Gå til innhold
Arkivverket

Aage Andersøn Skjong/Weddegiere


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

I BB for Borgund og Giske bind 3 s. 286 finn vi Aage Andersen Skjong som brukar på brn. 1 frå ca. 1725 - 1746. Han gifter seg med Guri Ellingsdatter, usikkert kvar ifrå i 1725.  https://www.nb.no/nbsok/nb/ff134a2c9670bf6b5cbe848b7a7f9404?lang=no#289   I vigselsinnskrivinga er han kalla Aage Andersøn Weddegiere: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640347 Det rare med denne innskrivinga er at det er sett inn eit NB, men eg greier ikkje heilt å tyde kva som står. Kanskje nokon kan hjelpe meg med det. Vonleg er det ei opplysning som kan kaste lys over kvar Aage eller Guri kjem frå.

 

Aage er i BB kalla Skjong, og han er vel då son til Anders Pederson Skjong (Sjå BB bind 3 side 645:   https://www.nb.no/nbsok/nb/ff134a2c9670bf6b5cbe848b7a7f9404?lang=no#646). Men eg finn ikkje noko kjelde på dette. Aage døde visstnok i 1746. Når kona Guri Ellingsdatter døde har eg ikkje noko årstal på. Men eg finn ikkje skifte etter Aage Andersøn.

 

Antatt far Anders Pederson Skjong på Skjong bruk III døde i 1748 og kona Brite Jonsdatter f. Alnes i 1717, men eg finn ikkje skifte etter dei. Eg finn heller ikkje noko skifte etter andrekona til Anders, Mari Andersdatter, som døde i 1746. Er det råd å finne kjelder som kan konstatere at Aage Andersøn var son til Anders Pederson Skjong?

 

Og kva med kona hans, Guri Ellingsdatter? Kan ho vere frå ? Sonen Elling henta kona si frå Helset på Stranda. Sjå tidlegare tråd:   https://forum.arkivverket.no/topic/216403-kvar-kjem-kristin-jetmundsdatter-veddegjerde-frå/      Kan Guri også vere derifrå?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, HelgeHånes skrev:

I vigselsinnskrivinga er han kalla Aage Andersøn Weddegiere: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640347 Det rare med denne innskrivinga er at det er sett inn eit NB, men eg greier ikkje heilt å tyde kva som står. Kanskje nokon kan hjelpe meg med det. Vonleg er det ei opplysning som kan kaste lys over kvar Aage eller Guri kjem frå.

Nei...det hjelper ikkje deg.

Innskotet er vanskeleg å lese men noko slikt: "NB. in Octobr h. ann. blev Hr.  Augustinus Melldal Copulerit etc."

 

Dette kan vere den Augustinus Meldal som var sokneprest i Borgund frå 1742. Han vart gift som enkjemann i 1725.

Det kan vere eit seinare innskot (t.d. ved Meldal sjølv), og vigsla kan ha vore ein annan stad.

 

 

har du funne trulovinga? Det kan vere andre opplysningar der.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for den oppklaringa Ivar. 

Trulovinga skjedde 8. januar 1725 og der er dei same namna brukte som i vigselen, men det er skrive at begge bor på Giere.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640317

Kan det bety at Guri Ellingsdatter er frå Weddegiere? Eller viser det berre at Aage alt ved trulovinga har flytta til Weddegiere, og at dei har flytta saman?

 

Sponsorane er Anders Persson Skiaang of Matz Svendson Skiaang.

Dette skulle vel tyde på at Aage Andersøn Weddegiere er frå Skjong på Valderøya og temmeleg sikkert son til Anders Person Skjong.

Endret av HelgeHånes
Gløymde å sette inn lenkja til trulovinga
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åge og/eller Guri må ha hatt ei eller anna tilknytning til Skjong, sidan begge trulovarane var derifrå.

Det treng ikkje vere det same som at han/ho er son/dotter til ein brukar der (eller ein brukar nokon annan stad).

 

Det er ganske mange ting her som du kan seie "at det kan tyde på" om kvar for seg - utan at det likevel er noko meir enn akkurat det. Det er eit godt sykke derifrå til "mest truleg", og så derifrå til "temmeleg sikkert".

 

Elles: 8.januar for truloving kan ikkje vere rett. Det står at det er "Onsdagen..." og 8. var ein måndag.  Onsdagar i januar var 3., 10. , 17.,  24., og 31.

 

Ettersom Åge må ha bygsla bruket på Veddegjerde, skulle det vere ei innførsle i tingboka om tinglysing av bygselsetelen. Har du sett denne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Inge Nygård skrev:

Ved trulovinga står det "Aage Andersøn af Skiaang".

ja.. vi ser det. 

Spørsmålet er kva dette "af" inneber, om noko - i motsetnad til der det manglar, t.d. " Anders Peersøn Skiaang"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aage Andersøn af Skiaang tyder vel Aage Andersøn frå Skiaang. Dette "af" er vel sett inn fordi han trulovar seg i Borgund eller det kan vere fleire som heiter det same. Det er m.a.o. behov for å poengtere kvar han er frå.

 

Tinglysinga av bygslesetelen til Weddegiere har eg ikkje funne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.