Gå til innhold
Arkivverket

Martin Henning frå Gävle i Sverge - gift i Bergen 1858 med Christine Jochumsdotter frå Luster - opphavet hans og lagnadane til sønene Joachim og Hilmar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Martin Henning frå Gävle i Sverge som i Bergen gifte seg med ei jente frå Luster, samla eg bra med opplysningar om alt på 1980-talet, men med dei den gongen tilgjengelege kjeldene vart eg ståande fast på fleire punkt.  Det gjeld i første rekke:

 

* Det svenske opphavet og foreldri til Martin Henning?

 

* Kven var Christian Bjerk i Bergen?

 

* Kor mange born som var fødde i huslyden til Karoline og Edvard Steiner?

 

* Lagnaden til sonen Joachim Martin Henning, som skal ha stukke av til Amerika?

 

* Lagnaden til sonen Hilmar Lorents Henning?

 

Slik ser førebels manuskriptet mitt ut for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye detaljopplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martin Henning og familie i 1885:

 

(utdrag)

Bosted by:

1427 Ladegaardsgaden 48 

 

003 Martin Henning 00 1830 Sverige - - - Rigger
004 Kristine Henning 00 1823 Lyster - Hustru - -
005 Oskar Paulsen 00 1881 Bergen - Børn - -
006 Lauris Paulsen 00 1884 Bergen - Børn - -
007 Marie Henning 00 1871 Bergen - Børn - -
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martin Henning født 10. september 1830 i Gävle, døpt 12. september i Gävle Heliga Trefaldighets kyrka:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0031020_00176#?c=&m=&s=&cv=175&xywh=130%2C1284%2C1911%2C2295

(Nr. 158)

 

Foreldre er tegelarbetaren Martin Henning og hustru Maria Margr. Lönnqvist (42 år)

Dåpsvitner er Laxnotarb. Anders Lundberg og hustru Anna Br. Lönnqvist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siden fødestedet til faren, teglarbeider og senere kirketjener Martin Henning, ikke er nevnt i noen av husforhørene, antar jeg at han er født i Gävle. 

 

(Feil.. Se innlegg #10)

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Maria Margr. er født 15. mars 1788 i Älvkarleby i Uppsala län og døpt Maria Gretha 16/3 sammen med tvillingsøsteren Anna Brita. Foreldrene er hovslager på Öhn (kan være Öns Bruk) Peter Lönqvist og Maria Hindriksdotter.

 

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0002925_00096#?c=&m=&s=&cv=95&xywh=408%2C494%2C1988%2C2386

 

Husforhør Öns Bruk 1785-1793: 

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0002898_00196#?c=&m=&s=&cv=195&xywh=477%2C121%2C2349%2C1884

 

 

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så sjömannen var tunghört...

 

Henning er vallonslekt/smedeslekt (opprinnelig Henin?).

 

Mårten Henning "senior"? (födt Älvkarleby, 11 nov 1788)

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0002925_00098#?c=&m=&s=&cv=97&xywh=328%2C499%2C2408%2C1594

(Carl Henning og  Cajsa Mårtsdr på Öhn)

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Anne-Lise og Vibeke for mange spennande og nyttige innlegg!

 

Med dette er det svenske opphavet til Martin Henning «på plass», kjempebra!

 

Elles var denne «fengselsdagboki» til Hilmar Lorents ganske so spennande lesing!  Eg er ikkje sikker på om eg har fått med meg alt der, men so vidt eg kan forstå, hadde Hilmar vore ute som sjømann, mellom anna med siglingar til Ostindien, men hausten 1887 mønstra han på for å søkja hyre i Antwerpen og børja «eit nytt lliv»...  Men er det mpogeleg å følgja han vidare?

 

Elles er Joachim Henning framleis ei «gåte».  Men her er ulike spennande dokument:

 

* Notatet om at han deserterte i Pensacola, FL: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000064728

* Notat frå fattigvesenet i Bergen: https://media.digitalarkivet.no/view/105803/158

Dette dokumentet nemner seks born, desse fire Nord-borni:

* Viggo Alexander Nord: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007629532

* Ingrid Elisabeth Nord: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007417959

* Karl Elias Nord: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007320262

* Agnes Constance Nord: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000014167070

 

Under Agnes sin dåp står det om mori, at ho var «gift og forlatt».  NB: Då var kanskje Joachim likevel stukken av til Pensacola, FL utan å vera dukka opp att??

* Alfred Martin var tydeleg einaste barnet som Joachim Henning var far til: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007484549

 

Her er han i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708065634

Her er han i 1912: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551066120

Her er han i 1922: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522091803

 

* Anne Henninge Nord «i lag med» Anton Nord i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994027248

* Dødsfallet hennar i Bergen 30.5.1898: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000958996

* Dødsmeldingi fortel om enkjemann Anton Nord og seks umyndige born: https://media.digitalarkivet.no/view/27888/234

* Den borgarlege vigsli til Anton Isak Olai Nord og Anna Karoline Henning i Bergen 20.5.1893: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002841804

 

Det hadde vore spennande å sett skilsmissedomen hennar frå Joachim Henning!  Kvar er den??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden Henning;

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christi Jochumsdotter {Sørum}, f. {i Luster} 15.10.1832,

Christine Jochumsdotter flytte til Bergen i 1852 og gifte seg der 9.7.1858 med Martin Martinson Henning frå Gävle i Sverige.  Han var son av kyrkjetenar Martin Carlsson Henning i Gävle, opphavleg frå Öhn i Älvkarleby, Uppsala län, og kona Maria Margaretha Petersdotter Lönquist, likeins frå Öhn i Älvkarleby, Uppsala län.  Martin var f. i Gävle 10.9.­1830, men reiste heimerå i 1854.  Han kom til Bergen som matros i 1857 og reiste til sjøs i mange år, men fekk sidan arbeid som snikkar.  Dei budde ymse stader i Bergen, mellom anna på Torvalmendingen og i Vigssmuget, men i 1874 hadde dei tilhald på Nygård og i 1875 i Bratlandssmuget.  Martin Henning d. i Bergen 18.10.1898 og budde då i Edvardsensgate, medan Christine d. som enkje i Skuteviken, Sandviken i Bergen 7.7.1916.  Dei fekk seks born i lag; dessutan Christine ei dotter frå før:

a. Karoline Christiansdotter, son av Christine og ein Chris­tian Bjerk frå Bergen,

 

     ##### (identifikasjon av Christian Bjerk?)

 

     var f. i Balestrand 8.10.1856 og d. i Bergen 28.9.1929.  Karoline gifte seg i Bergen 1.10.1876 med Edvard Teodor Fredrik Edvardson Steiner.  Han var f. i Egersund 16.5.1856 og d. i Stavanger 7.9.1922.  Edvard Steiner var maskinist.  Han og Karoline budde først i Bergen og sidan i Stavanger, men som enkje flytte Karoline attende til Bergen.  Dei fekk visstnok i alt seksten born, men berre åtte av dei levde opp.

 

     ##### (sjekka om barnetalet stemmer?)

 

b. Joachim Martin Martinson Henning, f. i Bergen 1.5.1860, gifte seg i Bergen 13.2.1882 med Anna Caroline Cathrine Carls­dotter Christiansen, f. i Bergen 28.3.1861.  Joachim var seglmakar, men reiste til sjøs i ung alder, men alt i 1882 rømte han frå skipet han siglde med, medan det var i Pensacola, Fla. 

 

     ##### (lagnaden hans? – levde framleis i 1898!)

 

     Anna vart buande i Bergen der ho d. 30.5.1898.  Ho vart skild frå Joachim

 

     ##### (opplysningar om dette?)

 

     og gifte seg borgarleg att i Bergen 20.5.1893 med Anton Isak Olai Iverson Nord frå Ålesund.  Han var f. på Buholmstrand i Borgund 22.1.1863 og d. på eit sjukehus i Bergen 20.2.1930.  Anton livnærte seg som sjauar og lausarbeidar og hadde butt i Bergen sidan 1872.  Anna fekk i alt seks born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Joachim Henning.

c. Oluf Marius Martinson Henning, f. i Bergen 9.10.1862, d. i Bergen 27.9.1871.

d. Hilmar Lorents Martinson Henning, f. i Bergen 22.12.1865,

 

     ##### (levde 1875 – reiste til sjøs på 1880-talet – i utanriksfart Ost-Indien – reiste hausten 1887 til Antwerpen for å søkja hyre – seinare lagnad? – d. før 1898?)

 

e. Christofine Randine Martinsdotter Henning, f. i Bergen 4.6.1869, d. i Bergen 6.5.1881.

f. Oluffa Marie, kjend som Marie Martinsdotter Henning, f. i Bergen 29.1.1872, d. i Bergen 24.1.1950.  Ho gifte seg i Bergen 9.6.1923 med Hans Petter Olai Olsen, f. i Bergen 19.2.­1873.  Han d. i Bergen 6.6.1949.  Marie var syerske, medan Hans Petter Olsen var båtsmann til sjøs.  Dei budde i Bergen levetidi ut, men var barnlause.

g. Magdalena Margrethe Martinsdotter Henning, f. i Bergen 28.12.1874, d. i Bergen 6.1.1875.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.