Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Jonasson Nitter - fødd i Sogndal 1695 - gift med Øllegaard Pedersdotter Teiste (1700-1745) - mannen forsvinn frå Hafslo kring 1750 - kvar vart det av han? - kan henda til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år vore på leiting etter Henrik Jonasson Nitter frå Sogndal, som i 1728 gifte seg med ei gardajente Øllegaard Pedersdotter Teiste frå Kroken i Hafslo og vart husmann på plassen Stein under Kroken.  Etter Henrik vart enkjemann kring 1745, flytte han frå Kroken att, og den seinare lagnaden hans er eit kjempemysterium!  Flytte han kan henda til Bergen?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt;

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Jonasson Nitter, opphavleg frå Sogndal, men son av øltappar Jonas Henrikson Nitter i Bergen (1661-1709), som ei tid hadde vore gardbrukar på Tandla i Luster, vart døypt i Sogndal 27.10.1695.  Henrik gifte seg i Hafslo 21.1.1728 med Øllegaard Pedersdotter Teiste frå Kroken (bnr. 1).  Ho var f. kring 1700 og d. i Stein kring 1745.  Henrik fekk i 1728 skøyte på eine helfti av Feigesagi, Feigum i Luster (bnr. 2), og han og Øllegaard budde der til dei i 1732 fekk rydda seg ein plass i Stein under Kroken og flytte hit.  Her vart dei buande so lenge Øllegaard levde, og kan henda nokre år til.

Men kring 1750 ser Henrik Nitter ut til å vera faren frå Kroken utan at me no kjenner den endelege lagnaden hans.

 

¤¤¤¤¤ (kvar vart Henrik av?)

 

     Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, har funnet noe, men vet ikke om det er riktig eller til noe hjelp.

 

https://gw.geneanet.org/ingem44?n=nitter&oc=&p=henrik+jonassen

 

 

Henrik Jonassen Nitter

Født i 1695 - Bergen, Hordaland

Død i 1746 - Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, alder 51 år

 

Foreldre

Jonas Henriksen Nitter 1661-1709

Mette Pedersdtr Klingenberg 1664-1744

 

Søsken

K Ellen Jonasdtr Nitter 1687-/1744

K Eli Jonasdtr Nitter 1687-1744

M Peder Jonassen Nitter 1690-1726

K Øllgeård Jonasdtr Nitter 1706-1788

 

Kilder

Person: Internett - Geni.com - 15 Apr 2015

 

Oversikt over anetavlen

Anetavle

Henrik Henriksen Nitter 1620-1689 Ellen Andersdtr Glad 1619-1689

Jonas Henriksen Nitter 1661-1709 Mette Pedersdtr Klingenberg 1664-1744

Henrik Jonassen Nitter 1695-1746

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Margun for eit spennande innlegg!

 

Eg skulle gjerne ha trudd på denne opplysningi, men eg er ikkje i stand til å finna prov for at Henrik Jonasson Nitter verkeleg døydde i 1746.  Diverre manglar me kyrkjebøker for avlidne i Hafslo før 1755, og heller ikkje kan eg sjå at det vart halde skifte etter Henrik!

 

Kan han ha flytt til Bergen?

 

Eg vonar framleis på at det kan finnast svar på denne gåta og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Lars !

 

Hafslo, Solvoren etc, 1717-55, Kronologisk, er det ingen Jordfesta ?

 

Sjølv ser eg dåp, trulovelse, vigsel (copulering El.l.).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Det stemmer at den eldste kyrkjeboki for Hafslo er kronologisk ført, men kvifor sokneprestane på den tidi ikkje førte inn gravfersdene, kan eg ikkje svara på.  Den mest sannsynlege «teorien» er vel at dei førte ei eigi gravferdsprotokoll, og denne er sidan bortkomen...

 

Dersom Henrik Jonasson (Nitter) verkeleg døydde i Hafslo, er dødsfallet ikkje innført i nokon eksisterande protokoll, og i skifteprotokollen er han heller ikkje ført!

 

Mysterium...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 18.6.2020 den 13.11, Lars E. Øyane skrev:

Dersom Henrik Jonasson (Nitter) verkeleg døydde i Hafslo, er dødsfallet ikkje innført i nokon eksisterande protokoll, og i skifteprotokollen er han heller ikkje ført!

 

Mysterium...

 

Det siste skiftet i protokoll A 5b starter 6. mai 1748 og det første i protokoll A 7a starter 29. juli 1751, dermed mangler det over tre år med skifter.

Så det vel mulig at Henrik Jonasson Nitter ble boende og døde i denne perioden. Kanskje finnes det noen spor i panteboka? Dessverre finnes det ikke noe panteregister, så da blir det mye blaing.

 

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 5b (1741-1748), Skifteprotokollside, Side 458b-459a

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 7a (1751-1762), Skifteprotokollside, Side 1b-2a

 

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for siste innlegget!

 

Henrik Jonasson Nitter var ikkje jordeigar, og før 1751 finn me heller ingen festesetlar frå indre Sogn, so det er nok ikkje stort pantebøkene har å by på, når det gjeld denne huslyden!

 

Heller ikkje i tingbøkene har me finne noko som helst!

 

Og som du alt har konstatert, er det ei «lakune» i skifteprotokollane frå 1748 til 1751, utan at eg kan forstå kvifor..

 

Tja, den som visste...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.