Gå til innhold
Arkivverket

Ole Bendiksen - Indre Høydal (Bru/Kinn - Sogn og Fj)

Eli Tyvold
 Del

Recommended Posts

Ved folketeljinga i 1801 finn vi desse på Indre Høydal.

Ole Bendiksen

Sønneve Nilsdatter 

og datteren Berte på 12 år - ho gifter seg i 1811 Øvre Standal 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405001631

Men - det er lurer på her er 

Kor kom foreldra fra. Eg har ikkje greidd å finne ut kven Ole Bendiksen var og kor han kom fra (egentleg) Ikkje kona hans Synnøve Nilsdatter heller.  

Nokon som veit noe om dei ? 

Ole og Berte

1812-1825

Ole Gundersen, fødd i Standal i 1779 gifta seg den 23.7.1811 med Berte Olsdotter Høydal. Foreldra til Ole hetter Gunder Olsen og Pernille Perdatter. Dei budde på «Bøsletten Indre» Sjå Gnr.104 Bnr.8 

Gunder Olsen kom frå Einevoll[1]

Ole og Berte busette seg truleg på Markja i 1812[2] Ole Gunnarson døde den 9.4.1825 med ein oppgitt alder på 44 år. Berte døyde i Øvre Standal i 1864. Berte og Ole fekk fire barn og tre av dei busette seg i nærområdet.  

Anne Pernille

Nedre Standal – Skjeljevik

Anne Pernille Olsdatter Standal[3] fødd 19.9.1813. Ho vart gift med Nils Andreas Berntsen Stavanger, den 14.7.1843. Nils var fødd i 1812 på Barekstad. Dei busette[4] seg i «Skjeljevikja» i Nedre Standal.

Anders Olsen 

Øvre Standal – Markja

Anders Olsen i Øvre Standal, fødd 7.3.1816. Han vart gift den 21.6.1845 med Lovisa Nilsdatter som kom frå Vasset. Anders Olsen Standal overtok farsbruket på «Markja.» Sjå meir om han under.

Gunder Olsen

Tyvold og Svortevik

Gunder Olsen Tyvold. Fødd 1818 og døypt den 2.12.1818. Han døde i 1902 i Svortevik. Han gifta seg med Nelle Marie Larsdatter Øvre-Standal den 7.7.1844. Dei budde på Klubben[5] på Tyvold. Der fekk dei fem barn.   

Lars Olsen

Søreide Askvoll

Lars Olsen Søreide 1822-1901, gift 1850 med Anne Andersdatter Steinhovden 1820-1893. Budde først i Ausevikja og på Hopen. Dei fekk to barn mens de budde her: Ole Andreas Larsen, fødd kring 1851, Bolette Larsdatter, fødd kring 1854. Dei flytta så til Søreide i Askvoll kring 1855-57. Der fekk dei barna: Karl Mathias Larsen, fødd kring 1858 og Lydia Katrine Larsdatter, fødd kring 1861.  

Berte og Mads

1827-1864

Etter at Ole var død gifta Berte seg på nytt hausten 1827 med Mads Mortensen[6] Slettehaug, fødd 1794 på Slettehaug i Naustdal. Mads var søskenbarn til Berte sin første ektemann Ole.

Berte og Mads fekk sonen Salamon[7] Olai Madsen, fødd 26.4.1829. Han flytta seinare til Fløholmen.

Mads står som eigar av «Markja» i matrikkelen 1838. Berte dør i 1864 på Markja, medan Mads dør der i 1868. Det skulle bli eldste son til Berte som skulle ta over garden.    

[1] Naustdal Bygdebok band I side 515

[2] Etter opplysningar i notatbok frå Abraham på «Markja»

[3] Oldemor til Ansgar i Steinavågen.

[4] Sjå Nedre Standal under husmannsplassen «Skjeljevik»

[5] Sjå Tyvold Gnr.105-3 «Klubben»

[6] Sjå Naustdal Bygdebok band I side 601

[7] Sjå Nedre Standal under «Fløholm»

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Paret Ola Bendiksson og Synneva Nilsdotter er omtalt i Naustdal bygdebok, bind 1, side 85, under Kvellestad.

Det står ikkje kor dei kom frå.

Dei fekk dottera Anna Maria på (garden) Naustdal i 1785 og dottera Helga på Kvellestad i 1786.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Torodd Kinn skrev:

Paret Ola Bendiksson og Synneva Nilsdotter er omtalt i Naustdal bygdebok, bind 1, side 85, under Kvellestad.

Det står ikkje kor dei kom frå.

Dei fekk dottera Anna Maria på (garden) Naustdal i 1785 og dottera Helga på Kvellestad i 1786.

Ja - det er det som er så vanskeleg med desse to.

Det har vært et mysterium i mange år. Har ikkje klart å finne ut av det. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser det stå i  boka Høydalane Før og No på side 215 at foreldrene til Olav Bendiksen var Bendik Pedersen ca 1724-1784 og kona Synnøve f. ca. 1725 og trolig død mellom 1760-1764. Det står dessuten at de drev gården Lia i Bygstad rundt 1750.

Har du kommet frem til at det muligens er feil?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Jeg ser det stå i  boka Høydalane Før og No på side 215 at foreldrene til Olav Bendiksen var Bendik Pedersen ca 1724-1784 og kona Synnøve f. ca. 1725 og trolig død mellom 1760-1764. Det står dessuten at de drev gården Lia i Bygstad rundt 1750.

Har du kommet frem til at det muligens er feil?

ja usikker

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom det er rett at Ole Bendiksson var son av Bendik og Synneve i (Øvre) Lia ved Bygstad, var han bror av Anders Bendiksson (ein 3xtipp av meg).

Anders Bendiksson bygsla jord i Øvre Standalen 1774-77. Seinare, iallfall frå 1784, bygsla han i Seterskaret. (Anders var først gift med Marte Andersdotter frå Nysna i Gaular, seinare med Orlaug Nilsdotter frå Søre Fauske i Gaular.)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Mest sannsynleg var Ole sonen til Bendik Larsson Midtbø.  Ein Ole Bendikson var døypt på Midtbø og ein Ole Bendikson Agledal blei konfirmert i 1771.  Truleg er dette same personen i og med at Bendik Larsson Midtbø og Ole Larsson Agledal var brør (begge var frå Skei i Naustdal).

Mykje talar også for slektskap mellom Ole Bendikson og folka i Veiesundet.

Bendik Larsson budde etterkvart i Veisundet og det same gjorde vel dotra  hans Anne Bendiksdatter.

Ein Ole Høydalen var fadder på dotra til Anne, Marie Isaksdotter 3.11.1788 og Ole Bendikson Høydal var fadder på ei anna dotter til Anne, Dorthe Isaksdotter 13.11.1789.

I tillegg flytte Cornelius Olsson, sonen til Ole Bendikson, til Veiesundet.

Det var skifte etter Ole Bendikson og hustru Synneve Nilsdatter Nedre Standal 14.5.1838.  Nemnde er barna Cornelius Olsson i Veiesund, Mari Olsdatter Standal og Berte Olsdatter gift med Mads Mortenson  Standal.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.7.2020 den 9.08, Torodd Kinn skrev:

Dersom det er rett at Ole Bendiksson var son av Bendik og Synneve i (Øvre) Lia ved Bygstad, var han bror av Anders Bendiksson (ein 3xtipp av meg).

Anders Bendiksson bygsla jord i Øvre Standalen 1774-77. Seinare, iallfall frå 1784, bygsla han i Seterskaret. (Anders var først gift med Marte Andersdotter frå Nysna i Gaular, seinare med Orlaug Nilsdotter frå Søre Fauske i Gaular.)

Det var på grunn av Anders Bendiksson meiner eg - at eg meinte Ole måtte vere son av Bendik og Synnøve i Lia ved Bygstad. 

Men er som sagt usikker. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.7.2020 den 12.34, Leif Øren skrev:

 Mest sannsynleg var Ole sonen til Bendik Larsson Midtbø.  Ein Ole Bendikson var døypt på Midtbø og ein Ole Bendikson Agledal blei konfirmert i 1771.  Truleg er dette same personen i og med at Bendik Larsson Midtbø og Ole Larsson Agledal var brør (begge var frå Skei i Naustdal).

Mykje talar også for slektskap mellom Ole Bendikson og folka i Veiesundet.

Bendik Larsson budde etterkvart i Veisundet og det same gjorde vel dotra  hans Anne Bendiksdatter.

Ein Ole Høydalen var fadder på dotra til Anne, Marie Isaksdotter 3.11.1788 og Ole Bendikson Høydal var fadder på ei anna dotter til Anne, Dorthe Isaksdotter 13.11.1789.

I tillegg flytte Cornelius Olsson, sonen til Ole Bendikson, til Veiesundet.

Det var skifte etter Ole Bendikson og hustru Synneve Nilsdatter Nedre Standal 14.5.1838.  Nemnde er barna Cornelius Olsson i Veiesund, Mari Olsdatter Standal og Berte Olsdatter gift med Mads Mortenson  Standal.

Kunne du legg med linken til skiftet 14.5.1838 ? De må da ha flytta fra Høydal til datteren på sine gamle dagar.

Kor er Cornelius fødd ? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er linken til skiftet etter Ole Bendikson og Synneve Nilsdatter. https://media.digitalarkivet.no/view/24209/124

Eg legg også ved linken til skiftet etter  Anne Bendiksdotter Veiesund. Mykje tyder på at ho var syster til Ole Bendikson, og Ole Bendikson Høydal var formynder for eit av barna hennar.

https://media.digitalarkivet.no/view/24198/311

Når det gjeld Cornelius Olsson Veiesund så veit eg ikkje kor han blei fødd. Han døydde 26.1.1861 82 år gamal. Dvs. at han var fødd i 1778 eller 1779. Eg har ikkje funne han døypt i kyrkjebøkene for Kinn og Førde, men kyrkjeboka for Førde var mangelfull for desse åra.

Eg veit heller ikkje kor Synneve Nilsdotter, kona til Ole Bendikson, var frå, men eg har laga ei utgreiing på dette som eg gjerne kan sende deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Leif Øren skrev:

Tusen takk så langt. 

Ja send gjerne det du tenkjer om Synnøve Nilsdatter.

elityvold@gmail.com

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.