Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gulbrand Olson (1702-1774) og kona Rannei Monsdotter (1716- ) Kroken og Kinsedalen i Hafslo - ei opprydding i bruken av mannsnamnet Gulbrand i indre Sogn 1730-1760?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Posted (edited)

Utgongspunktet for dette emnet er ei «utfordring» som eg har hatt liggjande i mange år - saksa frå følgjande to tema:

* https://forum.arkivverket.no/topic/172009-kirsti-gulbrandsdotter-frå-kroken-i-hafslo-fødd-kring-1745-gift-i-årdal-1767-med-johannes-larsson-kven-var-dei/?tab=comments#comment-1471054

* https://forum.arkivverket.no/topic/200065-gulbrand-stenen-husmann-under-kroken-i-hafslo-1762-kven-var-han/?tab=comments#comment-1690651

 

1762 budde det ein husmann Gulbrand NN på plassen i Stein under Kroken ytre i Hafslo.  Han hadde buande hjå seg kona (ikkje namngjevi) og ei dotter Kirsti, fødd for 1750.

 

Ein Gulbrand Dahlen (Kinserdalen?) vart gravlagd i Hafslo 15.3.1774, 70 år gamal - truleg same mann

 

Eg har no gjort ein grundig analyse av fødselsregisteri hjå FamilySearch, og me finn følgjande born av Gulbrand fødde i indre Sogn 1730-1760:

 

* Gulbrand Jensson og Siri Skaksdotter (budde på Kaupanger):

*** John - døypt Kaupanger 17.6.1731

*** Bertha - døypt Kaupanger 27.10.1733

 

* Gulbrand Olson og Ragnhild Andersdotter (vigde Kaupanger 1.11.1732) (budde i Hola under Sogndal prestegard på Kaupanger):

*** Agatha - døypt Kaupanger 5.11.1735 - gift Kaupanger 23.4.1759 med Johannes Ingebrigtson

*** Kirsti - døypt Kaupanger 2.3.1738 - gift to gongar i Årdal

 

* Gulbrand Hansson og Gunnhild Jacobsdotter (budde på Loftesnes i Sogndal):

*** Ole - døypt Sogndal 25.12.1735

*** Ole - døypt Sogndal 7.4.1737

*** Bertha - døypt Sogndal 13.3.1740

 

* Gulbrand Hansson og Malena Torgersdotter (vigde Lærdal 3.9.1724):

*** Ingeborg - døypt Lærdal 6.4.1733

*** Torger - døypt Lærdal 15.3.1738

 

* Gulbrand Olson Yttre Offerdal og Rannei Monsdotter:

*** Cecilia - døypt Sogndal 3.9.1747 - fødd på Nestangen i Stedje sokn

*** Maria - døypt Lærdal 4.5.1749

*** Ole - døypt Lærdal 2.1.1752

*** Mons - døypt Lærdal 14.12.1755

 

* Gulbrand Olson Wee og Synneva Thoresdotter (vigde Lærdal 20.11.1747) (budde på Åbølle i Årdal):

*** Ole - døypt Lærdal 17.4.1751

*** Kari - døypt Lærdal 30.12.1753

*** Ingeborg - døypt Lærdal 28.8.1756

*** Thore - døypt Lærdal 16.7.1759

 

* Gulbrand Aslakson og Kari Olsdotter (vigde Lærdal 12.11.1758) (budde i Årdal):

*** Ingeborg - døypt Lærdal 2.7.1758

*** Gro - døypt Lærdal 30.12.1759

 

Det er berre EIN EINASTE av desse huslydane som høver med Gulbrand i Stein under Kroken og sidan i Kinserdalen, og det er huslyden som eg har utheva ovanfor.  Denne Gulbrand Olson vart døypt på Kaupanger i Sogndal 29.2.1702 som son av gardbrukar Ole Andersson på Haustaker (1674-1740) og Kirsti Gulbrandsdotter frå Hovland (1669-1733).  Gulbrand må ha gift seg i Sogndal mellom 1741 og 1747 (då kyrkjebøkene manglar) med Rannei Monsdotter, og dotteri Kirsti, nemnd 1762, må vera fødd kring 1745.  Dei flytte til Stein kring 1757, eit tidspunkt som høver «perfekt» med fødselsrekka ovanfor!  So finn me følgjande skifte etter husmann Mons på Nestangen i Sogndal frå 1742: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000127072

 

Her kjem det fram at enkja hans var Ceceilia Clausdotter, truleg med opphav frå Bjørgen under Årøy i Sogndal, og einaste dotteri Rannei var 26 år gamal!!

 

Utfordringane som no står att å løysa, er følgjande:

 

** Kven var husmann Mons på Nestangen under Nes i Sogndal?

 

** Kvar vart det av Rannei Monsdotter?

 

** Kvar vart det av borni i denne huslyden?  Eg kan ikkje sjå at nokon av dei vart konfirmerte eller sidan budde i Hafslo!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Gulbrand Olson Yttre Offerdal og Rannei Monsdotter:

*** Cecilia - døypt Sogndal 3.9.1747 - fødd på Nestangen i Stedje sokn

*** Maria - døypt Lærdal 4.5.1749

*** Ole - døypt Lærdal 2.1.1752

*** Mons - døypt Lærdal 14.12.1755

 

For ordens skyld:

 

Zidzele

Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. A 3 (1747-1768), Kronologisk liste 1747, Side 3
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515650395 

 

Maria 
Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1749, Side 113
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620057 

 

Ole

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1752, Side 120
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620064 

 

Mons

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1755, Side 122
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620193 

 


 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Skudd i blinde:

 

I 1801 finner jeg en Mari Gulbrandsdatter og en Cecilie Gulbrandsdatter i Eivindvik. Mari er gift, mens Cecilie er ugift og i tjeneste på Ytre Bøe:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002995

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002875

 

I 1782 har Anfind Hansen en sønn Gulbrand til dåpen i Gulen, og blant fadderne er Cecilie Gulbrandsdatter Indre Bøe:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009678294

1783 - Gulbrand

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009679559

 

Rasmus, 1790

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007116961

https://media.digitalarkivet.no/view/11446/86

 

Guri, 1794

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007122689

 

Anfind Hansen bor hos sønnen Rasmus i Lavik i 1815:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096000201

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether

Finner ei Kirsti døpt ved Kaupanger 8.1.1730 (uekte), foreldre soldat Gulbrand Olsen Høstaker og Margareta Skaksdatter Vestreim https://media.digitalarkivet.no/view/11652/23

 

Johannes Larsen og Kirsti Gulbrandsdatter i Årdal hadde tvillingdøtrene Mari og MARGRETE døpt i 1768.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether
Posted (edited)

Sicilia Guldbrandsdatter Assem død 1809: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000771385

 

Skiftet etter avdøde Mari Gulbrandsdatter Foss i Lavik 5.5.1814 der det står at hun døde forrige år, mellom enkemannen Anfind Hansen og deres to sønner og tre døtre: https://media.digitalarkivet.no/view/24176/42

 

Mari Rasmusdatter (!) Fosse ble jordpåkastet i Lavik 15.8.1813, 70 år gammel.

Edited by Terje Tandsether

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Terje for svært spennande og interessante innlegg!

 

Eg er merksam på at Gulbrand Olson frå Haustaker fekk den eine uekte dotteri Kirsti alt i 1730, men ho voks truleg opp på Notsete i Sogndal der mori vart gift kort tid etter.  Den Kirsti Gulbrandsdotter som var gift to gongar i Årdal, har eg trudd kan ha vore frå Loftesnes, men det KAN sjølvsagt òg ha vore denne uekte dotteri, særleg sett på bakgrunn av at ho fekk ei dotter Margretha.

 

Uansett trur eg at Gulbrand Olson ogso i ekteskapet må ha hatt ei dotter Kirsti, fødd kring 1745, midt i den perioden der kyrkjebøker for Sogndal manglar, og ho er nemnd i ekstraskattmanntalet for Kroken frå 1762, medan hi Kirsti i same teljingi er husmannskona under Dalaker i Årdal!

 

Elles må eg seia det høyrest svært so rimeleg ut at desse borni kan vera flytte utover Sognefjorden, og nettopp på Foss i dagens Hyllestad var det folk frå Luster og Hafslo som tidvis budde.  No ser eg at bygdeboki for Hyllestad (II) side 438 nemner denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

XII. Anfinn Hansson, gbr. 1780-ca. 1800, f. 1743 på Espeland, d. 1836 på Foss.  Første kona ukjend.  Gift 2. 1775 med Mari Guldbrandsdotter, f. ca. 1749.  Barn:

1. Marta f. 1775, gift 1805 med Johannes Mikalson Ytre Bø

2. Hans f. 1778, d. 1778.

3. Hans fekk garden (f. 1779, d. 1811 på Foss.  Gift 1800 med Brita Ivarsdotter Espeland, f. 1866)

4. Guldbrand f. 1782, d. 1782.

5. Guldbrand f. 1783, d. 1783.

6. Pernille f. 1786, gift 1819 med Jens Olson Tveita, til Vassbakken på Indre Bø.

7. Rasmus fekk garden etter broren (f. 1790, d. 1838 på Foss - gift to gongar - 10 born)

8. Guri f. 1794.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Forfattaren veit altso IKKJE kvar Mari var kommi ifrå, og når Ceceilia Guldbrandsdotter opptrer som faddar for i alle fall to av borni, må me tolka dette dit at dei to var søstrer i eit prestegjeld der Gulbrands-namnet elles var svært sjeldent!  Mari og Cecelia var faktisk dei einaste to vaksne Gulbrands-borni i heile prestegjeldet i 1801!

 

Men kvar vart det so av dei hine søskeni?

 

Eg ser i grunnen berre ein god «kandidat» for Ole Gulbrandson, fødd 1752: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000084153

 

Men me har òg denne skoflikkaren i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390003514

som døydde i 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000136536

men han var nok frå Bergen (mori hadde same namn som einaste dotteri!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW5H-X89

 

og denne ungkaren på Voss: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000868170

truleg identisk med denne fødsli frå Voss (som gjer han uaktuell for oss); https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGR-XLX

 

og denne karen i Nesset i Romsdalen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058423001335

som døydde i 1806: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001352457

 

Når det gjeld Mons Gulbrandson, fødd 1755, ser eg på Vestlandet berre to kandidatar:

 

Denne karen på Håland, Os: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058380004501

men dette er nok dåpen hans... (som gjer han uaktuell for oss): https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWP6-JTR

 

og denne i Fjelberg: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058370001087

 

Som før nemnt er ingen av Gulbrandsborni konfirmerte i Hafslo, so dei som voks opp av dei, må vera flytte frå Hafslo før konfirmasjonsalderen - noko som ikkje var uvanleg på den tidi.  Diverre manglar konfirmasjonslister for Gulen på den tidi, men kanskje vil det dukka opp noko i gravferdslistene i Gulen - til dømes mori Rannei Monsdotter og dotteri Kirsti?  Kan henda òg sønene Ole og Mons?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg gløymde å nemna dette frå Fattigprotokollane i Hafslo:

 

1772 betalt stønad til Gulbrand Stenen

 

1774 betalt stønad for kiste og laken til Gulbrand Stenen.

 

Med dette har me endeleg prov for at det var han som døydde i Hafslo i 1774, men korkje kona eller borni er nemnde i desse protokollane, so kan henda døydde Rannei lenge før utan at dødsfallet hennar er innført i kyrkjeboki!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.