Gå til innhold
Arkivverket

Lisbet Eikrem frå Tingvoll(?) - lærar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1926-1946 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Lisbet Eikrem, truleg fødd i Tingvoll, kom i 1926 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og arbeidde der fram til 1946.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lisbet, nummer 8

 

Møre og Romsdal fylke, Straumsnes i Tingvoll, Ministerialbok nr. 587A02 (1887-1910), Fødte og døpte 1901, Side 37
Permanent bilde-ID: kb20050412020827
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050412020827
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050412020827.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Kristian og Lars W. for kjempefine og spennande innlegg i denne debatten!  Interessant var det å sjå at Lisbet vart gift etter ho flytte heimatt.  CDedt var det ingen som visste noko om i Hafslo!

 

Framleis er det nokre hòl i denne biografien, men kanskje let det seg gjera fylla ut nokre av dei?

 

Her er eit manuskript for Lisbet Eikrem so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er etter nye fine opplysningar frå Inge no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var ikkje Lisbet Eikrem f. 1901 som vart gift i 1961.

 

Her er det som står i Straumsnes-boka om Lisbet f. 1901:

Eikrem1.jpg.ec30161195821ce4746afb80fe1b9ea2.jpg

Eikrem2.jpg.422959e106e2c83d786493e6f749d99b.jpg

Eikrem3.jpg.7260dbe74ed65d4955f4def17d77626e.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for eit spennande og svært nyttg innlegg!

 

Då har me brått heile livet hennar Lisbet «på plass», kanskje bortsett ifrå dette med utdanningi hennar.  Men er det mogeleg å finna ut noko meir om dette?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #10 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lisbet Olufsdotter Eikrem, opphavleg frå Eikrem i Straumsnes, var f. i Straumsnes 21.4.1901.

Lisbet Eikrem flytte

 

##### (om utdanningi hennar?)

 

Men i 1926 kom Lisbet Eikrem som handarbeidslærar til skulen i Kroken, ei stilling ho hadde heilt fram til 1946.

I 1946 flytte Lisbet Eikrem som handarbeidslærar til Sør-Audnedal i Vest-Agder der ho vart buande til ho som pensjonist sist på 1960-talet flytte heim att til Eikrem i Straumsnes.  Ho d. ugift i Tingvoll 9.3.1988.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Innlegg #13:

 

Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å finna ut noko om utdanningi til Lisbet Eikrem, som i 1926 kom som lærar til husmorskulen i Hafslo.  Ho var då 25 år gamal, men har nok fått utdanning som handarbeidslærar før ho kom hit!  Men kvar og i kva periode?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Avslutningensfesten da hun forlot Kroken https://www.nb.no/items/14488dea66dbd6f1a617f9fcde448574?page=1&searchText=%22frk.%20Eikrem%22&subSite=

Sogn og Fjordane 20.12.1946
Hun gikk ikke rett til Vest-Agder fylkeshusmorskole.

Fædrelandsvennen 06.01.1950 men jeg får bare opp utdrag:

 Som ny håndarbeidslærerinne ved Vest-Agder fylkeshusmorskole i Sør-Audnedal er ansatt Lisbeth Eikrem. Hun har de tre siste år vært knyttet til Romsdals husmorskole, men denne har dessverre...

Endret av Inger Hohler
Romsdal husmorskole
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #16:

 

Hjarteleg takk til Grethe og Inger for nye spennande innlegg om Lisbet Eikrem!  Fleire nye deraljar er framkomne gjennom desse innleggi, og her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Lisbet Olufsdotter Eikrem, opphavleg frå Eikrem i Straumsnes, var f. i Straumsnes 21.4.1901.

Lisbet Eikrem gjekk folkehøgskulen i Surnadal og fekk sidan utdanning som handarbeidslærar.

 

##### (kvar fekk ho denne utdanningi?)

 

I 1926 kom Lisbet Eikrem so som handarbeidslærar til skulen i Kroken, ei stilling ho hadde heilt fram til 1946.

I 1947 flytte Lisbet Eikrem som handarbeidslærar til husmorskulen i

 

##### (kvar i Romsdalen?)

 

Romsdalen, men i 1950 flytte ho vidare til husmorskulen i Sør-Audnedal i Vest-Agder der ho var handarbeidslærar til ho som pensjonist sist på 1960-talet flytte heim att til Eikrem i Straumsnes.  Ho d. ugift i Tingvoll 9.3.1988.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Me manglar no i grunnen berre to detaljar...:

 

* Kvar fekk Lisbet utdanningi si som handarbeidslærar?

 

* Og kvar i Romsdalen låg husmorskulen sist på 1940-talet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #18:

 

Hjarteleg takk til Kristian for siste innlegget!

 

Då eg i stad søkte etter Romsdal Husmorskule, fann eg ein stad noko om Husmorskulen i Aukra, men utan årstal!  Midsund ligg tydeleg i ein del av det tidlegare Aukra, so då kan me vel gå ut ifrå at geografien er «på plass»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg kan ikkje bidra stort i spørsmålet om utdanning, og resten har folk allerede søkt seg fram til ser eg. For meg var dette tante Lisbet. Gamaltanta mi i nabohuset som alltid var der, og alltid hadde tid til meg og søster mi. Ho budde der i lag med søster si, Tora, og vi var innom rett som det var. Ho hadde ikkje born, og det fekk heller ikkje dei fem søstrene hennar. Men bror hennar fekk fem born og elleve barnebarn som ho sette stor pris på å vere tante og gamaltante til. Og vi sette pris på henne. Eg voks opp på garden ho var fødd, og no er det eg som har teke over. Huset ho bygde på tomt frå garden i 1933 har no vorte kårhus. Vi har mykje fint handarbeid att etter henne som minner oss om den dyktige dama ho var.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #20:

 

Hjarteleg takk til Helga for eit spennande og fengslande innlegg!  Eg set stor pris på slike «sideopplysningar» som ofte fortel so mykje meir enn berre namn og fakta!

 

Godt Nytt År!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lisbet Eikrem, f 1901, var tanta mi, fars søster. Ho var i min barndom berre heime i Kolåsen i feriar, jul og påske, og eg hugsar best tida ho var handarbeidslærarinne i Sør-Audnedal. Når det gjeld utdanning, vil eg tru ho gjekk på Statens håndverk- og kunstindustriskole i Oslo, da ho i alle fall ein vinter budde hos onkel sin, Edvard Eikrem, i Oslo og gjekk på skule der. Ho var særs flink med handarbeid, kanskje spesielt brodering. Ho sydde alterduk til Straumsnes kyrkje og fane til Straumsnes Songlag, begge etter ho vart pensjonist, slik eg hugsar det. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Innlegg #22:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Ingrid for eit spennande og supplerande innlegg om utdanningi til Lisbet Eikrem.  Eg set stor pris på slike opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt ifrå avisene:

Iflg. Dagen i 1928, kom ho til Hafslo i september 1925.
Tilsett ved Romsdals husmorskule 1946-1949(eller1950)
Tilsett ved Vest Agder fylkeshusmorskule i Sør Audnedal 1950 og i alle fall til 1962.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #24:

 

Hjarteleg takk til Gunnar for nyttige opplysningar!  Då kom ho altso til Kroken eitt år før me trudde...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.