Jump to content
Arkivverket

Anders eller M. O. Sundland frå Haus, f. 1867 - skulestyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1897-1903 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg tek til med denne karen:

 

M. O. Sundland, i FT1900 omskriven som Anders Sundland, var fødd i Haus i 1867 og skal ha vore styrar ved Amtsjenteskolen frå starten i 1897 og fram til 1903.

 

Han er ugift i 1900, men er det mogeleg å finna meir nøyaktige opplysningar om denne karen, opphavet og lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. og Sven for kjempefine innlegg om Anders Sundland og lagnaden hans.

 

Eg har no sjekka ut opplysningane og har òg grave fram litt fleire opplysningar som har sytt for følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Olson Sundland, opphavleg frå Sundland i Haus, var son av gardbrukar og lærar Ole Andersson på Sundland, opphavleg frå Vatle, og kona Olina Olsdotter frå Borge og f. i Haus 20.8.1867.  Han gifte seg på Arna 26.8.1901 med Helga Malene Jacobsdotter Bø frå Bø indre i Nedstryn, Stryn.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Jacobson på Bø indre og kona Olina Samuelsdotter frå Lunde ytre og f. i Nedstryn, Stryn 17.3.1881, men var i 1900 elev ved skulen i Kroken.

Anders gjekk landbruksskulen på Stend i Fana og sidan høgre avdeling på Ås, men var frå våren 1894 lærar på Stend landbruksskule til han våren 1895 vart styrar for den praktiske jenteskulen på Svanøy i Sunnfjord.

I 1897 vart so Nordre Bergenhus Amtsjenteskole òpna i Munthehuset i Kroken, og Anders vart første styraren ved skulen.  Her virka han fram til 1903.

Anders og Helga Sundland flytte i 1903 til garden Li på Arna i Haus der dei sidan var gardbrukarar.  Anders var i mange år òg ordførar i Haus kommune.  Helga d. som gardbrukar- og ordførarkone på Li 19.4.1915, medan Anders Sundland d.

 

##### (dødsstaden hans?)

 

9.3.1957

 

##### (var han kan henda attgift?)

 

##### (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det høyrer med til soga at Anders skal ha kome litt for «nær» ho Helga, medan ho var elev ved skulen i Kroken, og kan kanskje forklara kvifor Anders ikkje heldt fram i skuleverket?

 

Kanskje bygdeboki for Haus kan bidra med fleire detaljar som kan svara på dei siste spørsmåli?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit nyttig innlegg!

 

Då har eg omskrive manuskriptet mitt deretter til erstatning for manuskriptet i innlegg #8, og den einaste detaljen som no manglar er sjølve dødsstaden til Anders Sundland...

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Olson Sundland, opphavleg frå Li på Arna i Haus, var son av gardbrukar og lærar Ole Andersson Sundland, opphavleg frå Vatle, og kona Olina Olsdotter frå Borge og f. i Haus 20.8.1867.  Han gifte seg på Arna 26.8.1901 med Helga Malene Jacobsdotter Bø frå Bø indre i Nedstryn, Stryn.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Jacobson på Bø indre og kona Olina Samuelsdotter frå Lunde ytre og f. i Nedstryn, Stryn 17.3.1881, men var i 1900 elev ved skulen i Kroken.

Anders gjekk landbruksskulen på Stend i Fana og sidan høgre avdeling på Ås, men var frå våren 1894 lærar på Stend landbruksskule til han våren 1895 vart styrar for den praktiske jenteskulen på Svanøy i Sunnfjord.

I 1897 vart so Nordre Bergenhus Amtsjenteskole òpna i Munthehuset i Kroken, og Anders vart første styraren ved skulen.  Her virka han fram til 1903.

Anders og Helga Sundland flytte i 1903 til heimebruket hans på Li på Arna i Haus der dei sidan var gardbrukarar.  Anders var i mange år ordførar i Haus kommune og arbeidde òg som jarnbanesmed.  Helga d. som gardbrukar- og ordførarkone på Li 19.4.1915, medan Anders Sundland d.

 

##### (dødsstaden hans?)

 

9.3.1957.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
  • 4 months later...
Lars E. Øyane

Innlegg #12:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk for siste innlegget til Lars W.

 

Eg sakna dødsstaden til Anders O. Sundland, men me lyt vel tolka det slik at han døydde på garden Li ved Haukeland stasjon der han budde...

 

Soleis er problemet løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
On 6/21/2020 at 12:11 PM, Lars E. Øyane said:

og arbeidde òg som jarnbanesmed.

 

Er du viss på det?

Om du har det frå bygdeboka, så er det vel kanskje  nr 138 som er smed på NSB, Kronstad?

Edited by Jostein Stokke
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #14:

 

Hjarteleg takk til Jostein for siste innlegget!

 

Nei, eg er ikkje sikker på noko her, men ifølgje innlegg #9 les eg at han var jarnbanesmed, og kjelda er tydeleg bygdeboki...

 

Kan du Jostein, eller andre, syna til alternative kjelder og andre opplysningar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #16:

 

AHA, no forstår eg samanhangen.  Det var altso neste brukar som var jarnbanesmed og ikkje Anders Sundland.  Likevel er dette uklårt sagt...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!  Eg har no retta manuskriptet mitt!

Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
51 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Likevel er dette uklårt sagt...

 

Nei det er det slett ikkje.

Det er systemet forfattaren nyttar - først titel og gjerne stad ( småbrukar på Li / og smed på NSB, Kronstad) - så nr og namn og så syner han til kor denne karen kom frå

(138 Ingvald Bernhard Sevreson Hanstveit, Li 117f)

Det er gjennomført i alle bygdebøkene til Lars Martinusson Ådna.

 

Meir var det ikkje denne gongen Lars.

Link to post
Share on other sites

Anders Sundland var ordfører i Haus herad i to perioder: 1911-1919 og 1926-1934, tilsammen rundt 16 år, ifølge Bergen Byleksikon.

https://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/14354492

 

Han var i 1896 amtsagronom i Romsdals amt (nå Møre og Romsdal fylke):

 

image.png.8d3d5da083ba63befd6a561a5c0d205a.png

 

(fra "More og Romsdal Landbruksselskap 150 år")

 

Edited by Tore Nilssen
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.