Lars E. Øyane Posted June 18, 2020 Share Posted June 18, 2020 Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Ellia Olianna Tollefsdotter Vasset, fødd i Kinn 16.2.1876, kom før 1910 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men me veit ikkje kor lenge ho var der. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Gisle Hersvik Posted June 18, 2020 Share Posted June 18, 2020 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036724002184 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted June 18, 2020 Share Posted June 18, 2020 Nummer 2 Sogn og Fjordane fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 4 (1925-1933), Protokollside Permanent bilde-ID: sk10611901300060 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901300060 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611901300060.jpg Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Leif Øren Posted June 18, 2020 Share Posted June 18, 2020 Ellia var dotter til Tollef Ellingson f. 27.10.1843 på Tjønneland bnr. 5, Førde, d. 8.61917 på Vasset bnr. 3, Kinn og Ingeborg Kristiansdatter f. 28.8.1939 på Eimhjellen bnr. 4, Hyen, d. 9.10.1923 på Vasset bnr. 3, Kinn. Kor Ellia enda sine dagar veit eg ikkje. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Ivar Moe Posted June 19, 2020 Share Posted June 19, 2020 (edited) Med forbehold Fra MyHeritage Britt Inntveit Nettstedseier Medlemmer innen familien Foreldre Tolleiv (Tollef) Ellingson Vasset 1843 - 1917 Ingjeber (Ingeborg) Vasset (født Eimhjellen) 1839 - 1923 Søsken Monsine Kathrine Tollefsdatter Standal (født Vasset) 1866 - 1943 Mathea Tollefsdatter 1871 - 1902 Kristoffer Elias Tollefson Vasset 1867 - 1911 Ingeborg Oleanne Tollefsdatter Helle (født Vasset) 1875 - 1952 Edited June 19, 2020 by Ivar Moe Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Torodd Kinn Posted June 19, 2020 Share Posted June 19, 2020 I notata mine har eg denne lista over barn av Tolleiv og Ingeborg: 1866: Monsine Katrine 1868: Kristoffer Elias 1870: Martea Edrea 1872: Ingeborg Oleana (d. 1872) 1873: Ingeborg Oleana 1876: Elia Oleana 1880: Tomasine Andrea Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars Waaltorp Posted June 19, 2020 Share Posted June 19, 2020 https://www.nb.no/items/dbf46ace09f35e77f06104f976d57686?page=1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted June 22, 2020 Author Share Posted June 22, 2020 Hjarteleg takk til Gisle, Sven, Leif, Ivar, Torodd og Lars W. for interessante og nyttige innlegg! Eg er imponert over alt det er mogeleg å finna om desse ugifte jentene, men ein del detaljar manglar framleis. Kanskje finst det ein biografi ein eller annan stad? Eller noko som fortel oss om utdanningi hennar? Her er kva eg har snekra i saman om biografien til Olianna so langt: ~~~~~~~~~~~~~~ Ellia Olianna, kjend som Olianna Tollefsdotter Vasset, opphavleg frå Vasset i Kinn, var dotter av gardbrukar Tollef Ellingson på Vasset, opphavleg frå Tjønneland i Førde, og kona Ingeborg Christiansdotter frå Eimhjellen i Hyen og f. Kinn 16.2.1876. Olianna Vasset flytte ##### (tidleg liv og utdanning?) Men før 1910 kom Olianna Vasset som «industrilærar» til skulen i Kroken, og her vart ho buande ##### (kor lenge?) Olianna Vasset flytte ##### (seinare lagnad?) og d. i Eikefjorden i Kinn 4.7.1930. Ho var ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 11, 2020 Author Share Posted November 11, 2020 Innlegg #9: Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å fylla dei siste hòli i biografien til Ellia Olianna VASSET, som før 1910 kom som «industrilærar» til husmorskulen i Hafslo. Kva utdanning hadde ho og kvar budde ho før ho kom til Hafslo? Kor lenge var ho i Hafslo og kvar vart ho av? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted November 11, 2020 Share Posted November 11, 2020 Adressebok for Sogn og Fjordane 1926 oppgir at hun bodde i Eikefjord i 1926 FT1900 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037124002058 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted November 11, 2020 Share Posted November 11, 2020 https://www.nb.no/search?q=vadsæt evju Kanskje det kan finnes noen opplysninger om Olianne i denne boken? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted November 11, 2020 Share Posted November 11, 2020 Firda Folkeblad 13. juni 1924 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 11, 2020 Author Share Posted November 11, 2020 Innlegg #13: Hjarteleg takk til Sven for nye spennande innlegg om Olianna! Det høyrest ut som ho var sjuk i 1924, og eg trur ho godt KAN vera flytt dit frå Hafslo kort tid før, men eg veit ikkje... Når det gjeld boki referert i innlegg #11, får eg ikkje ho fram hjå meg. Er det mogeleg å få sjekka ut innhaldet? Kanskje det står noko om utdanningi hennar og kva år ho var lærar på Evju? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Inger Hohler Posted November 12, 2020 Share Posted November 12, 2020 Denne lenken sier noe om økonomien på hennes eldre dager https://www.nb.no/items/018986085bde26d1a9c92bde972a5873?page=209&searchText="Olianna Vasset"&subSite= Adressebok for Sogn og Fjordane 1930 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted November 12, 2020 Author Share Posted November 12, 2020 Innlegg #15: Hjarteleg takk til Inger for siste innlegget (som eg diverre ikkje får henta fram) og likeins takk til Sven for boki referert i innlegg #11 over. Denne siste artikkelen har skaffa meg det meste eg treng av opplysningar om Olianna, so manuskriptet ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Ellia Olianna, kjend som Olianna Tollefsdotter Vadseth, opphavleg frå Vasset i Kinn, var dotter av gardbrukar Tollef Ellingson på Vasset, opphavleg frå Tjønneland i Førde, og kona Ingeborg Christiansdotter frå Eimhjellen i Hyen og f. Kinn 16.2.1876. Olianna Vadseth fekk i ung alder opplæring som handarbeidslærar og arbeidde ved hundreårsskiftet på ein privatskule på Evju i Sandsvær. Men i 1908 kom Olianna Vadseth som «industrilærar» til skulen i Kroken, og her vart ho stort sett buande fram til 1922. Olianna Vadset vart sjuk og flytte i 1922 heim att til Eikefjorden i Kinn der ho d. ugift 4.7.1930. ~~~~~~~~~~~~~ Me kan vel seia at dette er bra komplett, og eg takkar på ny for framifrå bistand! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.