Gå til innhold
Arkivverket

Peter (1819-1894) og Rachel (1817-1892) Sylvester - utvandra til Amerika frå Sogndal i 1847 - ein tidleg utvandrarfamilie med mangelfulle data - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Sølfestson Aaberge frå Sogndal gifte seg i 1837 med Ragnhild Johannesdotter Feigum frå Luster.  Dei budde først på Åberge i Sogndal, men utvandra til Amerika i 1847.  Dette er ein huslyd som Professor Gerhard B. Naeseth i Madison, WI (1913-1994) strevde med å komplettera, men han støtte på mange vanskar, som eg freista hjelpa han med so godt eg kunne etter den tidas kjeldehøvde.

 

Etter den tid er det vorte mykje lettare å grava etter denne huslyden, og eg har no finne svar på mange av dei gamle utfordringane, men framleis står det att vanskar, som til dømes:

 

* Norske opphav til svigerdotteri Mathilda Brown frå Voss?

 

* Norske opphav til svigerdotteri Marie Otteson frå Nord-Trøndelag?

 

* Seinare ekteskap og lagnad til dotteri Ellen?

 

* Opplysningar om svigerdøtrene Hattie Ellis, Anna NN og Jennie Conway?

 

* Lagnadane til døttrene Kari og Ingeborg Marie?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar som «eliminerer» dei første to spørsmåli over, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Mathilda Brown.  Ho var dotter av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Knut Brynjelson på

 

     ##### (bustad?)

 

     opphavleg frå Mørkved, og kona Gjørond Christophersdotter frå Opheimsvangen og f. på Voss

 

     ##### (sjekka datoen? – finn ho ikkje!)

 

     8.2.1847, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH9N-8MK

Nr. 18 - Torbør

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. B 2 (1841-1851), Fødte og døpte 1847, Side 256
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050822010261 

 

Det neste barnet, som ser ut til å være sønnen Erik, ble døpt på Voss:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGT-HLR

Nr. 199

https://media.digitalarkivet.no/view/8323/13

 

Martha, 1852

Nr. 94

https://media.digitalarkivet.no/view/8323/48

 

Brynjel, 1855

Nr. 36

https://media.digitalarkivet.no/view/8323/92

 

Foreldrene giftet seg på Voss i 1846 - det har du vel allerede - men legger det inn: 

Nr. 21:

https://media.digitalarkivet.no/view/11773/198

 

Drengen Knut Brynjelsen (Brynhildsen) Mørkve er registrert som utflyttet fra Voss til Bergen i 1842:

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000024343

https://media.digitalarkivet.no/view/11774/132

 

Jeg har ikke sjekket listene over utflyttede i 1856 og utover, men de er laaange....!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er i allefall Rasmus Ottesen med familien i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038351001701

 

Konfirmasjonen til Else Margrethe - nr. 20

https://media.digitalarkivet.no/view/2520/127

Nr. 12 - dåp:

https://media.digitalarkivet.no/view/16475/17

 

Rasmus, 1814

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006585297

https://media.digitalarkivet.no/view/16479/67

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Grethe for interessante og svært nyttige innlegg om dei to svigerdøtrene Mathilda og Marie.

 

Eg har observert den lange lista over utvandrarar frå Voss, men dei er gudskjelov digitaliserte.  Det finst ein Knut Brynjelson i 1856, men han har ein annan bustad og ei anna kone, so kvar «vår» Knut er oppført, veit eg ikkje.  MEN, dei får born i Wisconsin alt frå 1857, so det oppgjevne årstalet 1856 kan ikkje vera so langt unna...

 

Ogso kyrkjebøkene for Kolvereid syner seg vera digitaliserte, so då fekk eg på plass dei siste detaljane derifrå...

 

Etter dette har eg stilt opp eit revidert og mykje «stuttare» manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ragnhild Johannesdotter {Feigum}, døypt {i Luster} 6.7.1817,

Ragnhild Johannesdotter gifte seg i Luster 11.7.1837 med Peder Sølfestson frå Åberge i Sogndal.  Han var son av gardbrukar Sølfest Pederson på Åberge og første kona Anna Sølfestsdotter frå Ølnes og f. i Sogndal 7.2.1819.  Peder og Ragnhild var nokre år gardbrukarar på Åberge i Sogndal, men utvandra til Amerika alt i 1847.  Peter og Rachel Sylvester slo seg ned i Dunkirk township, Dane Co., Wis. der Peter var farmarbeidar («farm laborer»), men flytte på 1870-talet til ein farm i Freesoil township, Mason Co., Mich., men var kring 1881 attende i Stoughton, Dane Co., Wis.  Rachel d. i Verona, Wis. 13.8.1892, medan Peter Sylvester d. i Black Earth, Wis. 7.2.1894.  Me kjenner til tolv born etter dei:

a. Johannes, kjend som John C. Sylvester, f. i Sogndal 1.8.1839, utvandra til Amerika med foreldri i 1847 og d. i Wauwatosa, Wis. 28.3.1923.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 16.1.1864 med Torborg Knutsdotter frå Slen på Vossestrand, Voss, i Amerika kjend som Mathilda Brown.  Ho var dotter av husmann Knut Brynjelson på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Slen, opphavleg frå Mørkved, og kona Gjørond Christophersdotter frå Opheimsvangen og f. i Bergen 8.2.1847, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856.  Ho d. i Madison, Wis. 2.3.1932.  John Sylvester var arbeidar («labo­rer»), og han og Mathilda budde i Stoughton, Dane Co., Wis. og sidan i McFarland, Dane Co., Wis.  Dei fekk ni born i lag.

b. Sølfest, kjend som William S. Sylvester, f. i Sogndal 24.1.1841, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1847 og d. i Black Earth, Wis. 17.12.1899.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 1.1.1872 med Bolette Marie Rasmusdotter frå Horvereid i Kolvereid, i Amerika kjend som Mary Otteson.  Ho var dotter av gardbrukar Rasmus Otteson på Horvereid, opphavleg frå Finne, og kona Elsa Margrethe Torstensdotter frå Horvereid og f. i Kolvereid 13.10.1856, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Ho d. i Stoughton, Wis. 14.12.1888.  William Sylvester var arbeidar («laborer»).  Han og Mary budde i Stoughton, Dane Co., Wis., men William flytte som enkjemann til Black Earth, Dane Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

c. Kari, kjend som Carrie Sylvester, f. i Sogndal 17.4.1842, utvandra også med foreldri til Amerika i 1847,

 

     ##### (listed 1850 – later destiny?)

 

d. Peder Sylvester, f. i Sogndal 5.2.1844, d. i Sogndal 27.4.1845.

e. Eli Kirstine Sylvester, f. i Sogndal 5.11.1845, d. i Sogndal 21.11.1845.

f. Elen Kirstine, kjend som Ellen C. Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 3.1.1848, d. i Chicago, Ill. 17.2.1915.  Ellen gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 7.7.1873 med Charles Newton Woods, f. i Guernsey Co., Ohio 20.12.1854.  Han d. i Findlay, Ohio 27.9.1937.  Charles Woods var målar («painter»), men han og Ellen slo seg ned som farmarar i Freesoil township, Mason Co., Mich.  Dei vart skilde alt kring 1881, og flytte båe attende til Wisconsin.  Charles Woods gifte seg att to gongar og budde for det meste i Madison, Dane Co., Wis. og i Rockford, Winnebago Cop., Ill.  Ellen busette seg i Stoughton, Dane Co., Wis., men

 

     ##### (must have remarried, perhaps several times? – last husband O’Brien - «she moved with daughter Lula to Chicago, IL!» - Lula married 1st Haley, 2nd Murphy, 3rd Pierce! – her son George Jacob Woods (1876-1956) was a well-known actor!)

 

     Ellen fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet med Charles Woods, men han hadde dessutan ein son frå andre ekteskapet sitt.

g. Peder, kjend som Peter Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 11.12.1849, d. i Caledonia, Wis. 16.3.1915.  Peter gifte seg første gongen i Clay Co., Mnn. 4.12.1880 med Hattie Ellis,

 

     ##### (full info on her? – born WI 1850!)

 

     Dei budde i alle fall ei tid i Lake Crystal, Blue Earth Co., Minn., men vart vart skilde og Peter flytte kring 1898 i lag med Anna

 

     ##### (full info on her? – born WI July 1865 to German parents – later married? – she survived!)

 

     Peter og Anna busette seg i Caledonia, Racine Co., Minn. der Peter var spannkøyrar og handelsmann («teamster and merchant»).  Peter hadde ikkje born frå nokon av ekteskapi sine.

h. Rebekka Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 19.9.1851, d.

 

     ##### (date of her death? – infant!)

 

i. Hans Christopher, kjend som Christ Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 1.5.1853, d. i Lancer, Sask.

 

     ##### (exact date of his death?)

 

     1934.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 30.7.1882 med Kari, kjend som Carrie Sorenson (Quistrud), f. i Dane Co., Wis. 2.11.1861.  Ho d. i Lancer, Sask.

 

     ##### (exact date of her death?)

 

     1916.  Christ og Kari Sylvester farma frå 1885 i Dewey township, Walsh Co., N.D., men flytte i 1909 vidare til ein farm i Miry Creek nær Lancer, Sask.  Dei fekk seks born i lag.

j. Alexander Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 16.3.1855, d. i Minneapolis, Minn. 10.3.1925.  Alexander flytte i ung alder som kokk («cook») til Minneapolis, Minn., men gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1893?)

 

     med Jennie M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Conway,

 

     ##### (born England May 17, 1862 – parents John Conway and  Mary Crisp – exact birth information?)

 

     Ho d. i Minneapolis, Minn. 8.9.1919.  Jennie var syerske («seamstress»), medan Alexander heldt fram som kokk («cook») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

k. Rachel Susanna, kjend som Susan Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 19.2.1861, d. ugift i Dane Co., Wis. 11.3.1883.

l. Ingeborg Marie Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 19.9.1865,

 

     ##### (what became of her? – died before 1870?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.