Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erland Olson - fødd på Ringebu i 1853 - opphavet hans og til foreldri hans, samt utvandringsår?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er i kveld på leiting etter nokon som sit med lokal kunnskap og/eller ekspertise på ætter frå Ringebu.

 

Eg syner til denne innførsli frå FT1865 for innerstplassen Svadstuen:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0520&kenr=003&bnr=0069&lnr=000

 

Sonen Erland, fødd på Ringebu 22.5.1853: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001982538

 

utvandra til Freeborn Co., MN før 1887.

 

Kan nokon, please, hjelpa meg finna ut følgjande:

 

* Kva skal eg skriva som yrketitel og bustad til foreldri Ole Torstenson og Mari Ingebrigtsdotter?  Under kva gard ligg Svadstuen, om dette var den endelege bustaden deira?

 

* På kva gard/plass var Ole Torstenson oppvaksen?

 

* På kva gard/plass var Mari Ingebrigtsdotter oppvaksi?

 

* Kva år utvandra Erland Olson til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Per Morset

Fra boka Nedlagde heimar i Ringebu, utgitt av Ringebu Historielag 1996:

Stugua stod nedanfor Voldsrudjordet, like sør for grendevegen til Bøhaugen og Granlund. Murrestar er ennå synlege.

Den fyrste vi kan finne på denne plassen, heitte Ole Tostenson. Han var frå Guttu, født 1827, og gift med Mari Engebretsen Bømoen, født 1822. Dei hadde tre gutar og ei jente, Ellan, Engebret, Thomas og Mari. Familien kom truleg til Svastugua omkring 1860. Dersom ingen hadde budd der før, så var det Ole Tostenson som bygde opp Svastugua.

Ole og familien vart buande i Svastugua i om lag 14 år. Da flytte dei til Aurderlykkja. Ole kom seinare att til naboplassen Bømoen. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Per Morset

Fra samme boka, om plassen Bømoen:

1 1877 kom Ole Tostenson, som før hadde budd på naboplassen Svastugua, til Bømoen. Han var da gift for andre gong med Margit Torgersdotter Guttuhaugen. Dei hadde ein som som heitte Engebret. Familien vart verande der i om lag 12 år. Da døydde Ole, og Engebret reiste til Amerika. Marit døydde i Guttuhaugen i 1899.

 

Svastugua og Bømoen (flere plasser med det navnet) var plasser under Store Bø, gnr. 54 bnr. 1 i Ringebu.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for interessante og nyttige innlegg!

 

Sovidt eg tolkar dette, var altso Ole Torstenson husmann i Svastugua under Bø store til Erland var vel vaksen og flytt heimefrå, men når det gjeld opphavet hans, var han frå garden Guttu, eller frå ein plass nder Guttu?

 

Mari ingebrigtsdotter var tydeleg oppvaksi på Bømoen under Bø store?

 

Men er det mogeleg å finna ut kva år Erland utvandra til Amerika?  Han er ikkje på Ringebu i 1875, men FT1910 frå Freeborn Co., MN seier han utvandra i 1884!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for nye spennande innlegg!

 

Etter at du no fann utvandringi hans Erland frå 1880 og han der nytta namnet Orderløkken, er det vel kanskje meir naturleg eg skriv han utvandra derifrå - jmf. FT1875:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0520&kenr=003&bnr=0035&lnr=00

 

Men under kva matrikkelgard låg denne plassen?

 

Elles er eg lite vetta forvirra over opphavet til Mari Engebretsdotter - Bøstua eller Bømoen?

 

Det er ikkje alltid so greitt når ein ikkje er lokalkjend - eg har vel aldri vore i Ringebu anna enn ved gjennomkøyring på riksvegen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Per Morset

Det er ikke enkelt å holde husmannsplassene fra hverandre. "....stua" kunne ofte bli brukt som en generell betegnelse, mens "....moen", "....haugen" osv var en mer presis betegnelse. Ellers var "....stua" gjerne brukt om en plass uten, eller med lite jord.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.