Jump to content
Arkivverket

Kari Johannesdotter Bjørge, fødd Hosanger 1864 - meierske og meierilærar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo før 1900-etter 1910 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Kari Johannesdotter Førsund, fødd i Hosanger 20.2.1864, kom før 1900 som meierske til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og var sidan meierlærar same stad til etter 1910.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Trude Nilsen

Jeg regner med du har dette, men legger det inn likevel. 

 

Dåpen til ei Kari Johannesdatter f. 20. feb. 1864 Hosanger.

Foreldre er Johannes Andersen og Brithe(?) Olsdatter, Bjørge

 

Nr. 18 her

SAB, Hosanger Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 9, 1864-1876, s. 6
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050823011099
 

Nr. 9 her

SAB, Hosanger Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. A 2, 1857-1881, s. 41
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509630353
 

 

 

 

Edited by Trude Nilsen
Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Korleis kom du på navnet Førsund på Kari Johannesdtr 1864-1959 ? Kjelde ?

 

Styrar på skulen i Kroken frå 1918-22 var lærar Olav Førsund, iflg bokji «Frå praktisk jenteskule til regionalt kompetansesenter» av Kjell Bergfjord, utg år 2002. Han hadde lærarutdanning pluss agronomutd. Og hadde vore lærar på ein folhøgskule. Sjå s.47.

 

Er desse 2 i slekt, Lars ?

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trude, Sven, Lars W. og Jon for mange spennande innlegg!

 

Først til Jon:  Det var sjølvsagt ein «prenteleif» dette med namnet!  Kari heitte aldri noko anna enn BJØRGE!

 

Eg har freista setja saman dei opplysningane me har om Kari Bjørge, men råkar borti vanskar.  Eg finn ikkje noko om utdanningi hennar og heller ikkje om den seinare lagnaden hennar.  Ho flytte tydeleg heim att til Hosanger på sine eldre dagar, men kva tid var det?

 

Finst det kanskje ein biografi om ho prenta ein eller annan stad?  Kva med bygdeboki for Hosanger?

 

Her er manuskriptet mitt om ho pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Johannesdotter Bjørge, opphavleg frå Bjørge i Hosanger, var dotter av gardbrukar Johannes Andersson på Bjørge, opphavleg frå Askvik, og kona Britha Olsdotter frå Eidsnes indre og f. i Hosanger 20.2.1864.

Kari var

 

##### (bustad og yrke før ho kom til Kroken i Hafslo? – kvar var ho i 1891?)

 

Men før hundreårsskiftet kom Kari Bjørge som meierske til skulen i Kroken, og i 1910 er ho nemnd meierilærar same staden.

 

##### (kor lenge vart Kari buande i Kroken?)

 

Kari Bjørge flytte

 

##### (kva år flytte Kari frå Hafslo og seinare lagnad? – bustad 1959 Eknesvåg, Lindås)

 

Ho d.

 

##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Askvik)

 

26.6.1959, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

  Kva med bygdeboki for Hosanger?

 

Ikke mye å få ut av bygdeboken. Det mest interessante er at den oppgir Bjørge som bustad, og det tyder på at hun returnerte tidlig.

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

– kvar var ho i 1891?)

 

 

I Haugesund, ser det ut som:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052918001350

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 

– bustad 1959 Eknesvåg, Lindås)

 

 

Det betyr nok at hun bodde hjemme på Bjørge. Bjørge gård ligger i Lindås, i nye Alver kommune, ikke langt fra Eknesvågen, som antagelig var poststedet. (Gamle Hosanger prestegjeld og herred lå på begge sider av Osterfjorden.)

 

Edited by Tore Nilssen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Lars J. for interessante og nyttige innlegg!

 

Med desse nye opplysningane har eg oppdatert menuskriptet hennar, som no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Johannesdotter Bjørge, opphavleg frå Bjørge i Hosanger, var dotter av gardbrukar Johannes Andersson på Bjørge, opphavleg frå Askvik, og kona Britha Olsdotter frå Eidsnes indre og f. i Hosanger 20.2.1864.

Kari fekk utdanning som  

 

##### (om utdanningi hennar?)

 

og budde mellom anna ei tid i Haugesund.  Kan henda kom ho til amtsskulen som lærar alt medan skulen var på Svanøy.

Men Kari Bjørge følgde i so fall med skulen då han i 1897 flytte til Kroken, og her var ho sidan meierske og meierilærar, truleg fram til 1926.

Kari Bjørge flytte frå Kroken og heimatt til Bjørge nær Eknesvåg i Hosanger (Lindås) der ho d. ugift 26.6.1959.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste som no står att her, er spørsmålet om utdanningi hennar, men det er vel ikkje so lett å finna ut av?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • 4 months later...
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å finna ut noko om utdanningi til Kari Bjørge som mellom anna budde i Haugesund før ho flytte til Sogn på 1890-talet.  Er det i det heile mogeleg?  Kvar studerte ho og i kva periode?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Inger for siste innlegget!

 

Diverre får eg ikkje henta fram sjølve annonsa, men eg er nesten sikker på at det her er tale om «vår» Kari, og alt tyder på at ho var i arbeid ved husmorskulen i Kroken fram til ho fekk pensjon i 1918 og flytte heim att...

 

Elles manglar me framleis opplysningar om utdanningi hennar, men det vert truleg vanskeleg å finna ut av...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #16:

 

Hjarteleg takk til Sven og Ottar for nye spennande innlegg!

 

Dødsmeldingi som Sven har finne, syner tydeleg feil alder; Kari var 10 år eldre...

 

Elles ser det ut til å verta vanskeleg å finna fleire detaljar om utdanningi hennar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.