Gå til innhold
Arkivverket

Hilma «Helene» Ross, f. Korstad, døydde 2.2.1998 - mannen William døydde 1988 - finst det ein OBITUARY?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er svært interessert i å finna fleire opplysningar om denne jenta med foreldre frå Innvik og Hafslo:

 

Hilma «Helene» Alfreda Ross, f. Korstad, fødd i Beltrami Co., MN 26.2.1916, var gift med William Edward Ross, som døydde i Long Beach, CA 13.5.1988.  Sjølv døydde ho 2.2.1998, og dødsregisteret syner at ho døydde i Lane Co., OR, truleg i Eugene, OR.

 

Eg finn ikkje gravene deira og heller ikkje har eg so langt greidd å finna nokon OBITUARY!

 

Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner denne:

 

image.png.32417d2b9ec7239f0f6c49f1489528a4.png

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=5254&h=1193180&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=nTi419&_phstart=successSource

 

og denne:

 

image.png.7c0724f5de22a1445688cb52dbf5e7f5.png

 

Usikker på hvilken datering "Last known residence" her har. Det kan se ut som at Helene døde i Oregon, men hadde bosted i California? Kanskje døde hun på en reise? En mulighet er jo å bestille kopi av dødsattesten (sjekk Ancestry-link), kanskje denne kaster lys rundt adresse/bosted ved dødsfallet.

 

Jeg finner forøvrig ingen OBITs til Hilma/Helene eller William.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for siste innlegget!

 

Nettopp denne dødsmeldingi var det eg fann som synte til Lane Co., OR som dødsstad.  For ein del år sidan talte eg med ei søsterdotter av Helene og sjølv ho visste ikkje at mosteri var avlidi i Oregon!

 

Merkeleg kor «anonym» denne huslyden synest ha vore, men eg lever i voni og takkar på ny for freistnadane på å finna ut noko meir om livi dera...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg er svært interessert i å finna fleire opplysningar om denne jenta med foreldre frå Innvik og Hafslo:

 

Du skriver ikke noe om hennes 1. ekteskap - har du disse opplysningene?

 

43 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Merkeleg kor «anonym» denne huslyden synest ha vore, men eg lever i voni og takkar på ny for freistnadane på å finna ut noko meir om livi dera...

 

De (William E Ross og Helene A Ross) finnes i US City Dir - har du dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

Hilma «Helene» var gift første gongen med den før omskrivne Richard Hadley Dear, og opplysningane om han er so «nokolunde» i orden, bortsett ifrå dødsstaden hans.

 

Dei viktigaste utfordringane i denne huslyden, utanom dei nøyaktige dødsstadane, gjeld første og fremst borni.  Me veit at Hilma «Helene» hadde fire born i alt, og spørsmålet er kor mange av desse var frå kvart av ekteskapi...!?

 

Ogso manglar me året for skilsmålet mellom Hilma «Helene» og Richard Hadley Dear?  Kanskje finst det  eit avisoppslag eller ei kunngjering om dette?

 

Her er eit utdrag av manuskriptet for Hilma «Helene»:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hilma, kjend som Helene Alfreda Korstad, f. i Beltrami Co., Minn. 26.2.1916, d. i

 

     ¤¤¤¤¤ (place of her death? - Lane Co., OR!)

 

     2.2.1998.  Ho gifte seg første gongen i Long Beach, Cal. 29.12.1939 med Richard Hadley Dear, f. i San Francisco, Cal. 1.2.1920.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (place of his death? – bur. Willits, Mendocino Co., CA!)

 

     2.2.1999.  Richard var marinegast («U.S. Navy fireman»), og han og Helene budde i Long Beach, Los Angeles Co., Cal., men vart skilde etter kort tid. 

 

     ¤¤¤¤¤ (approximate year of their divorce?)

 

     Helene gifte seg so att i Los Angeles, Cal. 1.9.1946 med William Edward Ross.  Han var f. i Yellowstone Co., Mont. 23.6.1920 og d. i Long Beach, Cal. 13.5.1988.  William var byggmeister («building contractor»), og han og Helene budde levetidi ut i Long Beach, Los Angeles Co., Cal.  Helene fekk fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Me veit at Hilma «Helene» hadde fire born i alt, og spørsmålet er kor mange av desse var frå kvart av ekteskapi...!?

 

?

The California Birth Index, 1905-1995 - Lenke Ancestry
Name:    Robert W Ross
Birth Date:    18 Jul 1962
Gender:    Male
Mother's Maiden Name:    Korstad
Birth County:    Los Angeles

 

The California Birth Index, 1905-1995 - Lenke Ancestry
Name:    David Byron Ross
Birth Date:    17 Sep 1953
Gender:    Male
Mother's Maiden Name:    Korstad
Birth County:    Los Angeles

 

The California Birth Index, 1905-1995 - Lenke Ancestry
Name:    Gwendolyn Elaine Ross
Birth Date:    31 Dec 1951
Gender:    Female
Mother's Maiden Name: Korstad
Birth County:    Los Angeles

 

The California Birth Index, 1905-1995 - Lenke Ancestry
Name:    Dolores Rae Dear
Birth Date:    13 Aug 1942
Gender:    Female
Mother's Maiden Name: Korstad
Birth County:    Solano

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget om denne huslyden!

 

Eg fann berre tre av desse fødslene då eg søkte fødselsregisteret frå California og mangla soleis eitt!  No ser eg at du har oppdaga alle fire, so då er denne delen av gåta løyst!

 

Eg har ført rettingi inn i manuskriptet i innlegg #5.

 

Men framleis manglar me dødsstadane til Hilma «Helene» og første mann hennar samt året for skilsmålet deira...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tor for siste innlegget!

 

Her er omtalen, som eg har av foreldri til Hilma «Helene» KORSTAD.  Dei  budde òg i Minnesota, men ikkje i Clarkfield, MN:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Marie Andersdotter Bjørkenes, f. {i Hafslo} 1.12.1881,

Anna Hauge utvandra til Amerika i 1906 og fór då til skyldfolk i Ferryville, Crawford Co., Wis.  Ho gifte seg i Red Lake Co., Minn. 12.11.1909 med Anton Larsson Kaarstad frå Kårstad i Innvik, i Amerika kjend som Anton Korstad.  Han var son av gardbrukar Lars Larsson på Kårstad og kona Ingeborg Antonsdotter frå Hilde og f. i Innvik 25.8.1879, men utvandra til Amerika i 1898.  Anton og Anna budde først ei kort tid i Thief River Falls, Pennington Co., Minn., men flytte snart til ein farm i Hamre township, Beltrami Co., Minn.  I 1940 flytte dei inn til Bemidji, Beltrami Co., Minn., men i 1947 fór dei med yngste sonen William til ein farm nær Mabton, Yakima Co., Wash.  Frå 1950 var dei so som pensjonistar busette i Long Beach, Los Angeles Co., Cal.  Anton d. i Lakewood, Cal. 13.6.1966, medan Anna Korstad d. i Long Beach, Cal. 19.3.1978.  Dei fekk fem born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Er dette til hjelp for deg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var det. "Mine" Korstad var etterkomarar av Anders Danielson Kårstad (1867-1947) død i Yellow Medicine, MN. Takk for avklaring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.