Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Haugianarvigsle frå kring 1812 - kvar kan denne finnast?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein av dei mest trufaste tilhøyrarane av haugianarrørsli i Luster var:

 

Johannes Rasmusson Feigum, fødd på Fet i Hafslo 1775.

 

Han vart gjennom «venene» kjend med:

 

Kari Eriksdotter Haug, fødd på Haug i Odalen 1776

 

og dei skal ha gift seg kring 1812.

 

Dei fekk fire born, fødde 1814, 1815, 1817 og 1820.

 

Er det mogeleg å finna ut kva dato og stad denne vigsli kring 1812 fann stad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Er det mogeleg å finna ut kva dato og stad denne vigsli kring 1812 fann stad?

 

Siden alle kirkebøker 1801-1814 skal være transkriberte og søkbare i Digitalarkivet, burde en vielse omkring 1812 i teorien være mulig å søke fram med Digitalarkivets søkeskjema for vielser. Imidlertid ser det ikke ut til at et søk med de mest opplagte søkekriteriene fører fram: https://www.digitalarkivet.no/search/99?forenamn=Jo*&etternamn=Ras*&kjonn=m&rolle=brudgom&aar=1808|1809|1810|1811|1812|1813|1814

 

Kanskje du har mer hell, dersom du justerer søkekriteriene?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Kristian for ein interessant kommentar!

 

Eg har freista med ganske so mange ulike variantar, men framleis utan resultat!

 

MEN, eg lyt leggja til følgjande kommentar:

 

Då eg sist på 1970-talet gjekk heilt systematisk til verks med samtlege kyrkjebøker for Luster prestegjeld, for å kartotekføra heile folket, oppdaga eg, i svært får tilfelle, at ektepar kunne vera trulova utan at ei vigsle var innført, og om eg ikkje tek heilt feil, so skjedde det ei lovendring ein gong heilt sist på 1700-talet om at det ikkje lenger var trulovingi som var «juridisk» binding mellom partane, men sjølve ekteskapet, og det vart i alle fall for ei tid ikkje ført eigne trulovingslister.

 

Dette kan vera ei forklaring på at om lag 10-15 vigsler frå Luster i perioden frå kring 1800 til kring 1820 rett og slett ikkje finst innførte i kyrkjebøkene, sjølv om eg gjennom andre kjelder kunne påvisa identiteten til både brudgom og brur!!

 

Av denne grunn lurer eg på om nettopp vigsli til Johannes Rasmusson og Kari Eriksdotter kan ha litt same lagnad?  Kanskje kom Kari til Luster for å tena hjå ungkaren Johannes, som alt i 1810 hadde kjøpt garden sin på Feigum hjå haugianaren Daniel Arneson, og dei vart gifte utan at dette vart innført nokon stad!?

 

Normalt ville eg ha oppfatta denne vigsli på same vis utan nokon særskild merknad, men sidan Kari kom so langt bortante, ville eg halda sjansane òpne for at dei gifte seg ein annan stad.  No har me jo òg prestegjeld der kyrkjebøkene er borte, til dømes på Eidsvoll...  Eg veit ikkje om unge Johannes var Eidsvollsmann, men han kan jo ha gift seg der...?  Det er ikkje so langt frå Odalen til Eidsvoll...

 

Er det nokon som har gjort tilsvarande erfaringer frå andre prestegjeld om at vigsler ikkje finst innførte?

 

Elles høyrer eg gjerne vidare kommentarar på dette...

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Kirkebøkene har gått tapt enkelte steder, så du kan jo ikke helt utelukke at de har blitt gift i et prestegjeld hvor nettopp dét har skjedd.

 

Og så man jo alltid holde åpent for at prestene av ymse årsaker har glemt en dåp her og en vielse der; jeg har spesielt vært borti flere barn som jeg ikke kan finne noen dåp for, og hvor det er så å si helt utelukket at foreldrene oppholdt seg noe annet sted. Som du er inne på, er det en ekstra "twist" med trolovelser og vielser, ettersom noen prester i praksis - i alle fall fram til kirkebokskjemaene av 1812 - førte trolovelseslister med tilføyelse av vielsesdatoen. Et par som ble trolovet ett sted og viet et annet sted, kan da ha falt mellom to stoler mht. innføring av vielsen.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei fekk fire born, fødde 1814, 1815, 1817 og 1820.

 

For alle fire barna er jo innført i kirkeboka:

Eli, 1814

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008762575

Ragnelde, 1815

https://media.digitalarkivet.no/view/11590/81

Ragnelda, 1817

https://media.digitalarkivet.no/view/11590/95

Eli, 1820

https://media.digitalarkivet.no/view/11590/122

Jeg vil anta at de to første er døde og de to siste, født 1817 og 1820, da er oppkalt etter avdøde søsken.

Et blikk på vielser i Strøm (Odalen), gir heller ikke noe resultat. Etter hva jeg skjønner, ble hun og Johannes kjent med hverandre gjennom "vennene" i Luster? 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.