Jump to content
Arkivverket

Ole Johannesson (1769) og Mari Johannesdotter (1761) - husmannsfolk 1801 Loven i Luster - frå 1811 Kroken i Hafslo - kven var desse folki? - vigsli deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har jobba med i minst 35 år, men som eg aldri har greidd å løysa!  Kanskje no er tidi kommi?

 

Eg syner til denne huslyden frå FT1801 for garden Loven i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398001211

 

Ole Johannesson, 32, husmann med jord

Mari Johannesdotter, 41, kona hans

 

Dei var då plassfolk på plassen Lovelund under Loven der dei visstnok flytte inn kring 1797.  Kring 1811 flytte dei so eit lite stykke utover fjorden til plassen Ekrene under Kroken i Hafslo, og der døydde dei;

 

Ole Johannesson 6.5.1847, 78 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/38

Mari Johannesdotter 12.11.1837, 83 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/8

 

Som enkjemann gifte Ole seg att i Luster 11.7.1838, 68 år, med far Johannes Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/125

 

Som fødestad er oppgjeven Ekrene, men der var han i alle fall IKKJE fødd!  Og eg veit ikkje om me kan stola på at faren heitte Johannes Olson heller!?

 

Eg har so langt ikkje greidd å finna opphavi til korkje Ole eller Mari, og ei òrsak er at eg ikkje finn vigsli deira!

 

For Ole har eg to alternativ:

 

* Ole, f. i Lærdal 2.6.1768 som son av gardbrukar Johannes Olson på Aarethun

 

* Ole, døypt i Hafslo 1.10.1769 som son av paktar Johannes Ingebrigtson på Hafslo prestegard, sidan busett i Holten på Kaupanger i Sogndal.  Om denne siste har me ei fråsegn frå 1793 om at han då var busett i ytre Sogn, men seinare lagnad er ukjend!

 

Det hadde vore berre heilt fantastisk om nokon greidde finna:

 

* Dato og stad for vigsli til Ole og Mari kort før 1801?

 

* Dato og stad for fødslene til Ole og Mari på 1760-talet?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.