Gå til innhold
Arkivverket

Arne Sørheim alias Arnt Søhring (1826-1897) - bokhandlar i Trondheim - gift med Jetta Christine Qværndrup - til Luster - kone og born til Amerika - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ekteskap 

 

Peder Pedersen Hefled og Ingri Steengrimsdatter Loe i 1793

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000000249344

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070907640210

 

Stengrim Pedersen Hefle f 1795

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000003708687

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070907640153

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #54:

 

Hjarteleg takk til Anton for nye spennande innlegg kring Ole Steingrimson Hevle frå Oppdal.

 

Eg må seia han siglar opp som ein kjempegod «kandidat» for å vera ein ny ektemann til Jetta Christine Qværndrup.  Me har jo ogso «linken» til Kansas der dotter hennar gifte seg i 1883.  Kanskje utvandra Thomas og Maria i 1880 med reisemål Kansas?  Det er ikkje meir enn om lag 50 miles frå Concordia, KS der Maria gifte seg, og Jewell Co., KS der Ole og (Jetta) Christine Hevle budde i 1880!!

 

Her er forresten dødsfallet til Ole Hevle alias Ole Hawley, som må vera flytt attende til Chicago, IL i 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7JM-V9B

 

Han var då enkjemann, og det var han òg ved FT1900, då busett hjå sonen Axel Advard Nelson i San Francisco, CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XC8W-XR2

 

Pussig er det forresten at sonen bér namnet Nelson.  Kanskje mori vart skild frå Ole Steingrimson og sidan attgift med ein Nelson?

 

Elles hadde det nok vore svært so spennande om me kunne finna ein liktale (obituary) for Ole Hawley frå Chicago, IL etter han døydde der 5.4.1908.

 

Her følgjer forresten eit oppdatert manuskript for huslyden til Arne Sørheim/Arnt Søhring:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nytt innlegg frå Lars W. er dette manuskriptet no oppdatert og erstatta av eit nytt i innlegg #57 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #55:

 

Eg lurer forresten på om dette kan vera foreldri til Carl Jacobson Möller i Malmöhus län:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:HCZZ-TZ3Z

 

eller kanskje desse:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:HCF8-34N2

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

 

Ja, det er det første paret. Her er familien i noen husförhör:

 

1846-1849:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062012_00097

1849-1853:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062013_00124

1853-1855:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0070871_00215

1856-1857:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0070873_00166

1857-1860:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0070874_00128

1863-1864:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0070876_00108

 

I husförhörene står det at begge foreldrene var født i Solberga. jeg finner imidlertid ingen Jakob født der i 1806. Jeg finner imidlertid en Jakob født på riktig dato (17.2.1806) i Snårestad:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0069062_00024

 

Moren står oppført med navnet "Bothilda" i husförhörene, men hun ble døpt "Boel". Hun var født 30.9.1816 i Solberga:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0069080_00109

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #57:

 

Hjarteleg takk til Lars W. for eit godt og nyttig innlegg!

 

Då er opphavet til Möller-ætti klarlagt, og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #54 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysnmingar er dette manuskriptet oppdatert i innlegg #61 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

Thomas Hammer utvandra til Amerika i 1880 og

 

 

 

##### (early life in America? – Soldier Cuban War 1899 – 1900 ugift bartender i Pueblo, CO?)

 

 

 

 

 

Clerk i Seattle

 

ScreenShot20210118at.png

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=2378&h=4595418&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=61843

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Teamster i San Francisco også Machine Helper i 1917 

 

Thomas J Hammer

in the U.S., City Directories, 1822-1995

Name:Thomas J Hammer

Gender:Male

Residence Year:1915

Residence Place:San Francisco, California, USA

Occupation:Teamster

Spouse:Christina Hammer

Publication Title:San Francisco, California, City Directory, 1915

 

Thomas J Hammer

 in the California, U.S., Voter Registrations, 1900-1968

Name:Thomas J Hammer

Residence Date:1917

Street Address:1180 De Haro

Residence Place:San Francisco, California, USA

Party Affiliation:Declines to State

Occupation:Maoh Helper

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan se ut som at Carl Möller hadde en sønn til. I det siste husförhöret før Anna Maria Jönsson utvandret til Amerika stod hun oppført med to sønner, begge med etternavn "Möller": Carl Axel født i 1878 og Albert født i 1880:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0004849_00311

 

Albert var født utenfor ekteskap 24.2.1880 i Ystad:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00122490_00212

 

Han døde tre måneder før Anna Marie utvandret:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00122717_00131

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #61:

 

Hjarteleg takk til Anton og Sven for nye kjempemessige innlegg!  Eg vert meir og meir imponert over alt de greier å finna.  Det er ikkje so mykje som no står att å finna ut her.  Eg ser i grunnen berre:

 

** Lagnaden til Jetta Christine Qverndrup (Hawley?) og ein eventuell liktale (obituary) for Ole Hawley?

 

** Datoen for første vigsli til Thelma Hammer med Joseph White, samt opplysningar om andre ekteskapet til Thelma med «Mr.» McLaughlin?  Bustaden hennar var Hollywood, CA då ho gifte seg med Chris Wunder...

 

Her kjem so ein oppdatert versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #57 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. 1.3.1826.  Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to lutar i 1857 og 1858.  Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Chris­tiansdotter Qverndrup frå Trondheim.  Ho var dotter av skodespelar Nils Christian, kjend som Christian Nilsson Qverndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger og f. i Trondheim 8.3.1840.

Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring.  Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforret­ning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869.

Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta

 

##### (sjekka om ogso ho flytte attende?)

 

attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2).  Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869.

Christine Sorum(?)

 

##### (amerikansk namn?)

 

utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872,

 

##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika?? – kan henda gift i Amerika med Ole Steingrimson Hevle frå Oppdal – møbelsnikkar i Trondheim og i Chicago, IL)

 

Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897.  Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heiders­plass.  Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster.  Arne og Jetta fekk fire born i lag:

 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870.

 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks opp hjå skyldfolk på Flahammar.

Thomas Hammer utvandra til Amerika i 1880 og budde kan henda ei tid i Kansas, men flytte sidan til Colorado.  Frå 1898 til 1899 var han verva soldat i den spansk-amerikanske krigen («Spanish-American War soldier»), og ved hundreårsskiftet arbeidde han som servitør («bartender») i Pueblo, Colo.  So gifte han seg i Everett, Wash. 16.5.1904 med Kristina Ananiasdotter frå Bergfjord på Lindås, i Amerika kjend som Christine Clausen.  Ho var dotter av gardbrukar Ananias Clausson på Bergfjord, opphavleg frå Mellingen, og kona Kari Christiansdotter frå Bergfjord og f. på Lindås 7.12.1878, men utvandra til Amerika i 1897.  Thomas livnærte seg ei tid som butikkmann («clerk») I Seatte, King Co., Wash., men han og Christine flytte snartv til San Francisco, San Francisco Co., Cal. der Thomas mellom anna var køyrekar og maskinassistent («teamster and machine helper»).  Han d. i San Francisco, Cal. 24.2.1919.  Christine Hammer livnærte seg sidan som hushaldar («housekeeper») og d. same staden 9.12.1971.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Christin Hammer, f. i Solano Co., Cal. 26.10.1906, d. i Solano Co., Cal. 30.10.1906.

b. Thelma Irene Hammer, f. i San Francisco, Cal. 20.7.1909, d. i Burlingame, Cal. 3.5.1999.  Ho gifte seg første gongen i San Francisco, Cal.

 

     ##### (exact date of her 1st marriage? – July 1929?)

 

     med Joseph White, f. i Silver Bow Co., Mont. 12.3.1905.  Joseph White var metallarbeidar («sheet metal worker»), men d. i King City, Cal. 28.9.1933, og Thelma gifte seg

 

     ##### (also married in between to a McLaughlin – info?)

 

     30.12.1951 i Phoenix, Az. med Chris Lester Wunder, f. i Adair Co., Ia. 1.5.1897.  Han d. i Burlingame, Cal. 20.12.1977.  Chris var studioarbeidar («film studio labor boss»), medan Thelma var butikkdame («saleslady»).  Dei budde ulike stadar i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal., men flytte i 1970 som pensjonistar til Burlingame, San Mateo Co., Cal.  Thelma fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 3. Sophia Marie, kjend som Maria Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.­1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875.  Ho voks òg opp hjå skyldfolk på Flahammar.

I 1880 utvandra også Marie Sorum til Amerika, og ho gifte seg i Concordia, Ks. 5.11.1883 med Carl Jacobsson Möller frå Ystad i Malmöhus län, Sverige, i Amerika kjend som Carl J. Miller.  Han var son av steinhoggar Jacob Jönsson Möller i Ystad, Malmöhus län, opphavleg frå Snårestad, og kona Boeø, kjend som Botilla Andersdotter frå Solberga og f. i Ystad, Malmöhus län, Sverige 1.11.1856, men utvandra til Amerika i 1879.  Carl Miller var steinhoggar og sidan gravstøttehandlar («stone cutter and tombstone dealer»), og han og Marie budde i Hastings, Adams Co., Neb., men flytte i 1918 som pensjonistar til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Frå 1924 budde dei i Inglewood, Los Angeles Co., Cal. der Marie d. 9.7.1928.  Carl Miller flytte som enkjemann i 1930 attende til Sverige, tok att namnet Carl Möller og d. i Lund, Malmöhus län i Sverige 26.2.1935.  Carl og Marie var barnlause, men Carl hadde to søner frå før, medan han og Marie tok til seg ei fosterdotter.

 4. Inga Mathilde Charlotte Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 26.1.1868, d. i Trondheim 20.1.1869.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #63:

 

Hjarteleg takk til Vibeke for informasjon om prenteleifen!  Manuskriptet er no retta opp!

 

Men lagnaden til Jetta er framleis «uklar»...  Er det mogeleg å prova sambandet med Ole Steingrimson Hevle?  Kanskje dei berre var «common-law married» (sambuarar)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.