Jump to content
Arkivverket

John E. Johnson (1875-1952) i Buffalo/Eau Claire/Trempealeau Cos., WI og hans to koner - kvar vart det av den første og kva tid gifte han seg med den andre - ein skikkeleg nøtt?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som nylig er dukka opp etter ei interessant oppdaging i amerikanske kjelder:

 

John E. Johnson, son av Iver Johannesson (Tang frå Hafslo) og Anna Johannesdotter (Fortun frå Luster), var fødd i Buffalo Co., WI 17.5.1875 og døydde i Strum, Trempealeau Co., WI 24.4.1952.  Han gifte seg første gongen (dette var nyoppdagingi!) i Buffalo Co., WI 6.8.1899 med den 16 år gamle Maria (Mary) Andersdotter Hagenes, fødd i Luster 21.7.1883, utvandra i 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR2T-2KD

 

FT1900 syner John og Mary som farmarar i Dover township, Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68DQ-12X

 

FT1905 syner John og Mary - han som gas fitter - i Eau Claire, Eau Claire Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6G29-FPT

 

Men kva skjedde so?  Me veit at John E. Johnson gifte seg att med Inga Johansdotter Skjolden, fødd i Luster 28.9.1875, utvandra i 1904.

 

FT1920 syner John og Inga - han som lumberyard man - i Mondovi, Bufflo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFW-GHC

 

FT1930 syner John og Inga - farmarar - i Unity township, Trempealeau Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZN-7ZT

 

FT1940 syner John og Inga - farm laborer - i Unity township, Trempealeau Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-DC9C

 

I 1930 står det at John var 22 år då han gifte seg første gongen, medan Inga var 36 - frå før veit eg at John og Inga fekk fem born i lag:

* Nellie Bertina - f. Buffalo Co., WI 18.5.1909

* Milo Arup - f. Trempealeau Co., WI 8.2.1914

* Ervin Bernard - f. Buffalo Co., WI 10.11.1915

* Jay Ingvald - f. Buffalo Co., WI 18.10.1917

* Agnes Arvilla - f. Buffalo Co., WI 28.3.1919

Informanten min for denne huslyden for 40 år sidan var yngste dotteri Agnes, men ho fortalte meg ikkje at far hennar hadde vore gift før, og ho visste heller ikkje noko om vigsli til foreldri!

 

Når me i ettertid studerer desse opplysningane, kan det sjå ut som om Nellie var «særkullsbarn», og det ser me av FT1910 der Inga Johnson og dotteri Nellie bur som tenarfolk hjå morbroren Nels O. Eide i Canton township, Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-S7G7

 

Og her er dåpen hennar som syner at barnefaren var søskenbarnet Ole Nilsson Eide: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314994-00598?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx21526&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.114388993.729830004.1594329738-1442769865.1532627837&pId=3095503&backurl=https%3A%2F%2Fsearch.ancestry.com%2Fcgi-bin%2Fsse.dll%3Findiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3095503%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx21526%26_phstart%3DsuccessSource

 

Følgjande utfordringar kjem då opp:

 

** Kva skjedde med første kona Mary Johnson?  Frå slekti hennar er eg vorten fortald at ho var gift med John E. Johnson, og at dei ikkje fekk born i lag, men ikkje noko meir!  Vart ho og John kan henda skilde?  Eller døydde ho?

 

** Kvar var John E. Johnson i 1910?

 

** Dato og stad for vigsli til John E. Johnson og Inga Johnspn (Skjolden) - kring 1913?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit kjapt og godt svar!

 

Då har me løyst den absolutt største utfordringi her, kvar det vart av Mary.

 

Det står no berre att å finna vigsli til John og Inga, men kanskje den ogso vil dukka opp, før eller sidan...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.