Jump to content
Arkivverket

Ole Eliasson Kroken (1827-1894) og Sophia Olsdotter (1826-1904) - frå Hafslo til Bergen - opplysningar om sønene Andreas Olai Olsen og Ludvig Johan Olsen (Ålesund)?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Huslyden til Ole og Sophia Kroken i Bergen har eg jobba med i mange år, og dei fleste opplysningane er komne «på plass», men so var det desse siste detaljane då, som eg no vonar få lite vetta hjelp til å løysa:

 

* Lagnaden til sonen Andreas Olai Olsen?

 

* Lagnaden til svigerdotteri (kona til Ludvig Johan Olsen i Ålesund) Inga Sofie Olsen?

 

* Opplysningar om Peter Hanson i Amerika?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Eliasson {Kroken}, f. {i Hafslo} 11.8.1827,

Ole Eliassen Kroken flytte i ung alder til Bergen der han 29.4.1855 gifte seg med Sophia Olsdotter frå Sagi under Kroken.  Ho var f. i Hafslo 4.4.1826.  Ole Kroken var soldat i mange år, men livnærte seg sidan som lausarbeidar og sagarbeidar.  Han og Sophia vart buande i Bergen der Ole d. 31.7.1894.  Sophia Kroken d. same staden 4.1.1904.  Dei fekk åtte born i lag, men Sophia hadde òg ein son frå før:

a. Kristoffer Davidsen, son av Sophia og gardbrukar David Sørenson i Dulsviki, Lingjerde i Luster (bnr. 3) (1828-1906), var f. i Hafslo 7.5.1850 og d. i Bergen 17.6.1938.  Kristoffer gifte seg i Bergen 5.8.1877 med Olufine Randine Iversdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 26.7.1858.  Ho d. i Bergen 7.12.1895.  Kristoffer Davidsen var bøkkarsvein, men vart sidan dagarbeidar.  Han og Olufine vart buande i Bergen levetidi ut og fekk seks born i lag.

b. Elias Olai Olsen, f. i Bergen 11.3.1855, d. i Bergen 22.3.1855.

c. Andreas Olai Olsen, f. i Bergen 29.3.1856,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1870 glasmeisterlærling – n. 1875 reipslagarsvein – d. barnlaus før 1894? – i militærliste: https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000095561

 

d. Ludvig Johan Olsen, f. i Bergen 7.11.1857, d. i Ålesund 30.3.1956.  Ludvig gifte seg i Bergen 7.11.1886 med Inga Sofie Iversdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 11.12.1865.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ludvig var i mange år bøkkersvein og sidan sildevrakar i Bergen, men

 

     ¤¤¤¤¤ (budde i Göteborg, Sverige 1892-1898 – frå Bergen til Ålesund mellom 1903 og 1909! – dotter Laura Johanne Olsen, f. 28.2.1909, d. 13.3.1991 – gravlagd med far sin! – yrket til Ludvig i Ålesund?)

 

     Dei fekk minst ni born i lag.

     ¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born?)

 

e. Berthe Sophie Olsen, f. i Bergen 15.3.1860, d. i Bergen 23.2.1943.  Berthe gifte seg i Bergen 2.11.1884 med Odd Elias Knudsen, f. i Årstad, Bergen 16.3.1861.  Han d. i Bergen 8.2.1918.  Odd var snikkarsvein, og han og Berthe vart buande i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

f. Johan Bernhard Olsen, f. i Bergen 8.8.1862, d. i Bergen 17.4.1865.

g. Olai Severin Olsen, f. i Bergen 8.3.1865, d. i Bergen 9.6.1955.  Olai gifte seg første gongen i Bergen 19.9.1886 med Johanne Cathrine Iversdotter Arnesen frå Bergen, f. i Bergen 18.11.1867.  Ho d. i Bergen 28.7.1908, og Olai gifte seg att i Bergen 18.9.1910 med Julianna Jørgine Knutsdotter Espeland frå Espeland i Alversund, f. på Seim i Alversund 15.7.1886.  Men ho d. i Bergen alt 14.11.1910, og Olai gifte seg so tredje gongen i Bergen 22.10.1911 med Oline, kjend som Lina Jensdotter Skaar frå Skår i Stryn, f. i Stryn 17.6.1868.  Ho d. i Bergen 8.1.1928.  Olai Olsen vart målarmeister og budde i Bergen levetidi ut.  Han fekk seks born, som alle var frå første ekteskapet.

h. Johanne Berentine Olsen, f. i Bergen 16.9.1867, d. i Bergen 19.9.1953.  Johanne Olsen var syerske og sidan husstyrar.  Ho budde òg i Bergen, ugift.

i. Christine Caroline Olsen, f. i Bergen 7.3.1870, gifte seg første gongen i Bergen 4.7.1888 med Edvard Olai Helgeson Hansen, f. i Bergen 26.8.1864.  Edvard var smeddreng og fabrikkarbeidar i Bergen til han og Christine i 1888 utvandra til Amerika.  Dei busette seg i Eureka, Humboldt Co., Cal. der Edward livnærte seg som sagbruksarbeidar («lumber mill worker»).  Men Edward d. i Los Angeles, Cal. 9.3.1897, og Christine gifte 1.3.1902 att i Eureka, Cal. med ein Peter Hansen, f. i Noreg kring 1861, dato og stad ukjende.  Han skal ha utvandra til Amerika i 1885 og var sagbruksarbeidar («sawmill worker») i Eureka, Humboldt Co., Cal.  Peter forsvann kring 1916, og den seinare lagnaden hans er ukjend.  Christine vart skrivi enkje i 1920 og d. i  San Francisco, Cal. 7.2.1922.  Ho fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ¤¤¤¤¤ (opplysningar om Peter Hanson??)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Ludvig Johan Olsen, f. i Bergen 7.11.1857, d. i Ålesund 30.3.1956.  Ludvig gifte seg i Bergen 7.11.1886 med Inga Sofie Iversdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 11.12.1865.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ludvig var i mange år bøkkersvein og sidan sildevrakar i Bergen, men

 

     ¤¤¤¤¤ (budde i Göteborg, Sverige 1892-1898 – frå Bergen til Ålesund mellom 1903 og 1909! – dotter Laura Johanne Olsen, f. 28.2.1909, d. 13.3.1991 – gravlagd med far sin! – yrket til Ludvig i Ålesund?)

 

     Dei fekk minst ni born i lag.

     ¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born?)

 

 

For ordens skyld, her er familien i Ålesund i 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036746000486

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1501&kenr=001&bnr=0036&lnr=05

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Ålesund
  • Kommunenummer: 1501
  • Gatenavn: Stenvaagveien 41
  • Gatenr:
  • Bydel: Aalesund
  • Gårdeier:
  • Antall leiligheter: 5
Antall personer registrert på bostedet: 25
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Halvor Søholt hf g Baadsmand v/ D/S "Jotunheim" 18.12.1875 Ørskog  
  Kristine Søholt hm g Hustru 12.07.1869 Hemne  
  Laura Søholt d ug Datter 07.05.1907 Ørskog  
  Karl Søholt s ug Søn 10.03.1910 Ørskog  
  Marie Ekrol tj ug Tjenestepike 31.05.1894 Skodje  
  Johannes Nilss. hf g Fisker 12.08.1880 t  
  Emma Nilss. hm g Hustru 29.06.1882 t  
  Jonny Nilss. s ug Søn 31.08.1906 t  
  Anna Nilss. d ug Datter 05.08.1908 t  
  Karl Nilss. s ug Søn 18.12.1909 t  
  Henrik Ols. hf g Smedmester ved A/S Olsens mek Værksted 04.04.1844 Søndfjord  
  Jørgine Ols. hm g Hustru 08.09.1894 t  
  Ebba Ols. d ug Datter 27.12.1892 t  
  Gjert Mats. hf g Maskinarbeider ved mek Værksted 24.08.1840 Søndfjord  
  Jakobine Mats. hm g Hustru 28.06.1842 Bergen  
tidslinje.gif Ludvig Ols. hf g Sildevraker 07.11.1857 Bergen  
tidslinje.gif Inga Ols. hm g Hustru 30.12.1866 Bergen  
tidslinje.gif Sigvard Ols. s ug Fyrbøter tilsjøs 12.10.1887 Bergen  
tidslinje.gif Johan Ols. s ug Søn 07.03.1894 Gøteborg  
tidslinje.gif Ingrid Ols. d ug Datter 07.07.1895 Gøteborg  
tidslinje.gif Halfdan Ols. s ug Søn 14.10.1897 Gøteborg  
  Arthur Ols. s ug Søn 01.06.1900 Bergen  
  Astrid Ols. d ug Datter 14.06.1901 Bergen  
  Gudrun Ols. d ug Datter 02.01.1906 t  
  Laura Ols. d ug Datter 29.02.1908 t  
 
 
Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Andreas Olai Olsen, f. i Bergen 29.3.1856,

 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1870 glasmeisterlærling – n. 1875 reipslagarsvein – d. barnlaus før 1894? – i militærliste: https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000095561

 

Andreas Olai døde 29.1.1884 i Bergen:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070228680478

 

Dødsfallsprotokollen:  https://www.digitalarkivet.no/sk20090615341102

 

Link to comment
Share on other sites

Har begynt litt på barna til Ludvig Johan:

 

Halfdan Wilhelm, f. 14.10.1897 i Gøteborg, konfirmert 1912 i Ålesund:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001964404

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A09 (1904-1917), Konfirmerte 1912, Side 127
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101273130 
Dåpen i Lundby: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00056616_00107

 

Arthur Bernhard, f. 01.07.1900, Bergen

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007323811

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Ministerialbok nr. B 3 (1901-1912), Fødte og døpte 1903, Side 62
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050815020878 
 

Astrid Fransiska, f.11.07.1902:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007323742

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Ministerialbok nr. B 3 (1901-1912), Fødte og døpte 1903, Side 60
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050815020876 
 

Klara Sofie, f. 24.03.1904 i Ålesund, død 12.11.1908 i Ålesund: 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002480385

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A09 (1904-1917), Døde og begravede 1908, Side 263
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101273266 

 


 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Ludvig Johan Olsen, f. i Bergen 7.11.1857, d. i Ålesund 30.3.1956.  Ludvig gifte seg i Bergen 7.11.1886 med Inga Sofie Iversdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 11.12.1865.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Inga Sofie døde 3.7.1930 i Ålesund:  https://www.digitalarkivet.no/kb20050413040682

 

Link to comment
Share on other sites

Laura Johanne, f. 28.02.1909, døpt 05.05.1924 iflg konfirmasjonen:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001362110

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A11 (1914-1925), Konfirmerte 1924, Side 216
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101281222 

 

Her er dåpen: 

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Klokkerbok nr. 529C12 (1921-1934), Fødte og døpte 1924, Side 71
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050413040849 
 

 

Gudrun Sofie, f. 02.01.1907

Konfirmasjonen: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001359922

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A11 (1914-1925), Konfirmerte 1922, Side 171
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101281177
 

Her er dåpen - nr. 29

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Klokkerbok nr. 529C12 (1921-1934), Fødte og døpte 1922, Side 20
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050413040798 
 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Johan Ludvig, født 06.03.1894, Gøteborg

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001960884

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A09 (1904-1917), Konfirmerte 1909, Side 82
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101273085 
Dåpen i Lundby: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0017662_00224

 

 

Ingrid Charlotte, født 07.06.1895, Lundby 

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001963177

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A09 (1904-1917), Konfirmerte 1911, Side 103
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051101273106
Dåpen i Lundby: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00056616_00021

 

 

Beklager at barna kommer i litt rotete rekkefølge. 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for kjempefine og nyttige innlegg!

 

Med dette er spørsmåli kring Andreas Olai Olsen og Inga Sofie Olsen løyste, og me har identifisert i alt 10 born etter Ludvig og Inga Sofie, 8 born er nemnde i 1910, ei dotter Klara Sofie var fødd i Ålesund i 1904 og døydde same staden i 1908.  Dessutan har FT1900 endå ei dotter Clara Sofie fødd i Bergen i 1888:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335039085

 

Men kva med perioden 1888-1894?  Fekk dei då ingen born på seks år?

 

Spørsmåli om Peter Hanson i Amerika vert truleg svært vanskelege å finna svar på, men eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Og her er enda en datter, Lars!

 

Ingrid Hermanda, f. 15.07.1890

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1891), Fødte og døpte 1890, Side 268
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061124020633 

 

Her er familien i Bergen i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994043900

 

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Då er me oppe i elleve born i denne huslyden, og sjølv om det er «plass» til eitt til mellom 1890 og 1894, kanskje født i Göteborg(?), kan me vel kanskje seia oss nøgde?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Utflyttet fra Lundby församling, Göteborg, 8/8 1899, til Bergen. Faren er salteriföreståndare hos Ungewitter & co (som ifölge litt Googling eier Sörhallens sillsalteri).

(barn Sigvard, Klara, Johan, Ingrid, Halfdan ved utfl.)

 

Innflyttet 1894 2/2 .

Datteren Ingrid Hermanda f. i Bergen 1890 15/7 död 9/5 1894 (meningitis tuberculosa)

 

ed: ikke funnet gravplassen, sannsynligvis på Lundby gamla kyrkogård.

Edited by Vibeke Lund Åhling
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Vibeke for ei spennande og nyttig melding!

 

Dette tyder då på at dersom Ludvig Johan og Inga Sofie fekk eit barn i 1892, må det ha vore i Bergen!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.