Jump to content
Arkivverket

Nille Torkildsdotter Trædal, fødd i Lavik 27.5.1860 - husstyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo kring 1910 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Nille Torkildsdotter Trædal, fødd i Lavik 27.5.1860, kom før 1910 som husstyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men me veit ikkje kor lenge ho var der.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Fra MyHeritage

Nils Emil Hauge
Nettstedseier

 

Navn Nille (Nela) Torkelsdotter Trædal
Fødsel 26. mai 1860
Død 25. mai 1917
 
Magekreft
Medlemmer innen familien
Foreldre
 
Søsken
 
 


 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J., Sven og Ivar for interessante og nyttige innlegg om Nille!

 

Det er ikkje so lett å følgja Nille i alle kjelder, men eg har etter kvart sett opp følgjande manuskript for ho:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nille Torkildsdotter Trædal, opphavleg frå Tredal ytre i Eikefjorden, Lavik, var dotter av gardbrukar Torkild Lasseson på Tredal ytre og første kona Britha Torkildsdotter frå Østerbø og f. i Lavik 27.5.1860.

Nille Trædal tente ei tid hjå broren Lasse, medan han budde på Hjeltnes i Ulvik, men i 1893 utvandra ho til Amerika.  Men før hundreårsskiftet var ho attendekomi og liv nærte seg då som husstellærar i Arnafjorden i Vik med bustad hjå broren, som då hadde teke over som gardbrukar på Tredal ytre i Lavik.

 

##### (andre opplysningar om livet hennar før ho kom til Kroken i Hafslo?)

 

     Men ein gong mellom 1905 og 1910 kom Nille Trædal som ny husstyrear til Kroken,

 

     ##### (kan det finnast avisannonse om dette?)

 

     og her vart ho buande, men kor lenge ho var her, veit me ikkje.

Nille Trædal flytte frå Kroken att og busette seg

 

##### (seinare bustadar?)

 

men vart sjuk og flytte inn på pleieheimen i Lavik der ho d. ugift 25.5.1917.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Skulle det dukka opp fleire opplysningar om Nille, til dømes gjennom avisannonser, ville eg setja stor på å høyra om det!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

I boka Hadeland : bygdenes historie. 2,  i kapittelet om Vestoppland folkehøgskule, står det Nille Trædal var kjøkkenlærerinne 1913-1914. 

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Sogn og Fjordane fylke - eit tilskot til kommunalsoga (s.94)

bilde.png.a6ab02a5811bc76a1486b15e14597338.png

 

Sogn og Fjordane landbruksselskap (Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskap) 1857-1957, Distriktskommisjonen for Bergens distrikt 1811-1819, Landhusholdningsselskapet for Bergens by og stift 1831-1848 (s. 292):
bilde.png.0fbe5cbd73beb07f23ef869f03f32c6d.png
Link to post
Share on other sites
  • 4 months later...
Lars E. Øyane

Innlegg #12:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Kristian, Grethe og Lars J. for dei siste innleggi frå juni.  Det ser ut til å vera vanskeleg å få til ein meir nøyaktig biografi for Nille Trædal, men eg meiner denne teksten skulle vera so nokolunde dekkande...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nille Torkildsdotter Trædal, opphavleg frå Tredal ytre i Eikefjorden, Lavik, var dotter av gardbrukar Torkild Lasseson på Tredal ytre og første kona Britha Torkildsdotter frå Østerbø og f. i Lavik 27.5.1860.

Nille Trædal tente ei tid hjå broren Lasse, medan han budde på Hjeltnes i Ulvik, men i 1893 utvandra ho til Amerika.  Men før hundreårsskiftet var ho attendekomi og livnærte seg då som husstellærar i Arnafjorden i Vik med bustad hjå broren, som då hadde teke over som gardbrukar på Tredal ytre i Lavik.

     Men alt frå 1898 virka Nille Trædal periodevis som husstellærar i Kroken, og sidan kom ho hit som husstyrar.  Her budde ho truleg fram til 1913.

Nille Trædal vart i 1913 tilsett som husstellærar ved folkehøgskulen på Brandbu, men ho vart sjuk og flytte i 1914 heimatt til Lavik der ho d. på den lokale pleieheimen 25.5.1917.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #14:

 

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!  Det er tydeleg at Nille Trædal arbeidde ein del heime i Eikefjorden, parallelt med at ho arbeidde ved husmorskulen i Kroken.  Det er nok vanskeleg å vera meir konkret...

 

Men ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.