Gå til innhold
Arkivverket

Olav Førsund - skulestyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1918-1922 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne karen:

 

Olav Førsund kom i 1918 som skulestyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og hadde stillingi fram til 1922.  Mannen er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne karen, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alle innlegg viser til rett person og dato som Torbjørn viser til, er i overenstemmelse med årstall i bygdeboka.

Olav Olson Førsund døde på Jar. Bisatt i Vestre krematorium, Gamle kapell. Urnen nedsatt ved Bø kirke, Leirvik i Sogn. Jfr. nedenstående opplysninger fra Egil.

Hans mor Eli Bergesdatter er oppført på Søreide dvs. selv om hennes far Berge Hansen var fra Føsund (i bygdeboka uten r). Foreldre var busett på Søreide.

 

Olav Olson Førsund gift 1918 med Ragnhild Marie Ruud f.1896. Familien er nevnt i bygdebok for Kyrkjebø, under merknader Føsund.

 

OS

Endret av Oddvar Søreide
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Oddvar Søreide skrev:

Olav Olson Førsund døde Leirvik i Hyllestad.

 

Han døde på Jar (se også post # 5 "døydde i heimen sin på Jar ved Oslo"). Bisatt i Vestre krematorium, Gamle kapell. Urnen nedsatt ved Bø kirke, Leirvik i Sogn.

 

Sogn og Fjordane, Vestland, Sogndal, 16.10.1964 - https://www.nb.no/items/234a0d355da21b3a7be2be7f427805d0?page=3&searchText="olav førsund"

1964 Olav Førsund ii.jpg


Arbeiderbladet, Oslo, 22.10.1964 - https://www.nb.no/items/fdc72297599b1fcf4610cdd99df53664?page=15&searchText="olav førsund"

1964 Olav Førsund iii.jpg


Sogn og Fjordane, Vestland, Sogndal, 28.10.1964 - https://www.nb.no/items/285b34d6a73f58592df31d781b8fb02a?page=1&searchText="olav førsund"

1964 Olav Førsund iiii.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare sånn for ordens skyld og siden ekteskap nr. 2 ikke er tatt med hos den før ovennevnte Geni-basen. Hans 2. kone  -  http://vamraak.no/rootspersona-tree/weea-bergljot/

 

Sogn og Fjordane, Vestland, Sogndal, 08.03.1961 - https://www.nb.no/items/4d2c8460cc516d288420817cc3cc8314?page=1&searchText="bergljot weea"

 

1961 Lysning i.jpg

 

1961 Lysning ii.png

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bodil, Egil, Torbjørn og Oddvar for mange spennande og interessante innlegg!

 

Eg har no studert desse innleggi og freista finna nokre tilleggsopplysningar.  Manuskriptet mitt ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Olav Olson Førsund, opphavleg frå Førsund på Kyrkjebø, var son av gardbrukar Ole Bergeson på Førsund, opphavleg frå Vamråk, og kona Eli Bergesdotter frå Søreide og f. på Kyrkjebø 10.4.1887.  Han gifte seg første gongen i Vår Frelser kyrkje i Christiania 15.9.1918 med Ragnhild Marie Halvorsdotter Ruud frå Rud i Fiskum, Øvre Eiker.  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Larsson på Rud, og kona Maren Sophie Christophersdotter frå Gulliksrud og f. i Øvre Eiker 30.5.1894.

Olav Førsund gjekk landbruksskule på Sem i Asker og sidan lærarskulen på Notodden.  Han var so lærar ved folkehøgskulane på Hønefoss og på Voss fram til 1918.

I 1918 vart Olav Førsund so tilsett som ny styrar ved skulen i Kroken og tok over frå nyttår 1919.  Denne stillingi hadde han fram til 1922.

Olav Førsund vart i 1922 tilsett som styrar på folkehøgskulen i Vadheim, men frå 1926 var han lærar og kyrkjesongar til Leirvik i Bø sokn, Hyllestad.  Ragnhild d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Leirvik?)

 

1949, og Olav gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hans? – sorenskrivaren i Austre Bærum?)

 

1961 med Bergljot Weea

 

##### (oppl.? – f. 12.1.1913 – kontorsjef Jar)

 

Dei busette seg på Jar i Bærum der Olav d. 14.10.1964, medan Bergljot Førsund d.

 

##### (dødsstaden hennar? – Bærum!?)

 

9.1.1992.  Olav Førsund fekk i alt elleve born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar nokre detaljar, særleg kring andre kona Bergljot Weea.  Er det mogeleg å identifisera ho?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 19.6.2020 den 14.35, Egil Johannessen skrev:

Bare sånn for ordens skyld og siden ekteskap nr. 2 ikke er tatt med hos den før ovennevnte Geni-basen. (...)

 

Då har eg lagt inn opplysningane om siste kona.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av ein eller annan grunn er innlegget som eg skreiv for eit par timer sidan om denne huslyden, vorte borte «på vegen».  Difor vil eg på ny få takka Bodil, Egil, Torbjørn, Oddvar og Anne for nye spennande innlegg om Olav Førsund og huslyden hans!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden, og dette ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Olav Olson Førsund, opphavleg frå Førsund på Kyrkjebø, var son av gardbrukar Ole Bergeson på Førsund, opphavleg frå Vamråk, og kona Eli Bergesdotter frå Søreide og f. på Kyrkjebø 10.4.1887.  Han gifte seg første gongen i Vår Frelser kyrkje i Christiania 15.9.1918 med Ragnhild Marie Halvorsdotter Ruud frå Rud i Fiskum, Øvre Eiker.  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Larsson på Rud, og kona Maren Sophie Christophersdotter frå Gulliksrud og f. i Øvre Eiker 30.5.1894.

Olav Førsund gjekk landbruksskule på Sem i Asker og sidan lærarskulen på Notodden.  Han var so lærar ved folkehøgskulane på Hønefoss og på Voss fram til 1918.

I 1918 vart Olav Førsund so tilsett som ny styrar ved skulen i Kroken og tok over frå nyttår 1919.  Denne stillingi hadde han fram til 1922.

Olav Førsund vart i 1922 tilsett som styrar på folkehøgskulen i Vadheim, men frå 1926 var han lærar og kyrkjesongar til Leirvik i Bø sokn, Hyllestad.  Ragnhild d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Leirvik?)

 

1949, og Olav gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hans? – sorenskrivaren i Austre Bærum?)

 

1961 med Bergljot Weea

 

##### (oppl.? – f. Bærum? 12.1.1913 – kontorsjef Jar)

 

Dei busette seg på Jar i Bærum der Olav d. 14.10.1964, medan Bergljot Førsund d.

 

##### (dødsstaden hennar? – Bærum!?)

 

9.1.1992.  Olav Førsund fekk i alt elleve born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar eg nokre detaljar, særleg om andre kona Bergljot.  Kanskje Finn Førsund har svari?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (oppl.? – f. Bærum? 12.1.1913 – kontorsjef Jar)

 

I følgje det øverste treffet var ho frå Romedal i Hedmark.

https://www.myheritage.no/matchingresult-70dea6c5a9d4120971417611c3d6f735?auth=b2645f831c50523c1dddb0b8e7fdd73c&callback_token=glLdlRbHHKPmNJep5bR5MlaMqWfWc7atX90v7noz&trn=partner_Geni&trp=match_button_profile#smart_matches

 

Og då finn vi ho som #5:

Hedmark fylke, Vallset (Tomter) i Romedal, Ministerialbok nr. 9 (1906-1929), Fødte og døpte 1913, Side 28
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051102040241

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Ragnhild d.

 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Leirvik?)

 

 

 

1949

 

957813788_Utennavn.jpg.718fd53aa6a8b88f48d74bef1971a0d5.jpg

 

Språk
Norsk | NOR
Kilde for metadata
mavis.nb.no (/TitleWork/key/2609924)
Medietype
aviser
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Innlegg #17:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Torbjørn for interessante og nyttige innlegg om denne huslyden frå juni!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt, som no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Olav Olson Førsund, opphavleg frå Førsund på Kyrkjebø, var son av gardbrukar Ole Bergeson på Førsund, opphavleg frå Vamråk, og kona Eli Bergesdotter frå Søreide og f. på Kyrkjebø 10.4.1887.  Han gifte seg første gongen i Vår Frelser kyrkje i Christiania 15.9.1918 med Ragnhild Marie Halvorsdotter Ruud frå Rud i Fiskum, Øvre Eiker.  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Larsson på Rud, og kona Maren Sophie Christophersdotter frå Gulliksrud og f. i Øvre Eiker 30.5.1894.

Olav Førsund gjekk landbruksskule på Sem i Asker og sidan lærarskulen på Notodden.  Han var so lærar ved folkehøgskulane på Hønefoss og på Voss fram til 1918.

I 1918 vart Olav Førsund so tilsett som ny styrar ved skulen i Kroken og tok over frå nyttår 1919.  Denne stillingi hadde han fram til 1922.

Olav Førsund vart i 1922 tilsett som styrar på folkehøgskulen i Vadheim, men frå 1926 var han lærar og kyrkjesongar til Leirvik i Bø sokn, Hyllestad der Ragnhild d. 14.8.1949.  Olav gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hans? – sorenskrivaren i Austre Bærum?)

 

1961 med Bergljot Johansdotter Weea frå Bærum, f. i Romedal 12.1.1913.  Ho var kontorsjef, og dei busette seg på Jar i Bærum der Olav d. 14.10.1964.  Bergljot Førsund d. på Østerås i Bærum 9.1.1992.  Olav Førsund fekk i alt elleve born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me manglar no berre vigsli til Olav Førsund og Bergljot Weea frå 1961, men kanskje er det mogeleg å finna denne gjennom Norsk Lysingsblad eller andre kjelder?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.