljane att å finna...:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Erik Jørgenson Natvig, opphavleg frå Sva under Natvik i Årdal, men soneson av husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland i Årdal (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo, var f. i Årdal 9.5.1819.  Han gifte seg i Årdal 30.4.1843 med Anna Olsdotter frå Hovland, ei sonedotter av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinserdalen i Hafslo.  Ho var f. i Årdal 29.3.1815.

Erik og Anna busette seg først som plassfolk på Sva under Natviki i Årdal.

Våren 1852 fekk Erik og Anna innflyttingsattest til Hafslo, men truleg flytte dei hit alt i 1851.  Dei tok over som plassfolk på Loi og dreiv plassen fram til 1854.

Erik og Anna flytte visstnok alt i 1854 til Bjordal i Lavik der dei var paktarar i fleire år til dei kring 1860 flytte til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var innerstfolk til dei i 1869 utvandra til Amerika.  Me finn dei att under namni Erick og Anna Jorgenson der dei først busette seg som farmarbeidarar («farm laborers») i Bristol township, Dane Co., Wis., men i 1879 følgde dei sonen Jørgen til Hettenshaw, Trinity Co., Cal.  Ikkje lenge etter flytte dei attende til Bristol township, Dane Co., Wis. der Erick d. 27.9.1885.  Anna Natwick d. same staden 31.3.1895.  Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Anna ei dotter frå før:

a. Fredrikka Kirstine Eriksdotter (1836-

 

     ¤¤¤¤¤ (death year US? – after 1920!)

 

     ), dotter av Anna og husmannssonen Erik Erikson frå Tolsgarden under Lægreid (1811-1896), vart gift første gongen med husmann Nils Andersson på ein plass under Rød i Balestrand (1831-1867), men utvandra i 1872 til Amerika og vart der attgift med husmannssonen Torbjørn Erikson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1846-1907) (for båe ekteskapi, sjå under Leirdalen i Luster).

b. Helvig Fredrikke Eriksdotter, kjend som Helen Erickson, f. i Årdal 17.9.1842, flytte med foreldri til Hafslo og vidare til Lavik og so til Lærdal, men utvandra derifrå til Amerika i 1863.  Ho gifte seg første gongen i Columbia Co., Wis. 25.7.1863 med enkjemannen Hans Monsson, opphavleg frå Hausahalsen i Lærdal, ein soneson av gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg i Luster (1765-1834), i Amerika kjend som Hans Monson.  Hans var f. i Lærdal 10.8.1823 og gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1848 med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland, f. i Aurland 18.3.1817.  Hans og Olina budde visstnok som innerstfolk på Hausahalsen, men Olina må vera avlidi,

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     for Hans var enkjemann då ogso han utvandra til Amerika i 1863.  Hans og Helen Monson slo seg først ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte tidleg i 1870-åri til ein farm i Clayton township, Mower Co., Minn.  Kring 1883 flytte dei so inn hjå ein bror hans i North Ottawa township, Grant Co., Minn. der Hans d. 6.1.1894.  Helvig Monson flytte som enkje til Elk Lake, Grant Co., Minn., men gifte seg att i Grant Co., Minn. 16.10.1908 med enkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson.  Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847 til Winnebago Co., Wis.  Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (Telemark!?)

 

     Ho var dotter av

 

     ¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – 19.8.1834? – kan henda f. Drangedal 14.7.1833 som dotter av Halvor Hansson Øvrebø og kona Signe Johnsdotter, utvandra 1846?

 

     men utvandra til Amerika i

 

     ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hennar? – 1900 seier 1847, men 54 år i Amerika!)

 

     Ole og Margit farma mange år i Winchester township, Winnebago Co., Wis., men flytte på 1890-talet med fleire av dei yngre borni til Navarino township, Shawano Co., Wis. der Margit d. 28.8.1902.  Ole flytte kring 1907 til Elbow Lake, Grant Co., Minn. der han og Helvig budde levetidi ut.  Ole d. i Elbow Lake, Minn. 2.9.1911, medan Helvig Kittleson d. same staden 3.2.1917.  Me kjenner til tre born etter Hans Monson, som alle var frå andre ekteskapet med Helvig.  Andre ekteskapet hennar var barnlaust, men Ole Kittleson hadde elleve born frå første ekteskapet sitt.

c. Ole Erikson, kjend som Ole Erickson, f. i Årdal 22.3.1845, flytte likeins med foreldri sine til Hafslo, Lavik og Lærdal, men utvandra til Amerika i 1867.  Han gifte seg i Mower Co., Minn. 8.12.1877 med Helvig Andersdotter frå Vindedalen i Lærdal, i Amerika kjend som Helen Anderson.  Ho var dotter av husmann Anders Johannesson i Gjellene under Vindedalen, opphavleg frå Gones under Offerdalen i Årdal, og kona Metta Jørgensdotter frå Sva under Natvik i Årdal og f. i Lærdal 26.12.1852, men utvandra til Amerika i 1871.  Ole og Helen slo seg ned som farmarar i Bennington township, Mower Co., Minn., men flytte i 1883 til ein farm i Marsh Grove township, Marshall Co., Minn. der Ole d. 25.7.1886.  Helen gifte seg 3.1.1887 att i Marshall Co., Minn. med Mathias Johannesson frå Kvernhaugen vestre under Sund øvre på Vestre Toten, i Amerika kjend som Matt J. Johnson.  Han var son av husmann Johannes Johannesson på Kvernhaugen vestre under Sund øvre, opphavleg frå Vollengen, og kona Karen Olsdotter frå Jutulrud og f. på Vestre Toten 23.5.1856, men utvandra til Amerika i 1876.  Matt og Helen heldt fram som farmarar i Marsh Grove township, Marshall Co., Minn., men flytte i 1902 til Warren, Marshall Co., Minn. der Matt var jarnbanearbeidar og hotellvert («railroad worker and hotel managers»).  Matt d. i Warren, Minn. 24.9.1917, medan Helen Johnson d. i Argyle, Minn. 2.1.1921.  Ho fekk i alt ni born; av dei var fire frå første ekteskapet med Ole Erickson, som alle tok namnet Natwick.

d. Jørgen Erikson, kjend som George Erickson, f. i Årdal 10.11.1847, flytte med foreldri sine til Hafslo, Lavik og so til Lærdal, og derifrå utvandra han til Amerika i 1868.  George flytte tidleg til California og budde ei tid i Sacramento og i Tehama Co., Cal. til han i 1874 flytte til Hettenshaw, Trinity Co., Cal.  George gifte seg i Madison, Wis. 1.9.1879 med Dorthina, kjend som Dena Burnson, f. i Dane Co., Wis. 22.7.1860.  Dei vart buande i Hettenshaw precinct nær Mad River, Trinity Co., Cal. der George livnærte seg som sauebonde («sheep raiser»).  Men han vart myrda av ein nabo 7.9.1886, og Dena gifte seg att i Gardnerville, Nev. 22.2.1894 med Hans Hansson Nielsen frå Nørre Løgum i Lø kommune, Tønder amt, Danmark, i Amerika kjend som Hans Nelson.  Han var son av gardbrukar Hans Jensen Nielsen i Kløjing, Nørre Løgum og kona Karen Hansdotter f. Lund og f. i Nørre Løgum, Tønder amt i Danmark 24.3.1862, men utvandra til Amerika i 1883.  Hans Nelson var ei tid hotellstyrar («hotel manager»), og han og Dena budde i East Fork precinct, Douglas Co., Nev., men farma sidan i Jacks Valley precinct, Douglas Co., Nev.  Hans og Dena vart skilde i 1915, og Hans flytte til Reno, Washoe Co., Nev. der han d. 15.5.1950.  Dena gifte seg tredje gongen i Reno, Nev. 29.6.1925 med Frank Berger, f. i Washoe Co., Nev. 26.6.1865.  Frank hadde då i mange år vore jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Dena budde i Reno, Washoe Co., Nev. der Dena d. 19.8.1940.  Frank Berger d. same staden 2.12.1943.  Dena fekk i alt fire born, som alle visstnok var frå første ekteskapet med George Erickson, men siste mannen Frank Berger hadde òg to døtrer frå eit tidlegare ekteskap.

e. Erik Erikson, kjend som Erick Natwick, f. i Årdal 1.9.1850, flytte òg med foreldri til Hafslo, Lavik og derifrå til Lærdal, men utvandra òg til Amerika i 1868. 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of him? – mentioned 1888 in Hettenshaw precinct near Mad River, Trinity Co., CA! – biography needed! – called Erick Erickson!?)

 

f. Cecilia Eriksdotter, kjend som Cecelia Erickson, f. i Hafslo 24.11.1852, flytte med foreldri til Lavik og Lærdal og utvandra derifrå med dei til Amerika i 1869.  Ho d. i Ada, Minn. 12.7.1932.  Cecelia gifte seg i Dane Co., Wis. 11.11.1872 med søskenbarnet Jørgen Andreasson, kjend som George A. Natwick, ein dotterson av gardbrukardotteri Anna Hermundsdotter frå Kinserdalen i Hafslo (1784-1882).  Han var f. i Årdal 4.2.1846, men flytte i 1847 med foreldri sine til Hitra og utvandra so derifrå til Amerika i 1869.  Han d. i Ada, Minn. 13.10.1919.  George og Cecelia slo seg i 1873 ned som farmarar i Clay township, Shelby Co., Ia., men flytte i 1882 til ein farm i Lake Ida township, Norman Co., Minn.  Som pensjonistar flytte dei kring 1915 inn til Ada, Norman Co., Minn.  Dei fekk elleve born i lag.

g. Olina Eriksdotter, kjend som Lena Natwick, f. i Lavik 4.3.1855, flytte med foreldri til Lærdal, men utvandra òg med dei til Amerika i 1869. 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!)

 

h. Peder Erikson, f. i Lavik 10.10.1857, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 25.3.1865.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje greier nokon å løysa «flokene» i Telemark kring opphavet til Margit Halvorsdotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)
2 hours ago, Lars E. Øyane said:

nkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson.  Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847 til Winnebago Co., Wis.  Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå

 

Opplysninger på Margit Halvorsdatter 

 

Margit Hanson Kittelson

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:Margit Hanson Kittelson

Birth Date:18 Aug 1834

Birth Place:Norway

Death Date:28 Aug 1902

Death Place:Shawano County, Wisconsin, United States of America

Cemetery:Norwegian Cemetery

Burial or Cremation Place:Navarino, Shawano County, Wisconsin, United States of America

Has Bio?:Y

Children:Margret O. Johnsen 
Clara O. Hanson 
Ida Erickson 
George Norman Kittelson 
Henry Dextin Kittelson 
Ingegorg Helen Mork 
Elise G. Hanson

 

Margit i 1900 US Census, født May 1834.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM2D-JNZ

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)
5 hours ago, Lars E. Øyane said:

Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå

 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (Telemark!?)\

 

Mulige kandidater for Margit Halvorsdatter.

 

Name:Margith Halvorsen

Gender:Female

Birth Date:10 feb 1834

Baptism Date:24 feb 1834

Baptism Place:, Tuddal, Telemark, Norway

Father:Halvor Olsen

Mother:Anne Sorensdr

FHL Film Number:126946

 

Nr. 5

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061212330223

 

Og en andre kandidat.

 

Name:Margit Halvorsen

Gender:Female

Birth Date:14 jul 1833

Baptism Date:1 sep 1833

Baptism Place:, Tordal, Telemark, Norway

Father:Halvor Hansen

Mother:Signe Jonsdr

FHL Film Number:126924

 

Nr. 13 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061205030020

 

Nr. 89 - 92

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=2219&ps=47145

 

Halvor Hansen er enkeman og nye kone are Anne Gundersdatter

 

Nr. 1

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20051011040594

 

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)

 

Margrat Kettleson

 in the 1880 United States Federal Census

Name:Margrat Kettleson

Age:47

Birth Date:Abt 1833

Birthplace:Norway

Home in 1880:Winchester, Winnebago, Wisconsin, USA

Dwelling Number:87

Race:White

Gender:Female

Relation to Head of House:Wife

Marital status:Married

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Occupation:Keeping House

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

Ole Kettleson51

Margrat Kettleson47

Emma A. Kettleson20

Charles W. Kettleson13

Eliza G. Kettleson12

Henry O. Kettleson9

Ida L. Kettleson7

George N. Kettleson5

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)

Margret og Marken children of Halvor Hansen og Signe Jonsdatter traveled to America in 1846 with father Halvor Hansen og kone Anne. 

 

Marken gifted seg med John Wilson og i 1870 bodde  i Winnebago County Wisconsin. 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MNSF-VP1.

 

John Wilson er John Williksen.

 

Anne Williksen

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Anne Williksen

Baptism Age:0

Record Type:Baptism 

Birth Date:6 Mar 1862

Baptism Date:30 May 1862

Baptism Place:Scandinavia, Wisconsin, USA

Father:John Williksen

Mother:Marken Halvorsdatter

Church Name:Scandinavia Lutheran Church

Church Location:Scandinavia, Wisconsin

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
Posted (edited)

Margit er sannsynlig.

 

Marichen Halvorsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Marichen Halvorsen

Gender:Female

Birth Date:17 mai 1830 (17 May 1830)

Baptism Date:31 mai 1830 (31 May 1830)

Baptism Place:, Tordal, Telemark, Norway

Father:Halvor Hansen 

Mother:Signe Jonsdr

FHL Film Number:126923

 

Nr. 13

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061205020255

 

 

Edited by Anton Hagelee

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

I innlegg nr. 37 er to kandidater til kone til Ole Kittelsen. Kandidat to er datter av Halvor Hansen som reiste til Amerika fra Telemark i 1846.

 

Utflyttede i 1846. Nr. 6 -9 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20051011040629

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anton for fleire nye spennande innlegg!  Eg seier meg lei for seint svar, men eg kom heimatt i aftes etter ein snøggvisitt ved Middelhavet!

 

Eg har studert opplysningane som du har finne om Margit Kittelson, og er komen til at dette likevel må vera «rett» person.  Gerhard B. Naeseth skriv i si utvandrarsoge, at Margit «perhaps» gifte seg på Jefferson Priaire i Rock Co., WI 25.4.1850 med ein Ole Aanundson, so kan henda var ho gift to gongar?  Ole Aanundson er ikkje identifisert!

 

Hadde me gredd å finna vigsli til Ole Kittelson og Margit frå 1852, ville kanskje den gitt oss endeleg svar..., men so mykje stemmer her at eg har tillete meg å skriva om teksten til fordel for Margit Halvorsdotter frå Øvrebø.  Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Jørgenson Natvig, opphavleg frå Sva under Natvik i Årdal, men soneson av husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland i Årdal (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo, var f. i Årdal 9.5.1819.  Han gifte seg i Årdal 30.4.1843 med Anna Olsdotter frå Hovland, ei sonedotter av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinserdalen i Hafslo.  Ho var f. i Årdal 29.3.1815.

Erik og Anna busette seg først som plassfolk på Sva under Natviki i Årdal.

Våren 1852 fekk Erik og Anna innflyttingsattest til Hafslo, men truleg flytte dei hit alt i 1851.  Dei tok over som plassfolk på Loi og dreiv plassen fram til 1854.

Erik og Anna flytte visstnok alt i 1854 til Bjordal i Lavik der dei var paktarar i fleire år til dei kring 1860 flytte til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var innerstfolk til dei i 1869 utvandra til Amerika.  Me finn dei att under namni Erick og Anna Jorgenson der dei først busette seg som farmarbeidarar («farm laborers») i Bristol township, Dane Co., Wis., men i 1879 følgde dei sonen Jørgen til Hettenshaw, Trinity Co., Cal.  Ikkje lenge etter flytte dei attende til Bristol township, Dane Co., Wis. der Erick d. 27.9.1885.  Anna Natwick d. same staden 31.3.1895.  Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Anna ei dotter frå før:

a. Fredrikka Kirstine Eriksdotter (1836-

 

     ¤¤¤¤¤ (death year US? – after 1920!)

 

     ), dotter av Anna og husmannssonen Erik Erikson frå Tolsgarden under Lægreid (1811-1896), vart gift første gongen med husmann Nils Andersson på ein plass under Rød i Balestrand (1831-1867), men utvandra i 1872 til Amerika og vart der attgift med husmannssonen Torbjørn Erikson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1846-1907) (for båe ekteskapi, sjå under Leirdalen i Luster).

b. Helvig Fredrikke Eriksdotter, kjend som Helen Erickson, f. i Årdal 17.9.1842, flytte med foreldri til Hafslo og vidare til Lavik og so til Lærdal, men utvandra derifrå til Amerika i 1863.  Ho gifte seg første gongen i Columbia Co., Wis. 25.7.1863 med enkjemannen Hans Monsson, opphavleg frå Hausahalsen i Lærdal, ein soneson av gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg i Luster (1765-1834), i Amerika kjend som Hans Monson.  Hans var f. i Lærdal 10.8.1823 og gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1848 med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland, f. i Aurland 18.3.1817.  Hans og Olina budde visstnok som innerstfolk på Hausahalsen, men Olina må vera avlidi,

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     for Hans var enkjemann då ogso han utvandra til Amerika i 1863.  Hans og Helen Monson slo seg først ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte tidleg i 1870-åri til ein farm i Clayton township, Mower Co., Minn.  Kring 1883 flytte dei so inn hjå ein bror hans i North Ottawa township, Grant Co., Minn. der Hans d. 6.1.1894.  Helvig Monson flytte som enkje til Elk Lake, Grant Co., Minn., men gifte seg att i Grant Co., Minn. 16.10.1908 med enkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson.  Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847.  Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå Øvrebø i Tørdal, Drangedal, i Amerika kjend som Margit Hanson.  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Hansson på Øvrebø, opphavleg frå Homleid, og første kona Signe Johnsdotter frå Hombø og f. i Tørdal, Drangedal 14.7.1833, men utvandra til Amerika i 1846 med far sin og ei stemor.  Ole og Margit farma mange år i Winchester township, Winnebago Co., Wis., men flytte på 1890-talet med fleire av dei yngre borni til Navarino township, Shawano Co., Wis. der Margit d. 28.8.1902.  Ole flytte kring 1907 til Elbow Lake, Grant Co., Minn. der han og Helvig budde levetidi ut.  Ole d. i Elbow Lake, Minn. 2.9.1911, medan Helvig Kittleson d. same staden 3.2.1917.  Me kjenner til tre born etter Hans Monson, som alle var frå andre ekteskapet med Helvig.  Andre ekteskapet hennar var barnlaust, men Ole Kittleson hadde elleve born frå første ekteskapet sitt.

c. Ole Erikson, kjend som Ole Erickson, f. i Årdal 22.3.1845, flytte likeins med foreldri sine til Hafslo, Lavik og Lærdal, men utvandra til Amerika i 1867.  Han gifte seg i Mower Co., Minn. 8.12.1877 med Helvig Andersdotter frå Vindedalen i Lærdal, i Amerika kjend som Helen Anderson.  Ho var dotter av husmann Anders Johannesson i Gjellene under Vindedalen, opphavleg frå Gones under Offerdalen i Årdal, og kona Metta Jørgensdotter frå Sva under Natvik i Årdal og f. i Lærdal 26.12.1852, men utvandra til Amerika i 1871.  Ole og Helen slo seg ned som farmarar i Bennington township, Mower Co., Minn., men flytte i 1883 til ein farm i Marsh Grove township, Marshall Co., Minn. der Ole d. 25.7.1886.  Helen gifte seg 3.1.1887 att i Marshall Co., Minn. med Mathias Johannesson frå Kvernhaugen vestre under Sund øvre på Vestre Toten, i Amerika kjend som Matt J. Johnson.  Han var son av husmann Johannes Johannesson på Kvernhaugen vestre under Sund øvre, opphavleg frå Vollengen, og kona Karen Olsdotter frå Jutulrud og f. på Vestre Toten 23.5.1856, men utvandra til Amerika i 1876.  Matt og Helen heldt fram som farmarar i Marsh Grove township, Marshall Co., Minn., men flytte i 1902 til Warren, Marshall Co., Minn. der Matt var jarnbanearbeidar og hotellvert («railroad worker and hotel managers»).  Matt d. i Warren, Minn. 24.9.1917, medan Helen Johnson d. i Argyle, Minn. 2.1.1921.  Ho fekk i alt ni born; av dei var fire frå første ekteskapet med Ole Erickson, som alle tok namnet Natwick.

d. Jørgen Erikson, kjend som George Erickson, f. i Årdal 10.11.1847, flytte med foreldri sine til Hafslo, Lavik og so til Lærdal, og derifrå utvandra han til Amerika i 1868.  George flytte tidleg til California og budde ei tid i Sacramento og i Tehama Co., Cal. til han i 1874 flytte til Hettenshaw, Trinity Co., Cal.  George gifte seg i Madison, Wis. 1.9.1879 med Dorthina, kjend som Dena Burnson, f. i Dane Co., Wis. 22.7.1860.  Dei vart buande i Hettenshaw precinct nær Mad River, Trinity Co., Cal. der George livnærte seg som sauebonde («sheep raiser»).  Men han vart myrda av ein nabo 7.9.1886, og Dena gifte seg att i Gardnerville, Nev. 22.2.1894 med Hans Hansson Nielsen frå Nørre Løgum i Lø kommune, Tønder amt, Danmark, i Amerika kjend som Hans Nelson.  Han var son av gardbrukar Hans Jensen Nielsen i Kløjing, Nørre Løgum og kona Karen Hansdotter f. Lund og f. i Nørre Løgum, Tønder amt i Danmark 24.3.1862, men utvandra til Amerika i 1883.  Hans Nelson var ei tid hotellstyrar («hotel manager»), og han og Dena budde i East Fork precinct, Douglas Co., Nev., men farma sidan i Jacks Valley precinct, Douglas Co., Nev.  Hans og Dena vart skilde i 1915, og Hans flytte til Reno, Washoe Co., Nev. der han d. 15.5.1950.  Dena gifte seg tredje gongen i Reno, Nev. 29.6.1925 med Frank Berger, f. i Washoe Co., Nev. 26.6.1865.  Frank hadde då i mange år vore jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Dena budde i Reno, Washoe Co., Nev. der Dena d. 19.8.1940.  Frank Berger d. same staden 2.12.1943.  Dena fekk i alt fire born, som alle visstnok var frå første ekteskapet med George Erickson, men siste mannen Frank Berger hadde òg to døtrer frå eit tidlegare ekteskap.

e. Erik Erikson, kjend som Erick Natwick, f. i Årdal 1.9.1850, flytte òg med foreldri til Hafslo, Lavik og derifrå til Lærdal, men utvandra òg til Amerika i 1868. 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of him? – mentioned 1888 in Hettenshaw precinct near Mad River, Trinity Co., CA! – biography needed! – called Erick Erickson!?)

 

f. Cecilia Eriksdotter, kjend som Cecelia Erickson, f. i Hafslo 24.11.1852, flytte med foreldri til Lavik og Lærdal og utvandra derifrå med dei til Amerika i 1869.  Ho d. i Ada, Minn. 12.7.1932.  Cecelia gifte seg i Dane Co., Wis. 11.11.1872 med søskenbarnet Jørgen Andreasson, kjend som George A. Natwick, ein dotterson av gardbrukardotteri Anna Hermundsdotter frå Kinserdalen i Hafslo (1784-1882).  Han var f. i Årdal 4.2.1846, men flytte i 1847 med foreldri sine til Hitra og utvandra so derifrå til Amerika i 1869.  Han d. i Ada, Minn. 13.10.1919.  George og Cecelia slo seg i 1873 ned som farmarar i Clay township, Shelby Co., Ia., men flytte i 1882 til ein farm i Lake Ida township, Norman Co., Minn.  Som pensjonistar flytte dei kring 1915 inn til Ada, Norman Co., Minn.  Dei fekk elleve born i lag.

g. Olina Eriksdotter, kjend som Lena Natwick, f. i Lavik 4.3.1855, flytte med foreldri til Lærdal, men utvandra òg med dei til Amerika i 1869. 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!)

 

h. Peder Erikson, f. i Lavik 10.10.1857, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 25.3.1865.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien og vonar i det lengste at ogso dei siste detaljane kan dukka opp...!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.