Jump to content
Arkivverket

Anna Rotnæs, f. Førde 1860 - lærar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo kring 1900 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Anna Rotnæs, fødd i Førde 1860, kom før 1900 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men flytte bort før 1910.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank Marton for fleire interessante innlegg om Anna Rotenes og livet hennar!

 

Eg kan leggja til at huslyden såg slik ut i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038267003798

 

Elles er det fint lite me veit om Anna, so eg vonar at kanskje fleire opplysningar kan dukka opp.  Kan bygdeboki for Førde vera til hjelp?  Eller finst det kanskje biografiar for Anna einkvan stad?

 

Førebels ser manuskriptet mitt slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Kristian for nye interessante innlegg som har skaffa fram det meste av det eg ønskte meg om bakgrunnen til Anna samt om utdanningi hennar!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Birgitte Bendiksdotter Rotenes, opphavleg frå Rotenes i Førde, var dotter av gardbrukar Bendik Jacobson på Rotenes og kona Anna Madsie Andersdotter frå Stubhaug og f. i Førde 28.5.1860.

Anna Rotenes tok i 1889 lærareksamen på industriskulen i Christiania og budde deretter ei tid hjå ei søster på Giljarhus i Vik, men vart so tilsett som industrilærar ved amtsskulen, medan denne var på Svanøy.

Men i 1897 flytte Anna Rotenes som industrilærar med skulen i Kroken, og her arbeidde ho truleg i fleire år

 

##### (detaljar om stillingi hennar?)

 

Før 1910 flytte Anna Rotenes til Øvre Eiker der ho var handarbeidslærar på amtsskulen på Skotselv. 

 

##### (nemnd der 1910 – seinare lagnad?? - dødsfallet hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste som no står att her, er lagnaden hennar Anna etter ho forlet skulen i Kroken...!?  Men er det mogeleg å fnna ut av?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne jenta og biografien hennar!

Link to post
Share on other sites
  • 4 months later...
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å komplettera biografien om Anna Birgitte Rotenes.  Om stillingi hennar ved husmorskulen i Hafslo er det vel ikkje so lett å finna ut noko meir, men kvar vart det av ho etter 1910?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #13:

 

Hjerteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Då har me lagnaden til Anna «på plass», og det er kjempebra.  Men diverre er det tydeleg ikkje so lett å finna ut stort meir om livet hennar, kvar ho budde etc., men kven veit?  Det er ofte berre heilt utruleg kva som kan dukka opp av opplysningar...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.