Gå til innhold
Arkivverket

Foreldre til Lucie Hansdatter f. 1802 Nyttingnes, kinn


ltamu
 Del

Recommended Posts

Hei

 

jeg er ute etter å finne noen ledd bakover i min direkte morslinje i håp om at myheritage kan gjøre resten av jobben. 
 

til dette skulle jeg hatt dåpsattesten til Lucie Hansdatter f. 1802 Nyttingnes, kinn (Kilde viede i kinn 1826, 02 juli, brudgom ingebrigt hanssen) Det ser ut som at selve dåpsattesten mangler i perioden, men jeg finner henne i notater / liste over døpte i 1802 https://media.digitalarkivet.no/view/11533/366

 

finnes selve dåpsattesten i papirform, ev er det noen andre steder jeg kan finne ut noe om foreldrene hennes (moren)?


takk! 
 

mvh Amund Børde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rett forum er brukernes eget forum. (Arkivverket/Digitalarkivet svarar ikkje på slike oppslag i kjelder som alt er digitaliserte, men kan gje råd/rettleiing om sjølve kjeldene.

 

Fyrst vil eg understreke at det er mange feil i slektstre på nettet, så dei kan ofte vere villeiiande. Det er såleis viktig å gå etter dei eigentlege kjeldene (kyrkjebøker, folketeljingar, skifte osv.) når ein skal følgje slekta bakover i tid.

 

Sida som du har funne ser ut til å vere eit register. Innførsla skal vere på folio 147b, dvs. baksida av ark nr. 147. Her er folio 147b-148a

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1802, Side 148
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610680
 

Og ein finn dåpen til Lucie Pernille Hansdtr. Øvre-Standal øverst på venstre side.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, der var hun! Jeg skal bruke resten av kvelden på å trene på å tyde navnene til foreldrene. Grunnen til min nysgjerrighet er at jeg og min mor har fått stadfestet en haplogruppe som er noe spesiell i Norge.

 

Og takk for at du synliggjør systemet i galskapen - må nok sette meg litt mer inn i dette. Disse kronologiske verkene har jeg skydd unna hittil da skriften virker helt gresk for meg, og var ikke klar over systemet (mye lettere å lese de sepparate dåpspapirene, men de manglet etter det jeg kunne finne).

 

Har også merket at det er mye fantasi på myheritage, og spesielt i de linjene som går langt tilbake gjennom middelalderen. 
 

takk igjen!

Amund

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg nemner at dåpslistene i denne kyrkjeboka er søkbare for åra 1801-1814, som del av ein dugnad for nokre år sidan som gjekk ut på å få transkribert alle kyrkjebøker for perioden 1801-1814.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001841092

 

Redigert: Eg ser no at boka er transkribert av Arkivverket for åra 1785-1814, lenge før 1814-dugnaden.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Retting
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel uansett eit stort spørsmål om dette kan vere rett Lucie Hansdtr.

 

I følgje vigsla i 1826

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Viede 1826, Side 14
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620451
 

var ho fødd på Nyttingnes og g. med Ingebrigt Hansson, også han frå Nyttingneset.

 

Det er skifte etter Hans Olsson Øvre-Standal i 1836. Høgre side:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 18 (1828-1836), Skifteprotokollside, Side 469b-470a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127640473
 

Skiftet nemner m.a. dottera, Lucie Hansdtr. som var g. med Nils Madsson Standal. Dersom Ingebrigt var i live i 1836 er ikkje dette rette folka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var skifte etter Lucie Hansdtr. Nyttingnes i 1840. Høgre side:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 19 (1836-1845), Skifteprotokollside, Side 213b-214a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127650217

 

Lucie død som nr. 27:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1840, Side 60
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620565

Alder: 40 år.
 

Er det rett Ingebrigt Hansson som ein finn som enkjemann på Kalsvik i Kinn/Flora i 1865? Fødd kring 1788 i Indre Holmedal/Gaular:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038268003025

 

Sistnemnde er vel kanskje identisk med denne?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058402001912

 

Som i sin tur kanskje er identisk med Ingebrigt Hansson Rørstadbotnen, innførsle nummer 2 for juli månad på venstre side (venstre kolonne).

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 2 (1785-1821), Kronologisk liste 1787, Side 11
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270161

 

Sistnemnde er nemnd i skiftet etter faren på Rørstadbotnen i 1823 (høgre side), men det står ikkje noko om kvar han var då.

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 17 (1821-1828), Skifteprotokollside, Side 137b-138a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127630714

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Amund:

 

https://forum.arkivverket.no/announcement/4-hvordan-registrere-seg-og-andre-nyttige-veiledninger-how-to-register-and-other-useful-guides/

 

Vi er opptatt av at alle skal opptre med fullt navn i debattene. Alias eller kun ett av navnene dine er ikke godt nok. For å endre navnet ditt/visningsnavnet/brukernavnet ditt kan du følge denne framgangsmåten

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var ei hard nøtt ser det ut til. I 1817 finn eg Lucia Hansdtr. Florøen og Lucia Hansdtr. Standal.

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1817, Side 300
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620095
 

Spørsmålet er då om Lucie Hansdtr. Florø kan vere identisk med Lucie Hansdtr. Nyttingnes. Sidan dåpen ser ut til å mangle i kyrkjeboka må ein vel finne eit skifte der ho er nemnd for at ein skal komme vidare.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg spekulerer på om opplysninga om at Lucie er fødd i Nyttingneset i Kinn/Flora er feil, og at ho eigentleg var frå Årdal i Jølster.

 

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&c[]=14&firstname=lu*&lastname=&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1780&event_year_to=1820&event_date=&related_first_name=hans&related_last_name=&related_birth_year=&related_roles[]=far&sort=rel

 

Her finn eg m.a. følgjande:

 

             
1 barn Lucie   1801    
2 far Hans Olsen        
3 mor Pernelle Hansdtr       Ordahl

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012807839

 

I 1828 får Lucie og Ingebrigt dottera Helene Pernille.

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1829, Side 74
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620238
 

Ein legg her merke til ein av fadrane, Malene Hansdtr. Florøen. Lucie vart kanskje konfirmert som Lucie Hansdtr. Florøen, jf. forrige innlegg. Kan denne Malene vere syster til Lucie?

 

Tilsvarande søk på Malene:

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&c[]=14&firstname=mal*&lastname=&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1780&event_year_to=1820&event_date=&related_first_name=hans&related_last_name=&related_birth_year=&related_roles[]=far&sort=rel

 

Og då finn vi m.a. denne:

 

             
1 barn Malene   1805    
2 far Hans Olsen d. yngre        
3 mor Pernelle Hansdtr       Ordahl

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012808148

 

Som om ikkje dette var nok finst følgjande enkje i Nyttingneset i Kinn i 1865:

 

007 Maline Hansdatter 01 62 Jølsters Prgj. - - e Føderaadskone

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038268002349

 

1875:

 

010 Maline Hansdatter 01 1806 Aalhus Sogn Jølsters Pr. b hm e Føderaadskone

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052315001987

 

Spørsmålet er då om familien på Årdal i Jølster kan ha flytta til Florø.

 

Malene gift her:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Viede 1829, Side 27
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620464

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til eldste dottera til Ingebrigt og Lucie:

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1826, Side 50
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620214

 

Fadrar: Hans O. Nyttingnes, Mathias A. Nyttingnes, Pernille D. Nyttingnes, Andrea A. Nyttingnes, Malene H. Nyttingnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingebrigt Hansson Nyttingnes er fadder på dottera til Malene i 1833:

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1833, Side 115
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620279

 

Og i skiftet etter Lucie er Karsten Andersson Kalsvik formyndar for sonen hennar, Anders.

 

Eg limer også inn dåpen til Anders:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1837, Side 154
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620318

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Følgjande stod om Lucie og Malene på dei gamle sidene til @Torodd Kinn:

 

Ingebrikt Hansson og Lussi Hansdotter
g 1826 (han frå Nyttingneset  (finn ikkje dåpen hans), 34, ho frå Nyttingneset, 24 (finn ikkje dåpen hennar))
1826: Anne Marie (g 1855 m Markus Martinusson, bst Kalsvika)
1828: Helene Pernille (g 1859 m Mats Johannesson, bst Tonheim)
1832: Henrik
1833: Henrikke Serine
1837: Anders
Lussi d. i Nyttingneset 1840.

 

http://web.archive.org/web/20140614205819/http://www.toroddkinn.name/Flora-slekt-Kinn.html#Nyttingneset

 

Karsten Andersson og Malene Hansdotter
g 1829 (han frå Eikevollen p.t. Kalsvika, 31, ho frå Nyttingneset, 24 (finn ikkje dåpen hennar))
1830: Hans Andreas
1833: Anne Pernille (g 1855 m Karsten Matsson, bst Nyttingneset)
 

http://web.archive.org/web/20140613113449/http://www.toroddkinn.name/Flora-slekt-Bru.html#Kalsvika

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein Hans Olsson Nyttingnes døydde 9/11 1848, 88 år. Myndige og umyndige arvingar. Intet etterlatt. Umogeleg å seie om dette er far til Lucie og Malene.

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 11 (1841-1855), Døde og begravede 1849, Side 39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310400
 

Sogn og Fjordane fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1848-1902), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901292008

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk så mye for proff-hjelpen, dette settes stor pris på

 

Det er eldste dattera Anne Marie jeg stammer fra. (Anne Marie Ingebr.d. + Markus Martiniussen Kalsvig) -> (Karen Pernille Markusd. + Oliver Mosesen Birkeland) -> Jenny Mathilde Lovise Hopen som var min oldemor. Hun ble født ved Fosnes i Nord-trøndelag og endte opp i Lillehammer.

 

Da kan jeg nok konkludere med at Hans Olsen og Pernille Hansdatter er foreldrene til Lucie født i 1801 og den andre Lucie hansdatter er feil?

 

Skal forsøke å gjenskape denne teknikken for å finne enda et ledd lenger bak, + kvalitetskontrollere de yngre leddene 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit problem er at eg ikkje greier å finne Hans Olsson og Pernille Hansdtr. i folketeljinga for 1801. Derimot finn eg dette paret:

 

016 Hans Olsen 03 36 - - Huusbonde Begge i 1ste ægteskab Bonde og grdbeboer
017 Pernelle Danielsdatter 03 30 - - Hans kone Begge i 1ste ægteskab -

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058403001788

 

Dette paret vart g. i 1795:

 

1 brudgom Hans Olsen       Aardal
2 brur Pernille Danielsdtr       Søgnesand

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000528239

 

Familysearch gjev følgjande treff på Hans og Pern* i Helgheim sokn i Jølster:

 

695897751_Utennavn.thumb.jpg.b2a579da46efe8b63dbc06af8911ab9a.jpg

 

Det er merkeleg at presten skulle skrive feil patronym på Pernille to gonger, men eg kan ikkje skjøne anna enn at dette må vere same paret. Alle dei tre fyrste borna har truleg døydd som små, sidan ein ikkje finn desse att i folketeljinga for 1801. Ein legg her spesielt merke til dottera, Lucie, som skal vere døypt 20/7 1800. Ho vart gravlagd allereie 6/8, 4 veker gammal:

 

641977783_Utennavn.thumb.jpg.a5646fb5c7dd347725431709d16d3091.jpg

 

Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1821), Kronologisk liste 1799-1800, Side 182-183
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509680567
 

Og då ville det vere naturleg at neste dotter vart kalla opp att.

 

Dei to siste borna ser ut til å vere fødde på Viken(?):

 

1 barn Ole Abraham   1808    
2 far Hans Olsen        
3 mor Pernelle Danielsdtr       Wigen


https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012808454

 

1 barn Ole Abraham   1809    
2 far Hans Olsen        
3 mor Pernelle Danielsdtr       Wiigen

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012808574

 

Ingen av desse vart særleg gamle:

 

 
                   
Ole Hansen* 1808   avdød Søn Vigen*   1808 Døde og begravde Ministerialbok for Jølster prestegjeld, Helgheim sokn 1790-1821 (1431P)
Ole Hansen* 1809   avdød Søn Vigen*   1811-14de i Trini Døde og begravde Ministerialbok for Jølster prestegjeld, Helgheim sokn 1790-1821 (1431P)

 

Om det er slik som eg trur må denne familien ha flytta til Florø ein gong mellom 1811 og 1817, då Lucille dukkar opp som konfirmert i kyrkjeboka for Kinn. Sidan har familien truleg flytta til Nyttingneset, der ein finn både Hans O., Pernille D.  og Malene H. som fadrar på eldste dotter til Ingebrigt og Lucie i 1826, sjå ovanfor. Det vil i så fall seie at begge foreldra var i live og budde i Nyttingneset då. Som vist ovanfor tyder kjeldene på at Lucie Hansdtr. Nyttingnes og Malene Hansdtr. Nyttingnes/Kalsvik er nært knytte til kvarandre. Det er såleis mange indisium her, men dei direkte bevisa manglar, sidan ein ikkje finn dei i skifte og at det manglar så gamle lister over inn- og utflytte.

 

Eg greier ikkje å finne familien på Årdal i bygdeboka for Jølster. Derimot er Hans Olsson og Pernille Danielsdtr. nemnde under Søgnesand. Bygdeboka, som inneheld ein del feil er ikkje heilt einig med seg sjølv om mor til Pernille var ei Samuelsdotter eller ei Hansdotter:

 

371598623_Utennavn.thumb.jpg.b4daaa73243feb11f512164df6a991f2.jpg

 

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748125?page=503

 

Same familien er omtalt på side 494 og 495.

 

Det er skifte etter Malene Salamonsdtr. i 1804, og skiftet nemner m.a. frå fyrste ekteskap med Daniel Pederson dottera Pernille Danielsdtr. g. med Hans Olsson Årdal.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 11 (1798-1811), Skifteprotokollside, Side 259b-260a Venstre side.
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126690263
 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Malene Hansdtr. Nyttingnes som konfirmant #18 i 1821:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1821, Side 347
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620142
 

Presten har ikkje ført inn dåpsdato.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Resonnementet virker veldig fornuftig vedr. at Presten på en eller annen måte har klosset til danielsdatter - hansdatter, i og med at hun ikke finnes i 1801-tellinga. Det står jo også en tydelig D. og ikke H. i dåpen på Anne Marie, mens det stort sett står H i andre sammenhenger (?)

 

Sannsynligvis finnes vel ikke denne navnekombinasjonen på parene andre steder enn i Søgnesand på dette tidspunktet? Pernille er også oppført med Søgnesand som bosted her:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000528240

 

Har lagt ut alt t.o.m. Daniel og Malena på myheritage, og har fått 1 match foreløpig med et annet slektstre, men ingen ledd bakover (nevner kun samuel som sønn) 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Amund Børde skrev:

 

Det er eldste dattera Anne Marie jeg stammer fra.

 

Litt pirk: Ho er døypt som Anne Madsie. Ved vigsla står ho som Anne Madsi:

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 10 (1852-1869), Viede 1855, Side 20
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310295
 

Og i 1891 står ho som Anne Masie:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053018001494

 

Og då ho døydde stod ho som Anne Madsie:

 

Sogn og Fjordane fylke, Eikefjord i Kinn, Ministerialbok nr. E 1 (1890-1916), Døde og begravede 1894, Side 108
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050811010659
 

Madsi/Massi er vel beslekta med gutenamnet Mads (Mass).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av ein eller annan grunn har eg ikkje lagt merke til denne før no: 15/11 1856  døyr kårenkja Pernille Danielsdtr. Nyttingnes, 86 år gammal. Alderen stemmer så og seie på ein prikk med Pernille Danielsdtr.  i Årdal i Jølster i 1801. Dette trur eg må vere det nærmaste ein kjem eit bevis for at hypotesen stemmer.

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 12 (1855-1869), Døde og begravede 1857, Side 15
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310444

 

I følgje dødsfallprotokollen hadde ho myndige born og ingen eigendeler:

Sogn og Fjordane fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1848-1902), Protokollside
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901292051
 

Eg tek her med at @Toril Osther har registrert ein del kyrkjeboklister som f. eks. gravlagde i Kinn 1855-1869.

http://nr-kinn-sognogfjordane.blogspot.com/2007/04/kinn-a10-1855-1869-dde-og-begravede.html

 

Dette er eit nyttig hjelpemiddel når ein leitar i kyrkjebøkene i dette prestegjeldet. Torodd Kinn har også registrert ein del:

http://web.archive.org/web/20140613113418/http://www.toroddkinn.name/

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen

 

Nå har det gått noen dager, og har lagt inn alle personer ovenfor, men det er tydeligvis lite som er lagt inn på myheritage. Jeg er egentlig mer enn fornøyd nok med det du klarte å dra frem med 9 generasjoner tilbake. Av ren nysgjerrighet har jeg prøvd å finne enda et ledd bakover. Har bladd litt i "Soga om Jølst" samt dennr tråden fra 2009 (har ikke hivd meg ut på å lese skifteregister enda, da dette muligens er for litt mer drevne). 

 

 

Jeg har sjekket dåper og bryllup osv. i scannede arkiver, og ser at det stemmer godt med "Soga um Jylst", så jeg konkluderer med at "Samel Jonsson Søgnesand" og "Helge Olsdatter Sægrov" er foreldrene (de var også 3-meninger står det i "Soga om Julst", og måtte søke kongen om lov til å gifte seg, dog jeg skjønner ikke skriften som står under de trolovede i det kronologiske verket på digitalarkivet"  til "Malina Samuelsdotter" gift med "daniel Person Veiteberg".

 

Etter Daniel sin bortgang giftet Malina seg med "Ivar Olsen Sægrov" også født i 1750. Disse var også søskenbarn ifølge "Soga um Jølst" side 350

https://www.nb.no/nbsok/nb/cae4e47cd4f01cd061ad5d1844ed0633#365

 

Jeg har en teori (men muligens ikke noe sterkt bevis da det er en mulighet for at de bare var halvsøskenbarn) om at denne Ivar Olsen må være nevøen til "Helge Olsdatter", og at Helge Olsdatter døde i barsel e.l..:

 

-Under dåpen til Malina er det nevnt en "Ole Sægrov". Jfr. tråden over var han i live i 1750, men dør i 1751. Skulle tro at det var bestefaren?

-Helge Olsdatter er ikke nevnt i dåpen til Malina, og heller ikke som barn ved skiftet ved Sægrov i 1751

 

Faren og moren til Helge Olsdatter i tilfelle "Ole Sægrov" og "Gunhild (karen)" Tollefsdtr Paulen. Hadde vært interressant å bekrefte denne teorien, og dykke dypere ned, men uvisst om det er mulig å grave ut mer nå 🙂

 

Amund

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Olsson som døydde i 1751 er etter mi meining far til Ivar Olsson. Skiftet nemner m.a. sonen, Ivar Olsson som var 1/2 år gammal. Eg vil tru at Ole er (heil- eller halv)bror til Helga Olsdtr.

 

Eg har retta, rydda og lagt til litt på Geni dei siste dagane, eg har også lagt ut ein del kjelder der. Konklusjonane vart dei same som dine. Når det gjald Helga Olsdtr. kom eg ikkje lenger bakover. Eg såg litt på ein dåp, var vel i 1716 eller noko slikt, så det var nokre år tidlegare enn alderen som er oppgitt då ho døydde. Eg tykte dette vart litt for usikkert, så eg gjorde ikkje noko meir med det. Kyrkjeboka er ufullstendig, det kan ha vore fleire samtidige med same namn og det er tynt med kjelder elles.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen frå 1716 er midt på høgre side. Døypt 2/7 1716. Foreldre: Oluf Sægrov og Dordi Andersdtr. Desse er nemnde i "Soga um Jølst".

 

Sogn og Fjordane fylke, Ålhus, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 1 (1696-1728), Fødte og døpte 1696-1728
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509670406

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Same paret har sonen Oluf, døypt 24/9 1712. Høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Ålhus, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 1 (1696-1728), Fødte og døpte 1696-1728
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509670440

 

Det er godt mogeleg at det er han som døydde i 1751.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.