Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Fredrikke Kirstine Lerdahl - fødd i Årdal 1836 - levde i Dane Co., WI 1920 - lagnaden hennar? - OBITUARY?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i over 30 år og som eg aldri har greidd å løysa!  Kanskje det no endeleg er på tide...?

 

Fredrikke Kirstine Eriksdotter Natvig, fødd i Årdal i Sogn 28.10.1836, utvandra som enkje til Amerika frå Balestrand i 1872 og gifte seg i Columbia Co., WI 10.12.1875 med:

Torbjørn Erikson LERDAHL, fødd i Luster 22.11.1846.

Dei slo seg ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., WI der Torbjørn «Tom» Lerdahl døydde 9.11.1907.

 

I 1920 var Fredrikke LERDAHL framleis busett på denne farmen i lag med dotteri (enkja) Julia BURNSON: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVD-FYV

 

Men i 1930 er Fredrikke borte og erstatta av ei Mary Jerde på 92 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR8J-971F

 

Det store spørsmålet er so:

 

** Kvar vart det av Fredrikke LERDAHL?

 

** Kan det finnast ein dato og stad for dødsfallet hennar?

 

** Kva med ein OBITUARY?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Du brukar ordet «Obituray» eit par stader, ser eg.

 

I desse stader då Slektsgransking er mykje for oss sjølv, då samle lokale er lukket og låst pga Korona-tyle-skapen/hysteriet.

 

Kjekt om du ville svara på dette, Lars ! Eg har alt gjeve deg fyrste-plass her i Brukarforum, fyrebils ....

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for interessant kommentar!

 

So vidt som eg forstår, er Noreg mellom dei landi i verdi som har takla corona-epidemen på absolutt beste måten.  So styresmaktene skal ha «honnør» for det!  På den andre sida høyrest det ut som eg må i 10 dagars karantene på eit hotellrom om eg skulle finna på å forvilla meg til Noreg no, so då er det lettare for meg å reisa til Frankrike eller Austerrike...

 

Elles er det kanskje ordet «obituary» du ikkje likar.  Eg er heilt samd i at me burde bruka gode (sogna-)norske ord i all skriven tekst, men korleis skal ein omsetja obituary slik at folk flest forstår det?  Kanskje me burde omtala det som «liktale»??  Kva meiner du?

 

Elles vonar eg framleis det kan lata seg gjera finna ein liktale for Fredrikke i Wisconsin, og eg takkar å ny for alle freistnadar!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Dersom du reiser åleine, og har norsk pass, så har Danmark åpent for Norge og Tyskland etter 15 juni. 

Er det so nødvendigt å skrifta for norske stat på grensa, kvar du har vore hen ?

Dersom du ellers er frisk, så har du vel gjort noko verre i di tid, enn dette ? Eller kva ?

——

At ordet tydde lik-tale, var nytt for meg, Lars. Var tilstades i ein «liktale» i 1968. Då ho døydde tidlig  om morgonen, vart det andakt og tale av ein lekmann litt utpå ettermiddagen, før ho vart køyrd til likhuset v/ kyrkja. 

——-

Svaret på spyrsmålet ditt i # 1 har eg ikkje.

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.