Gå til innhold
Arkivverket

O. T. Engdal - skulestyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1903-1908 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne karen:

 

O. T. Engdal kom i 1903 som skulestyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og hadde stillingi fram til 1908.  Mannen er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne karen, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Lars W. for kjempefine og nyttige opplysningar om O. T. Engdal og lagnaden hans!

 

No har eg leitt fram litt ekstra opplysningar og reinskrive manuskriptet mitt for denne huslyden, som i dag ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg frå Grethe har eg no erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #11 under!

 

Nokre detaljar manglar framleis, særleg om den seinare lagnaden til Ole og Signe, men kanskje finst det fleire opplysningar i bygdeboki for Aure?  Eller ei dødsannonse for Signe?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thor, f. 31.01.1905

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007509194

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen i Bergen, Ministerialbok nr. A 3 (1901-1910), Fødte og døpte 1905, Side 133
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060508110137
 

Alf, f. 13.02.1908

Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Fødte og døpte 1908, Side 68
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102113075 

Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Klokkerbok nr. 581C01 (1909-1931), Døde og begravede 1928, Notatside, Side 151
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060505050147 
 

Bjørg, f. 04.08.1912

Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Fødte og døpte 1912, Side 77
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102113084 

 

Karin, f. 30.08.1914

Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Fødte og døpte 1914, Side 81
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102113088 
 

Gerd, 09.07.1917

Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A09 (1880-1919), Fødte og døpte 1917, Side 87
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051102113094 
 

Odd, - ikke funnet ham i Edøy klokkerbok. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50

 

Matrikkelutkastet av 1950

Møre og Romsdal

Aure herad

30 Tevik  
1 Klokkkergaard 2 mark 02 øre  Staten  
2 Gylthalsen 0 mark 41 øre  Fredrik K. Berg  
3 Tevikbugten 0 mark 60 øre  Borghild Tevik Skiphavn  
4 Myren 0 mark 48 øre  Johan O. Tevik  
5 Kleiven 0 mark 25 øre  Nikolai Todal  
6 Tevik søndre 1 mark 44 øre  Jon A. Bratset og h. Anne  
7 Tevik øvre 0 mark 05 øre  O. Th. Engdal  
8 Tevikli 0 mark 67 øre  Signe Engdal  
9 Solli 0 mark 66 øre  Ole H. Torset  
10 Marken 0 mark 10 øre  Johannes Tevik  
11 Tevikøren 0 mark 21 øre  Arnt Tevik  
12 Fjeldheim 0 mark 04 øre  Erling Ormset  
13 Solvang 0 mark 10 øre  Margit Bratset  
14 Solberg 0 mark 03 øre  Ole Olsen Morken  
15 Solhaug 0 mark 03 øre  Trygve K. Tevik  
16 Haugtun 0 mark 05 øre  John E. Thevik  
17 Fossheim 0 mark 14 øre  Peder H. Tevik  
18 Innermarken 0 mark 05 øre  Johannes Tevik  
19 Lykketangen 0 mark 02 øre  Åse Lykke  
20 Haugset 0 mark 06 øre  Harald Tevik  
21 Fjellheim 2 0 mark 01 øre  Erling Ormset  
22 Svingen 0 mark 01 øre  Emil Fatland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Gjennom desse nye innleggi har eg fått svar på det meste og har oppgradert manuskriptet mitt frå innlegg #6:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Thoreson Engdal, opphavleg frå Engdal i Aure, var son av gardbrukar Thore Olson på Engdal og kona Karen Christophersdotter frå Vangland i Stangvik og f. i Aure 27.5.1876.  Han gifte seg i Nes på Romerike 25.5.1901 med Signe Albertsdotter Bøhn frå Greni austre i Nes.  Ho var dotter av gardbrukar, landhandlar, lensmann og stortingsmann Albert Olson Bøhn på Greni austre og kona Berthe Gurine Ingebrigtsdotter frå Rolfstad og f. i Nes 26.5.1879.

Ole Engdal gjekk landbruksskulen på Ås og sidan ein landbrukshøgskule i København, Danmark.  Deretter dreiv han eigen landbruksskule på Gyl i Tingvoll.

Men i 1903 kom Ole og Signe Engdal til Hafslo då Ole tok over som styrar ved skulen her i Kroken.  Denne stillingi hadde han fram til 1908.

Ole Engdal flytte med huslyden sin i 1908 til Edøy i Edøy der han var styrar for ein saueavlsgard og ei tid òg ordførar til garden vart teken av tyskarane i 1941, og Ole og Signe flytte då til Tevik i Aure der dei sidan budde levetidi ut.  Signe d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

.11.1957, medan Ole Engdal d.

 

##### (dødsstaden hans?)

 

23.5.1969.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Me lyt vel kanskje til soknepresten for å få svar på dei siste detaljane?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Jeg besitter dagboken til O. Th. Engdal, starter 24. juli 1895. Andre enden av boken er fagbok fra 26/2-1903. Klarer ikke å lese innholdet.... men tolker innholder som elever med karakterer. Er han født 27. mai, så har jeg «Livssoga» fra han, hele hans liv detaljert også

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #14:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Per Erik for eit spennande innlegg!

 

Det hadde nok vore svært so interessant å studera denne dagboki.  Eg reknar med at dagboki til O. Th. Engdal godt kan innehalda eit oversyn over dei tilsette ved skulen, båda lærarar og anna personale, og nettopp på det området er det at eg saknar detaljar...

 

Eg veit jo ikkje kor omfattande denne dagboki er.  Kanskje noko kan skannast?  Ei skanning ville uansett vera av interesse for å oppbevara innhaldet for framtidi...

 

Her er forrresten siste versjon av manuskriptet mitt for O. Th. Engdal:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Thoreson Engdal, opphavleg frå Engdal i Aure, var son av gardbrukar Thore Olson på Engdal og kona Karen Christophersdotter frå Vangland i Stangvik og f. i Aure 27.5.1876.  Han gifte seg i Nes på Romerike 25.5.1901 med Signe Albertsdotter Bøhn frå Greni austre i Nes.  Ho var dotter av gardbrukar, landhandlar, lensmann og stortingsmann Albert Olson Bøhn på Greni austre og kona Berthe Gurine Ingebrigtsdotter frå Rolfstad og f. i Nes 26.5.1879.

Ole Engdal gjekk landbruksskulen på Ås og sidan ein landbrukshøgskule i København, Danmark.  Deretter dreiv han eigen landbruksskule på Gyl i Tingvoll.

Men i 1903 kom Ole og Signe Engdal til Hafslo då Ole tok over som styrar ved skulen her i Kroken.  Denne stillingi hadde han fram til 1908.

Ole Engdal flytte med huslyden sin i 1908 til Edøy i Edøy der han var styrar for ein saueavlsgard og ei tid òg ordførar til garden vart teken av tyskarane i 1941, og Ole og Signe flytte då til Tevik i Aure der dei sidan budde levetidi ut.  Signe d. i Aure 13.11.1957, medan Ole Engdal d. same staden 23.5.1969.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med personalsoga til Husmorskulen i Kroken!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.