Gå til innhold
Arkivverket

Christi(ne) Christensdotter Feigum (1830-1907) - frå Luster via Bergen til Skjerstad i Nordland - huslyden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden ligg òg på teiknebrettet mitt sidan 1980-talet.  Manglande kjelder sette ein stoppar for fullføring den gongen, men kanskje er det ei von om at det no kan gå noko betre?

 

Særleg er det av interesse å finna ut om det var fleire born i huslyden og kva som skjedde med sonen Johan Christian Randinius?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

33 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Johan Christian Randinius Hansson, f. i Skjerstad 1.6.1865,

     ##### (lagnaden hans?)

 

Jeg finner ham i fattigmanntallet for Bergen 1891-1895:

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000071120

https://media.digitalarkivet.no/view/105803/224

Fattigmanntall.jpg

 

Harald, 1889

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007422248

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen i Bergen, Ministerialbok nr. A 2 (1884-1900), Fødte og døpte 1889, Side 61
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061122030640 

 

Paul Waldemar, 1891

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007680786

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. B 7 (1888-1903), Fødte og døpte 1891, Side 73
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621080368 

Paul Waldemar dør  i 1894

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000958244

Bergen fylke, Sandviken i Sandviken, Ministerialbok nr. E 1 (1893-1905), Døde og begravede 1894, Side 29
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050815010235 
 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000268247

Nr. 33: Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 4 (1880-1907), Viede 1891, Side 98
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621090099 
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

57 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Jacobine Sophine Christine Hansdotter, f. i Skjerstad 8.8.1859

F.t. 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036919003122

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1841&kenr=010&bnr=0006&lnr=00

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Fauske
  • Kommunenummer: 1841
  • Navn på bosted: Osbak

Antall personer registrert på bostedet: 10. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Lina Larsen b ug Husgjerning 11.10.1851 Medby, Saltdalen  
  Marthin Johansen hf g Gaardbruker 31.08.1855 t  
  Jakobine Johansen hm g Gaardbrukerhustru 08.08.1859 t  
  Sverre Torstensen s ug Intet 05.05.1901 t  
  Ingvald Sivertsen hf g Kislosser 29.01.1886 Meløy  
  Jonette Sivertsen hm g Kislosserkone 18.09.1884 Indyr  
  Sverre Sivertsen s ug Intet 11.10.1907 t  
  Hans Johnsen s ug Intet 05.04.1903 Indyr  
  Arne Sivertsen s ug Intet 17.02.1908 t  
  !! Sivertsen* d ug Intet 01.08.1910 t

 

57 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

     21.9.1910 med enkjemannen Martinus Johansen

 

Slektsbok for Skjerstad og Fauske, bind 2 - under Hestekker:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012061924012

Martinus Angel.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nr. 72

Nordland fylke, Skjerstad i Skjerstad, Ministerialbok nr. 852A08 (1849-1865), Fødte og døpte 1855, Side 71
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050421030637 
 

Første ekteskap: Nr. 3/1887

Nordland fylke, Fauske i Skjerstad, Ministerialbok nr. 849A01 (1879-1889), Viede 1886-1887, Side 132
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070213650380 

 

Andre ekteskap: nr. 14/1910

Nordland fylke, Sulitjelma i Fauske, Ministerialbok nr. 850A02 (1910-1920), Viede 1910, Side 122
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060524090003 
 

Martin Angel Johansen Osbak døde i 1930:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002733573

Nordland fylke, Fauske i Fauske, Ministerialbok nr. 849A10 (1924-1937), Døde og begravede 1930, Side 328
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051208021234 

 

3572705 Jakobine Sofie Kristine  Osbakk  Osbakk, Sulitjelma  0801  1859  0206  1943  1006  1943    04  033  Bort er du gått, men glemt er du ikke.  Vis  Sulitjelma nye Fauske


Jakobine Sofie Kristines bosted var Osbakk, Sulithjelma. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og svært nyttige innlegg!

 

Du har finne att sonen i Bergen, og du har skaffa meg komplette opplysningar om dotteri i Sulitjelma!  Der er det berre å leggja til at Jacobine fekk fire born før ho gifte seg, og eitt av dei var sonen som i 1910 budde i lag med dei på Osbakk: https://media.digitalarkivet.no/view/2852/73

 

Eg har elles finne att Marie Hansen som enkje i Bergen i 1900 (då med sonen Harald), 1910, 1912 og 1922, men dødsfallet hennar finn eg ikkje.

 

So har identifisert opphavi til foreldri hans Hans Andreas samt namnet på plassen under Leifset, so dei einaste detaljane som no står att her, er:

 

* Fekk Hans Andreas og Christine fleire enn dei to borni som me kjenner til?  Kva står det om dette in bygdeboki for Skjerstad?

 

* Dødsfallet til Marie Hansen i Bergen?

 

* Lagnaden til Kristian Hansen etter 1894?  Stakk han kan henda til Amerika?  Finst han i mannskapslister for Bergen?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christi Christensdotter {Feigum}, f. {i Luster} 12.12.1830,

Christine Christensdotter flytte i 1848 til Bergen, men reiste alt same hausten vidare til Skjerstad i Nordland for å tena hjå styrmann Fauske.  Ho gifte seg i Skjerstad 11.10.1858 med Hans Andreas Jacobson frå Mosti i Skjerstad.  Han var son av gardbru­kar Jacob Jacobson på Mosti, opphavleg frå Moen, og kona Sophia Olsdotter frå Mosti og f. i Skjerstad 9.2.1823.  Christine og Hans slo seg ned som husmannsfolk på Kalvgjerdet under Leifset øvre i Skjerstad der Hans d. 3.5.1874.  Christine d. i Skjerstad 10.3.1907.  Me veit om to born etter dei:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born?)

 

a. Jacobine Sophie Christine Hansdotter, f. i Skjerstad 8.8.1859, d. som gardbrukarenkje på Osbakk i Sulitjelma 2.6.1943.  Ho gifte seg i Sulitjelma, Fauske 21.9.1910 med enkjemannen Martinus Angel Johansen, f. på Hestekker i Valnesfjord, Skjerstad 31.8.1855.  Han d. som gardbrukar på Osbakk 20.10.1930.  Martinus var gardbrukar på Osbakk i Sulitjelma, Fauske, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Jacobine hadde fire born frå før.

b. Johan Kristian Randinius, kjend som Kristian Hansen, f. i Skjerstad 1.6.1865, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - «deserterte i 1894!?» - lagnaden hans?)

 

     Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 7.7.1891 med Karen Marie, kjend som Marie Eliasdotter frå Fristad i Askvoll, f. i Askvoll 11.4.1857.  Ho flytte til Bergen i 1872 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1922 – hushaldar og enkje i Bergen 1900/1910/1912/1922 – kanskje d. Bergen 8.1.1943 eller 16.2.1946)

 

     Kristian var fyrbøtar, medan Marie livnærte seg som hushaldar.  Dei fekk to søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Lagnaden til Kristian Hansen etter 1894?  Stakk han kan henda til Amerika?  Finst han i mannskapslister for Bergen?

 

Eg finn han ikkje i sjømannsruller Bergen (har sett i registra), men det er uansett mest sannsynleg at han er innført i sjømannsruller for Bodø(?), som ikkje er scanna. Sjømannsrullen vil KANSKJE opplysa om kor han rømte/deserterte.

(Han skal  i følgje

Nr. 33: Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 4 (1880-1907), Viede 1891, Side 98
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621090099 

vera konfirmert i Skjerstad i 1885, men eg finn han ikkje der i 1885 eller åra rundt.)

 

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Karen Marie, kjend som Marie Eliasdotter frå Fristad i Askvoll, f. i Askvoll 11.4.1857.  Ho flytte til Bergen i 1872 og d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1922 – hushaldar og enkje i Bergen 1900/1910/1912/1922 – kanskje d. Bergen 8.1.1943 eller 16.2.1946)

 

Ho var i alle fall i live i 1926:

image.png.1e775feeb164fef35f49d2b1cb694e2c.png

Bergens tidende 1926.09.11 (https://www.nb.no/items/10cd8316921708a6fb6ef0c2f7b5ca9b?page=1&searchText="marie fristad"~3)

Ho er nemnt som arving i dødsfallprotokollen (SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0015: Dødsfallsjournaler, 1924-1927, s. 269
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611340678)

 

og det er vel ho som er registrert i valmantalet i Bergen 1934:  https://www.digitalarkivet.no/pc00000000424486

 

Men eg har ikkje vore i stand til å finna dødsfallet hennar. Kan ho ha gifta seg på nytt og tatt nytt etternamn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

(Han skal  i følgje

Nr. 33: Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 4 (1880-1907), Viede 1891, Side 98
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621090099 

vera konfirmert i Skjerstad i 1885, men eg finn han ikkje der i 1885 eller åra rundt.)

Leita på feil stad, fann konfirmasjonen hans her:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 849/L0689: Ministerialbok nr. 849A01, 1879-1889, s. 103
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070213650355
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjerteleg takk til Richard for nye spennande innlegg!

 

Du har nok finne den rette dama i manntalet frå 1934.  Eg trur neppe ho har gift seg att eller endra namnet sitt i ein alder av 77 år, men eg har oppdaga to mogelege «kandidatar» i dødsmeldingsregisteret for Bergen:

 

* Marie Hansen, døydde 8.1.1943

 

* Marie Hansen, døyde 16.2.1946

 

Kanskje kan dødsannonser finnast for desse to damene for å sjå om ei av dei er ho me leiter etter?

 

Elles er eg framleis spent på kva bygdebøkene for Skjerstad har å by på - kanskje har dei noko om «desertøren» Kristian?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Marie Hansen, døydde 8.1.1943

 

* Marie Hansen, døyde 16.2.1946

 

Ho som døydde 8.1.1943 var gift, og fødd Andersen, alderen står ikkje. Mannens namn Harald, borna Milly og Otto.

Ho som døyde 16.2.1946 var enke, fødd Aase, og var 79 år gamal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles er eg framleis spent på kva bygdebøkene for Skjerstad har å by på - kanskje har dei noko om «desertøren» Kristian?

image.png.b11830c15bf7acbcb9336b7db85053c6.png

Slektsbok for Skjerstad og Fauske. B. 3  Utg. [Skjerstad og Fauske bygdeboknemnd]. 1985.

(https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012061924013?page=241)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Richard for nye interessante innlegg!

 

Då høver altso ingen av dei to «dødskandidatane» med «vår» Marie, so då veit eg ikkje kva me skal gjera vidare...

 

Elles tyder jo bygdeboki frå Skjerstad klart på at det ikkje var fleire born i denne huslyden, so då er i alle fall det spørsmålet «eliminert»...

 

Eg held likevel fingrer og têr vel krossa i von om at det kan dukka opp fleire opplysningar om Kristian og Marie og takkar endå ein gong for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.