Gå til innhold
Arkivverket

Ein ny Lerum-familie frå Luster med to kjempeutfordringar - båe i Amerika - kvar vart det av Hans Hansson og Ingeborg Hansdotter - Mrs. Nels Anderson?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein annan søskenflokk frå garden Lerum (Leri) i Luster har ogso to store utfordringar.

Denne huslyden var ein del plaga av den spedalske sjuka, og me veit at både mori og fleire av borni leid av denne sjukdomen, men me lyt tru at dei to som utvandra til Amerika var skåna?

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

~~~~~~~~~~~~~~

Hans Ørbech Christenson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 13.10.1793 og d. som gardbrukar på Leri 24.6.1840.  Hans fekk 15.6.1814 skøyte på heimebruket hjå faren, og 13.11.1817 gifte han seg med Inge­borg Hansdotter frå Leirmo.  Ho vart døypt 1.4.1798 og d. som gardbrukarenkje på Leri 15.7.1852.  Ho var då spedalsk.  Hans styrte bruket så lenge han levde, og sidan heldt enkja fram med drifti til eldste sonen fekk ta over i 1844.  Hans og Ingeborg på Leri fekk òg elleve born i lag:

 1. Christi Hansdotter (1818-1850), ugift, var spedalsk.

 2. Christen Hansson (1821-1877), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri.

 3. Hans Hansson, f. 22.11.1823,

Hans Hanson (Lerum) utvandra til Amerika i 1851 og levde i 1852, men

##### (lagnaden hans i Amerika?)

 4. Metta Hansdotter (1826-1890), vart gift med husmann Hans Salomonson i Hagen under Leri (1817-1894).

 5. Johannes Hansson (1827-1827).

 6. Metta Kirstine, kjend som Kirstina Hansdotter (1828-1906), vart gift med husmannssonen Christen Larsson frå Lange­teigen under Heltne i Dale (1820-1897).

 7. Erik Hansson (1831-1901), var lærar og kyrkjesongar og budde på Haugen under Nes.

 8. Johannes Hansson (1833-1848), visstnok spedalsk.

 9. Ingeborg Hansdotter, f. 18.5.1836,

Ingeborg Hanson (Lerum) utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg

##### (date and place of her marriage? – prior to 1870!)

med Nils Andersson frå

##### (norsk opphav?)

i Amerika kjend som Nels Anderson.  Han var son av

##### (foreldri med yrke, bustad og opphav?)

og f.

##### (dato og stad for fødsli hans? – 1833?)

##### (kan det vera denne mannen frå Luster: Nils Andersson Drevdal, f. i Luster 1.2.1832, gifte seg i Luster 30.6.1862 med Rønnaug Hansdotter frå Vatnet under Bolstad, f. i Skjåk 8.6.1834.  Nils og Rønnaug vart buande nokre år som innerstfolk i Gaupne, men utvandra i 1866 til Amerika, men ingen spor etter dei har vore finne so langt!! – denne Nils hadde ei søster Martha Bertelson som i 1871 utvandra til Crawford Co., WI, og mellom fadrane til dotteri Anna Berntine Bertelson hausten 1871 finn me Ingeborg Hanson!! – sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/223172-martha-andersdotter-1844-og-ole-andreas-%C2%ABotto-august%C2%BB-bertelson-1839-fr%C3%A5-bergen-via-wisconsin-og-michigan-til-f%C3%B8r-1880-%C2%ABappelsinbyen%C2%BB-sanford-florida-detaljar-om-denne-utfordrande-huslyden/?tab=comments#comment-1890044

Nels og Ingeborg farma nokre år i Franklin township, Vernon Co., Wis., men selde farmen i 1882 og flytte

##### (later destiny?)

Me kjenner til to born i huslyden:

##### (fleire born?)

a. Ingeborg Anderson, dotter av Ingeborg og paktar Nils Endreson på Kroken (1831-1895), var f. i Luster 29.2.1864, men utvandra til Amerika med mor si i 1866

     ##### (listed 1870 and 1880 – later destiny?)

b. Stina

     ##### (full name?)

     Anderson, f. i Vernon Co., Wis.

     ##### (date and place of her birth? – 1874?)

     ##### (listed 1880 «related» – later destiny?)

     Fam. 1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-PRD

     Fam. 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9G9T

10. Nils Hansson (1838-1842), tvilling.

11. Britha Hansdotter (1838-1891), likeins tvilling,

Britha Lerum utvandra til Amerika i 1866 og vart der borte gift med husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø (1838-1905) (s.d.).

~~~~~~~~~~~~~~

* Sonen Hans vert truleg vanskeleg å finna att...?

* Dotteri Ingeborg har eg før identifisert som kona til ein Nels Anderson i Franklin township, Vernon Co., WI.  Denne huslyden budde i eit nabolag med overvekt av emigrantar frå Luster.  Noki vigsle for denne Ingeborg og mann hennar finn eg ikkje, men det ser ut til at Ingeborg utvandra på same skipet som ein Nils Andersson frå Luster, som rett nok hadde med seg ei kone, men som so langt har vore fullstendig «forsvunne» i Amerika.  Eg spekulerer på om kanskje Rønnaug Hansdotter, kona til Nils, døydde på vegen over, og at Nils då slo seg i lag med Ingeborg?  Kan dei ha gift seg i Quebec?

Noko prov på identiteten til denne Nels Anderson får me vel ikkje før lagnaden til Nels og Ingeborg kan finnast.  Etterkomarar etter søsken av Ingeborg fortalte meg alt i 1979 at Ingeborg og mann hennar forlet Wisconsin kort etter dei selde farmen i 1881 og drog «vestover», men kvar kunne ingen fortelja meg den gongen!

No vonar eg at ekspertisen i Brukarforum kan bidra med oppklaring av denne kjempegåta og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

9. Ingeborg Hansdotter, f. 18.5.1836,

Ingeborg Hanson (Lerum) utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg

Er dette din Ingeborg?   Fødselsdato er korrekt.

Ingeborg Anderson

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:Ingeborg Anderson

Birth Date:18 May 1836

Death Date:8 Oct 1898

Cemetery:Belgium Ridge Cemetery

Burial or Cremation Place:Viroqua, Vernon County, Wisconsin, United States of America

Has Bio?:N

Spouse:Nils D Anderson

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nils D Anderson

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:Nils D Anderson

Birth Date:25 Jan 1833

Death Date:31 Mar 1912

Cemetery:Belgium Ridge Cemetery

Burial or Cremation Place:Viroqua, Vernon County, Wisconsin, United States of America

Has Bio?:N

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nels og to kvinner i 1885 Wisconsin State Census. All Scandinavian.. Franklin Township.

Nels Anderson

 in the Wisconsin, State Censuses, 1855-1905

Name:Nels Anderson 

Residence Date:1885

Residence Place:Franklin , Vernon , Wisconsin, USA

Relationship:Head

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

Nels Anderson 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anton for kjempefine og imponerande innlegg.  Nels og Ingeborg flytte altso ikkje «vestover» likevel...

Samstundes tolkar eg mellombokstaven til Nels D. Anderson som ei «avstutting» av Drevdal, so då er to kjempeutfordringar løyste, lagnaden til Ingeborg Lerum og lagnaden til Nels Andersson Drevdal.

Då står det forsovidt «berre» att å finna ut:

** Dato og stad for vigsli til Nels Anderson og Ingeborg Lerum?

** No ser eg at Ingeborg og dotteri hennar reiste med Aurora i 1866: https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338632

medan Nils Andersson Drevdal og første kona Rønnaug reiste med Fido i 1866: https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338933

og: https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338934

Finst den originale passasjerlista for FIDO for å sjå om Nils og Rønnaug kom fram, i lag, eller om kanskje Rønnaug døydde undervegs?

** Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Ingeborg, dotteri som Ingeborg hadde med seg frå Luster i 1866?

Eller kanskje har me svaret på det siste spørsmålet når me ser på desse innførslene frå:

*** FT1900 for Jefferson township, Vernon Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SW1-VY

*** FT1910 for Jefferson township, Vernon Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-SW3V

Skal me tru desse innførslene rett, kan det sjå ut som om Nils og stedotteri har levd i lag som mann og kone etter at mor hennar døydde...!?  Men det var vel helst slik at Ingeborg var hushaldar hjå stefaren...!  Kanskje kan gravi hennar finnast - eller eit avisoppslag med ei liktale (obituary)?

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Ja, jeg har sett på folketellingen 1900 og 1910. Noe stemmer ikke. Ekteskapsår er oppført som 1888. Første kone Ingaborg var ennå ikke død. Ankomståret er 1866 for begge. Kanskje ikke gift, men far og datter og folketellingen tok det galt eller transkriberer tok det feil.

Jeg tror at Emma er datteren Ingeborg som bor sammen med sin far.

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1920 Emma er "single"

Emma Anderson

 in the 1920 United States Federal Census

Name:Emma AndersonAge:56Birth Year:abt 1864Birthplace:NorwayHome in 1920:Viroqua Ward 2, Vernon , WisconsinStreet:JeffersonHouse Number:582Residence Date:1920Race:WhiteGender:FemaleImmigration Year:1864Relation to Head of House:HeadMarital status:SingleFather's Birthplace:NorwayMother's Birthplace:NorwayNative Tongue:NorwegianAble to Speak English:YesOccupation:ServantIndustry:Private FamilyEmployment Field:Wage or SalaryHome Owned or Rented:RentedNaturalization Status:Papers SubmittedAble to Read:YesAble to Write:YesNeighbors:View others on pageHousehold Members:

NameAge

Emma Anderson56

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MFL7-1SB

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Emma i 1930?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X933-FZZ

Bor med Mary Josephine Johnson Anderson kone til Henry Julius Anderson

1920 US Census 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MFL7-RGS

Henry er sønn av John O M Anderson.

1900 US Census 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM2J-87F

I  diverse trær på Ancestry.com John O M Anderson er John Ole Martin Andersen.

John Ole Martin Andersen er son av Anders Johannesen Marifjoren. Anders var født Feb 22, 1825. Hafslo, Sogn og Fjordane. 

Nr. 23

https://www.digitalarkivet.no/kb20070507660032

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anton for nye spennande og nyttige innlegg!

Etter at Nils Andersson no er «avslørt» som emigranten frå Drevdal i Luster, har eg skrive om manuskriptet i innlegg #1 på følgjande vis:

~~~~~~~~~~~~~~~

Hans Ørbech Christenson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 13.10.1793 og d. som gardbrukar på Leri 24.6.1840.  Hans fekk 15.6.1814 skøyte på heimebruket hjå faren, og 13.11.1817 gifte han seg med Inge­borg Hansdotter frå Leirmo.  Ho vart døypt 1.4.1798 og d. som gardbrukarenkje på Leri 15.7.1852.  Ho var då spedalsk.  Hans styrte bruket så lenge han levde, og sidan heldt enkja fram med drifti til eldste sonen fekk ta over i 1844.  Hans og Ingeborg på Leri fekk òg elleve born i lag:

 1. Christi Hansdotter (1818-1850), ugift, var spedalsk.

 2. Christen Hansson (1821-1877), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri.

 3. Hans Hansson, f. 22.11.1823,

Hans Hanson (Lerum) utvandra til Amerika i 1851 og levde i 1852, men

##### (lagnaden hans i Amerika?)

 4. Metta Hansdotter (1826-1890), vart gift med husmann Hans Salomonson i Hagen under Leri (1817-1894).

 5. Johannes Hansson (1827-1827).

 6. Metta Kirstine, kjend som Kirstina Hansdotter (1828-1906), vart gift med husmannssonen Christen Larsson frå Lange­teigen under Heltne i Dale (1820-1897).

 7. Erik Hansson (1831-1901), var lærar og kyrkjesongar og budde på Haugen under Nes.

 8. Johannes Hansson (1833-1848), visstnok spedalsk.

 9. Ingeborg Hansdotter (1836-1898),

Ingeborg Lerum utvandra til Amerika i 1866 og vart gift med husmannssonen, enkjemannen Nils Andersson frå Hagale under Drevdal i Luster (1832-1912) (s.d.).

10. Nils Hansson (1838-1842), tvilling.

11. Britha Hansdotter (1838-1891), likeins tvilling,

Britha Lerum utvandra til Amerika i 1866 og vart der borte gift med husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø (1838-1905) (s.d.).

~~~~~~~~~~~~~~~

Samstundes har eg skrive om manuskriptet mitt under garden Drevdal som no ser slik ut:

~~~~~~~~~~~~~~~

Nils Andersson {Drevdal}, f. {i Luster} 1.2.1832, gifte seg 30.6.1862 med Rønnaug Hansdotter frå Vatnet under Bolstad, f. i Skjåk 8.6.1834.  Nils og Rønnaug vart buande nokre år som innerstfolk i Gaupne.

I 1866 utvandra så Nels og Ronnaug Anderson til Amerika, men Ronnaug d. anten under overfarten eller kort etter framkomsten til Amerika,

##### (details on Ronnaug’s destiny?)

og Nels gifte seg att

##### (date and place of his 2nd marriage? – prior to 1870 – about 1868?)

med Ingeborg Hansdotter frå Leri, i Amerika kjend som Ingeborg Lerum.  Ho var f. i Luster 18.5.1836, men utvandra òg til Amerika i 1866.  Nels og Ingeborg farma mange år i Franklin township, Vernon Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der Ingeborg d. 8.10.1898.  Nels Anderson d. same staden 31.3.1912.  Nils fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Ingeborg hadde ei dotter frå før:

a. Ingeborg, kjend som Emma Anderson, dotter av Ingeborg og paktar Nils Endreson på Kroken (1831-1895), var f. i Luster 29.2.1864, men utvandra til Amerika med mor si i 1866.  Emma var hushaldar («housekeeper») hjå stefar sin so lenge han levde og sidan hjå andre i Viroqua, Vernon Co., Wis.  Ho d.

     ##### (date and place of her death? – Viroqua, WI after 1930!?)

~~~~~~~~~~~~~~~

For Lerum-folket står det altso no att å finna ut kvar det vart av Hans Hansson (Lerum) dom utvandra i 1851?

For Drevdal-folket er det lagnaden til Rønnaug Hansdotter og vigsli til Nils og Ingeborg som er dei store utfordringane, attåt lagnaden til Emma Anderson?

Eg ser at uttrykket «relative» er nytta fleire gongar innan denne huslyden i Amerika.  Dette er alle folk som kom frå same grendene i Luster, og dei var i slekt med kvarandre, men det vil føra for langt her å gå inn på det nøyaktige slektsskapet...

Eg vil på ny få uttrykka at eg er ganske so imponert over denne oppdagingi av Nils Andersson og lagnaden deira, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Innlegg #11:

Eg ønskjer i ettermiddag å henta fram att desse utfordringane frå ifjor.

Til tross for iherdig leiting har eg ikkje lukkast i å finna svar på dei fire utfordringane som står att i høve føregåande innlegg (Innlegg #10):

* Lagnaden til Hans Hansson Lerum, fødd i Luster 22.11.1823 og utvandra til Amerika i 1851?

* Lagnaden til Rønnaug Hansdotter, fødd i Skjåk 8.6.1834, som truleg døydde undervegs til Amerika i 1866 - finst det kanskje ein merknad om dette på den originale passasjerlista?

* Vigsli til Nils Andersson og Ingeborg Hansdotter mellom 1866 og 1870?  Denne skal i prinsippet vera ført i offisielle kjelder, men er ikkje å sjå noko stad!

* Og endeleg lagnaden (dødsfallet) til Ingeborg «Emma» Anderson, fødd 1864, som skal vera avlidi i Viroqua, WI etter 1920!?

Det hadde vore heilt «jettekul» å finna nokre av desse svari, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Lars E. Øyane said:

Lagnaden til Rønnaug Hansdotter, fødd i Skjåk 8.6.1834, som truleg døydde undervegs til Amerika i 1866 - finst det kanskje ein merknad om dette på den originale passasjerlista?

Her er passasjerlista, 

Nils Anderson Dewdal

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

Name:Nils Anderson Dewdal

Gender:Male

Arrival Age:33

Birth Year:abt 1833

Arrival Date:Jun 1866

Arrival Port:Canada

Vessel:Fido

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=xZT6&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=1263&msbdy=1833&msbdy_x=1&msbdp=2&msady=1866&msady_x=1&msadm=6&msadm_x=1&_F10CBFD6=fido&_F10CBFD6_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&msT=1&gss=angs-d&pcat=40&fh=15&h=7265680&recoff=&ml_rpos=16&queryId=a32381c91b3016b48d8c4cacfa8cf82f

ScreenShot20210211at.png

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.