Gå til innhold
Arkivverket

Lerum-familie frå Luster 1840-1900 med to kjempeutfordringar - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden på garden Lerum (til dagleg kalla Leri) har sidan 1980-talet skapt meg mykje hovudbry, men no har eg teke mot til meg til å freista det eksellente Brukarforum med ei von om at nokon der kan hjelpa meg finna dei manglande svari.  Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Hansson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 4.12.1811 og d. som gardbrukar på Leri 14.12.1855.  Arne fekk 3.6.1835 skøyte på heimebruket hjå faren, og 10.11.1840 gifte han seg med Kirstina Pedersdotter frå Sørheim.  Ho vart døypt 28.1.1811 og d. som gardbrukarenkje på Leri 14.2.1863.  Arne og Kirstina dreiv garden så lenge dei levde.  Dei fekk seks born:

 1. Hans Arneson Lerum (1841-1932), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri.

 2. Peder Arneson, f. 6.10.1843, budde heime på Leri i 1865.

Peder Lerum flytte

 

 

##### (forsvinn frå Luster etter 1865 – seinare lagnad? – Amerika???)

 

 

 3. Erik Arneson, f. 22.11.1845,

Erik Lerum flytte til Bergen tidleg i 1860-åri og tente ei tid hjå handelsmann Bjelland på Østre Muralmending.  Sidan vart han furer ved artilleriet, og 25.11.1875 gifte han seg i Bergen med Unni Larsdotter frå Lavoll, f. i Luster 13.10.1853.  Dei busette seg på Vestre Muralmending i Bergen der Erik d. alt 8.12.1887.  Unni vart buande på same staden til kring 1905.

Men kring 1905 flytte Unni Lerum attende til Luster, og ho busette seg på Kåret, Lavoll der ho d. 6.1.1917.  Erik og Unni Lerum fekk fire born i lag, og dessutan fekk Unni ei dotter etter ho vart enkje:

a. Arne Christian Erikson Lerum, f. i Bergen 30.3.1877, d. i Bergen 22.5.1878.

b. Arne Christopher Erikson Lerum, f. i Bergen 20.7.1879,­

Arne C. Lerum utvandra til Amerika i 1893 og busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der han vart vald til offentleg teneste­mann («Dane County Clerk of Court»).  Han d. ugift i Madison, Wis. 25.6.1911.

c. Ludolf Martin Erikson Lerum, f. i Bergen 15.5.1883, d. i Bergen 10.11.1900.

d. Christine Petra Gunhild Eriksdotter Lerum, f. i Bergen 18.10.1885, d. i Bergen 19.8.1903.

e. Unni Erna Olea, kjend som Erna Olsdotter Lerum (1893-1951), dotter av Unni og husmannssonen Ole Torkildson frå Mordøla under Heltne i Dale (1867-1943), flytte med mori til Luster og vart her gift med fabrikkarbeidar Søren Hansson Sperle frå Sperle øvre, Sperle i Jostedalen (bnr. 3) (1895-1974) (s.d.).

 4. Gunnhild Arnesdotter (1847-1876), d. ugift på Leri.

 5. Arne Arneson, f. 11.11.1849,

Arne A. Lerum utvandra til Amerika i 1868 og budde først ei tid hjå farbroren Ole Hanson i Nelson township, Buffalo Co., Wis.  Sidan fòr han vestover, og

 

 

##### (lagnaden hans? - truleg d. i San Francisco, CA 7.4.1884: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60249&h=99398&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20935&_phstart=successSource

 

 

 6. Andreas Arneson, f. 24.6.1853,

Andreas Lerum flytte til Bergen der han vart sersjant i artill­eriet.  Han gifte seg i Bergen 29.4.1884 med Bianca Elisabeth Olsdotter Olsen.  Ho var dotter av kommandørsersjant Ole Olsen og kona Anna Marie f. Pettersen og f. i Bergen 18.11.1862.  Andreas og Bianca busette seg i Neumanns gate i Bergen, men liksom broren Erik vart heller ikkje Andreas gamle karen.  Han d. i Bergen alt 7.7.1889.  Enkja Bianca flytte snart etter til Rosenberggaten i Bergen der ho sidan dreiv kolonialhandel.  Ho d. i Bergen 10.11.1946.  Andreas og Bianca fekk tre born i lag:

a. Ole Andreasson Lerum, f. i Bergen 14.3.1885, var kontormann i Bergen der han d. ugift 14.1.1941.

b. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 2.1.1888, d. i Bergen 19.6.1888.

c. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 30.4.1889, d. i Bergen 25.4.1946.  Arne gifte seg i Bergen 3.7.1920 med Berthe Petrikke Nilsdotter Knutsen.  Ho var f. i Bergen 12.1.1894 og d. i Bergen 11.10.1974.  Arne var bokhaldar, medan Berthe var tannteknikar.  Dei budde i Bergen levetidi ut og fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

* Eg har ikkje finne spor etter Peder etter FT1865, men eg ser ikkje bort ifrå at han har teke vegen til Amerika.

 

* Arne veit me utvandra til Amerika, og dødsfallet som eg har finne i San Francisco, CA, liknar svært på «vår mann», men kanskje finst det avisartiklar om denne karen ein eller annan stad?  Han bør jo finnast i folketeljingar i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse gutane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for ei skikkeleg spennande heimstavnsforklaring om Peder Arneson Lerum.

 

Her får me då vita at han flytte heimefrå i 1865 eller 1866 til Bergen for mellom anna å handla med poteter, men han har tydeleg vore på farten med både jarnbanearbeid og anna, og han ser ut til å ha butt på Briskeby i Christiania (siste kjende bustad?), men at han altso var avliden før desember 1875.  Me skulle neste tru at det forut for denne heimstavnsforklaringi må vera innkomme eit skriv til Bergen om at Peder var avliden med nærare opplysningar om kvar og kva tid.  Men er det mogeleg å finna ut av dette?

 

Kanskje lyt me venta til samtlege kyrkjebøker er gjort tilgjengelege for søk frå september?

 

Uansett har me no ei forklaring på lagnaden til Peder, og me sit att med å finna fleire opplysningar om broren Arne i Amerika...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.