Jump to content
Arkivverket

Christian Christopher Høyeim alias Christian C. Hiam (1828-1893) - frå Luster til Crawford Co., WI - to ekteskap og stor huslyd, men kvar vart det av stesonen Martin?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Huslyden til Christian Christopherson Høyeim frå Luster (1828-1893) har vore eit tema for meg i 40 år, og til tross for at detaljar er dukka opp i seinare år, sit eg att med fleire «nøtter», særleg lagnaden til stesonen Martin, fødd i 1869, men ogso fleire andre utfordrinagar....

 

Kanskje er det nokon som kan «sjå» løysingar på nokre av desse?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Christopherson {Høyeim}, f. {i Luster} 16.4.1828,

Christian C. Hiam utvandra til Amerika i 1851 og gifte seg første gongen

 

##### (date and place of their marriage? – about 1854?)

 

med Live Jørgensdotter frå Løstegard på Gol, i Amerika kjend som Elizabeth Lee.  Ho var dotter av husmann Jørgen Thoreson på Lio under Løstegard og kona Randi Guttormsdotter frå Aslebraaten under Trondsgard og f. på Gol 5.10.1834, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1845.  Christian og Elizabeth Hiam slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Elizabeth d. 19.11.1874.  Christian gifte seg 17.12.1875 att i Crawford Co., Wis. med Christina Monsdotter frå Tunplassen under Rønnei, i Amerika kjend som Christine Monson.  Ho var f. i Luster 3.2.1849 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Christian og Christine Hiam vart buande på farmen hans i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Christian d. 6.9.1893.  Christine Hiam d. i Crawford Co., Wis. 10.3.1910.  Christian Hiam fekk i alt femten born; sju av dei var frå første ekteskapet, medan Christine var mor til dei åtte yngste.  Dessutan hadde andre kona Christine to born frå før:

a. Agatha C. Hiam (1855-1888), vart gift med husmannssonen Ole Olson frå Steinerabben under Alsmo (1850-1931) (s.d.).

b. Randi, kjend som Rena C. Hiam (1857-1933), vart gift med Christopher, kjend som Chris O. Lewison (1861-   ), son av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891) (s.d.).

c. Christopher C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 21.3.1860, var farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift 28.3.1925.

d. George C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 15.9.1863, d. i Grassy Lake, Alta. 21.8.1934.  Han gifte seg i La Moure Co., N.D. 5.10.1909 med Thea Jeannette Lee, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1894.  Ho d. i Lisbon, N.D. 30.6.1955.  George og Thea farma i Hanson township, Ransom Co., N.D., men vart skilde kring 1921, og 19.7.1922 gifte Thea seg att i Lisbon, N.D. med Waldemar Oscar Johnson, f. i Ransom Co., N.D. 28.4.1897.  Han d.

 

     ##### (place of his death? – Cass Co., ND!)

 

     27.6.1957.  Thea og Waldemar Johnson farma i Bale township, Ransom Co., N.D.  George Hiam flytte til Grassy Lake, Alta. der han dreiv korntreskar («threshing rig operator»).  Thea fekk i alt fire born; av dei var tre frå første ekteskapet med George.

e. Thor, kjend som Thomas C. Hiom, f. i Crawford Co., Wis. 10.11.1866, d. i Missoula, Mont. 17.1.1942.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 13.2.1892 med Marie O. Lewison, dotter av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. ?.4.1867

 

     ##### (NB: grave marker shows Dec. 12, 1865! – dødsattesten hennar seier ho var fødd 15.11.1864)

 

     og d. i Bismarck, N.D. 30.8.1908.  Thomas gifte seg so att i Linton, N.D. 15.1.1910 med Sadie May Lewis, dotter av husmannssonen Anders Olson frå Steinerabben under Alsmo (1847-190?) og soleis ei brordotter av første kona Marie.  Ho var f. i Swift Co., Minn. 12.1.1893 og d. i Stevensville, Mont. 15.12.1973.  Thomas og første kona Marie budde første tidi i St. Charles, Winona Co., Minn., men flytte i 1894 til Kulm, La Moure Co., N.D. der Thomas ei tid var arbeidar («laborer»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei dei so til ein farm nær Braddock i Highland township, Emmons Co., N.D.  Sist på 1920-talet flytte dei frå farmen og inn til Steele, Kidder Co., N.D., men i 1937 flytte dei med dotter deira og svigersonen til ein farm nær Florence, Ravalli Co., Mont.  Thomas fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

h. Martin Johan Hiam,

 

     ##### (sjekka om han nytta dette ættenamnet?)

 

     son av Christine Monson og ein Lars Olson, var f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1869.  Han vart visstnok oppalen hjå faren og stemori til Christine;

 

     ##### (budde der i 1880, sidan busett i La Crosse, La Crosse Co., Wis. – info??)

 

i. Lewis, kjend som Louis M. Olson, son av Christine Monson og ein Ole Frederickson, var f. i Crawford Co., Wis. 8.6.1874 og d. i La Crosse, Wis. 9.9.1948.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 9.4.1899 med Eliza Mabel, kjend som Elsie Ames, f. i Crawford Co., Wis. 6.4.1878.  Ho d. i Viroqua, Wis. 10.2.1965.  Lewis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Lansing, Allamakee Co., Wis., men elles farma han og Elsie i Freeman township, Crawford Co., Wis. til dei på 1930-talet flytte til Viroqua, Vernon Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

j. Peter C. Hiam, eldste sonen av andre ekteskapet, var f. i Crawford Co., Wis. 23.4.1876 og d. i Crawford Co., Wis. 9.10.1937.  Han gifte seg i La Crosse, Wis. 20.2.1908 med Tonetta Christina, kjend som Nettie Lee.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 23.10.1886 og d. i Crawford Co., Wis. 12.4.1937.  Peter og Nettie Hiam tok over heimefarmen hans i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk sju born i lag.

k. Louise C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1878, d. i Butte, Mont. 18.4.1965.  Louise gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1898/1899?)

 

     med Otto Coleman Langstadt, f. i La Crosse Co., Wis. 15.8.1872.  Han d. i Warm Springs, Mont. 8.8.1961.  Otto var elektrikar og røyrleggjar («electrician and plumbing contractor»).  Han og Louise budde ei tid i Belt, Cascade Co., Mont., men flytte før 1910 til Butte, Silver Bow Co., Mont.  Dei var barnlause.

l. Christian C. Hiam, Jr., f. i Crawford Co., Wis. 25.10.1880, d. i La Crosse, Wis. 20.6.1942.  Christian, Jr. gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 11.8.1919 med Rose Catherine Sarah Enright.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 3.4.1871, men d. i Crawford Co., Wis. 8.10.1930.  Christian, Jr. gifte seg so att i Crawford Co., Wis. 16.12.1933 med enkja Oline Serine, kjend som Lena Gald Olson.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 9.11.1885 og d. i La Crosse, Wis. 19.8.1980.  Ho hadde første gongen vore gift med Thomas Andres Olson (1879-1930), son av husmannsdotteri Bertha Pedersdotter frå Sandvikøyri under Sandviki (1848-1930) (s.d.).  Christian Hiam, Jr. farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

m. Olaf C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1882, d. i Lisbon, N.D. 24.6.1969.  Han gifte seg i Verona, N.D. 25.6.1919 med Katherine Anna Morgan, f. i Pottawatomie Co., Ks. 19.9.1899.  Ho d. i Lisbon, N.D. 16.6.1976.  Olaf og Katherine Hiam farma i Hanson township, Ransom Co., N.D. og fekk fire born i lag.

n. Sam C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 21.2.1886, d. i Crawford Co., Wis. 5.5.1891.

o. Benhardt C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 12.8.1888, d. i Crawford Co., Wis. 7.5.1891.

p. Anna C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 18.4.1890, d. i Crawford Co., Wis. 30.4.1891.

q. Alfred Bernhard, kjend som Bennie C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 11.12.1891, var farmarbeidar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift 22.10.1953.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
48 minutes ago, Lars E. Øyane said:

 

 

h. Martin Johan Hiam,

 

 

 

     ##### (sjekka om han nytta dette ættenamnet?)

 

 

 

     son av Christine Monson og ein Lars Olson, var f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1869.  Han vart visstnok oppalen hjå faren og stemori til Christine;

 

 

 

     ##### (budde der i 1880, sidan busett i La Crosse, La Crosse Co., Wis. – info??)

 

Kanskje dette er Christine med far Mons Larsen i 1870 FT. Ingen Johan Martin?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN9W-WMG

 

Er dette Martin i 1880 FT i huset til Mons?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4C-TFL

 

 

Link to post
Share on other sites
20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

k. Louise C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1878, d. i Butte, Mont. 18.4.1965.  Louise gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1898/1899?)

 

     med Otto Coleman Langstadt, f. i La Crosse Co., Wis. 15.8.1872.

???

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2Z5-SD26

Name: Otto C Langstadt
Event Type: Marriage
Event Date: 7 May 1913
Event Place: St. Paul, Ramsey, Minnesota, United States
Event Place (Original): St. Paul, Ramsey, Minnesota, United States
Gender: Male
Spouse's Name: Lizzie Hiam
Spouse's Gender: Female
 

Vielse 1913.png

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Anton og Grethe for interessante og utfordrande innlegg!

 

1870- og 1880-teljingane frå Antons innlegg stemmer med huslyden til Christine sine foreldre, Mons og Susanna(!) Larson.  Susanna er kalla Anna både i 1870 og i 1880, men eg kjenner ikkje til at Mons Larsson var gift fleire gongar.  Eg har ikkje greidd å finna dødsfalli til korkje Mons eller Susanna/Anna Larson (òg kalla Runice)!

 

I 1880 ser me Anna Marie «Mary» Larson, f. 1857, som var rette søster til Christine.  Yngste søsteri deira Sophie Larson, f. 1863, var flytt heimefrå før 1880 og budde i Sargent Co., ND.

 

MEN, FT1880 nemner tre andre born:

 

* Martin 12 WI

* Louis 6 WI

* Louisa 2 WI

 

Dette må vera borni hennar Christine, dei to eldste «uekte», medan Louise var ho som gifte seg med Otto Langstadt.

 

Men ser me på huslyden til Christian Hoyeim (Hiam) i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBF-TQD

 

so er Louise nemnd ogso der, men ingen av dei to «uekte», med mindre Christine på 6 år er ei feilskriving for Louis??

 

Etterkomarar etter søsken fortalte meg for 40 år sidan at Martin budde i La Crosse, WI...!  Men kan han vera avliden i ung alder?  Ovannemnde Anna Marie «Mary» Larson var gift med nordfjordingen Mons Fryseth og fekk mellom ein son som òg heitte Martin Johan (1897-1973), busett i Kenosha, WI - oppkalling??

 

Når det gjeld Louise og Otto Langstadt har Grethe heilt tydeleg treft «blinken».  Eg trur dei må ha «stikke av» til Montana kring 1898, og dei har vore «sambuarar» til dei endeleg vart gifte i 1913!

 

Bortsett ifrå denne vigsli er manuskriptet frå innlegg #1 framleis uendra, men eg gjev ikkje opp!  Kanskje greier nokon å løysa denne floka?

 

Kan det finnast liktaler (obituaries) etter mori Christine Hiam frå 1910 eller nokon av desse søskeni som kan klargjera lagnaden til Martin, som til dømes etter Christian Hiam Jr. frå La Crosse, WI 1942 eller etter Louis Olson frå La Crosse, WI 1948?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Hei Lars.

 

Mangler du ikke Hans Tobias i oppstillingen din . Født 1870 død 1918. (Killed by a train one mile south of Ferryville) 

 

004268445_00080.jpg?AWSAccessKeyId=AKIAIHBERNCXHARW424A&Expires=1599368400&Signature=5RL%2FLUkULqC4C3b4MoJsek5SB5k%3D

 

 

Mvh

Ivar

Edited by Ivar Moe
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Og takk for at du gjorde meg merksam på Hans Tobias.  Eg ser no at eg i innlegg #1 har «hoppa over» to born i denne huslyden:

 

f. Hans Tobias (1870-1918), og

g. Christina «Tena» (1873-1934)

 

Christina er nemnd i FT1880 og er soleis ikkje ei feilskriving for stebroren Louis Olson opplista i lag med morfaren Mons Larson!

 

Eit komplett oppdatert manuskript for denne huslyden ser altso slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Christopherson {Høyeim}, f. {i Luster} 16.4.1828,

Christian C. Hiam utvandra til Amerika i 1851 og gifte seg første gongen

 

 

##### (date and place of their marriage? – about 1854?)

 

 

med Live Jørgensdotter frå Løstegard på Gol, i Amerika kjend som Elizabeth Lee.  Ho var dotter av husmann Jørgen Thoreson på Lio under Løstegard og kona Randi Guttormsdotter frå Aslebraaten under Trondsgard og f. på Gol 5.10.1834, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1845.  Christian og Elizabeth Hiam slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Elizabeth d. 19.11.1874.  Christian gifte seg 17.12.1875 att i Crawford Co., Wis. med Christina Monsdotter frå Tunplassen under Rønnei, i Amerika kjend som Christine Monson.  Ho var f. i Luster 3.2.1849 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Christian og Christine Hiam vart buande på farmen hans i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Christian d. 6.9.1893.  Christine Hiam d. i Crawford Co., Wis. 10.3.1910.  Christian Hiam fekk i alt femten born; sju av dei var frå første ekteskapet, medan Christine var mor til dei åtte yngste.  Dessutan hadde andre kona Christine to born frå før:

a. Agatha C. Hiam (1855-1888), vart gift med husmannssonen Ole Olson frå Steinerabben under Alsmo (1850-1931) (s.d.).

b. Randi, kjend som Rena C. Hiam (1857-1933), vart gift med Christopher, kjend som Chris O. Lewison (1861-   ), son av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891) (s.d.).

c. Christopher C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 21.3.1860, var farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift 28.3.1925.

d. George C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 15.9.1863, d. i Grassy Lake, Alta. 21.8.1934.  Han gifte seg i La Moure Co., N.D. 5.10.1909 med Thea Jeannette Lee, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1894.  Ho d. i Lisbon, N.D. 30.6.1955.  George og Thea farma i Hanson township, Ransom Co., N.D., men vart skilde kring 1921, og 19.7.1922 gifte Thea seg att i Lisbon, N.D. med Waldemar Oscar Johnson, f. i Ransom Co., N.D. 28.4.1897.  Han d.

 

 

     ##### (place of his death? – Cass Co., ND!)

 

 

     27.6.1957.  Thea og Waldemar Johnson farma i Bale township, Ransom Co., N.D.  George Hiam flytte til Grassy Lake, Alta. der han dreiv korntreskar («threshing rig operator»).  Thea fekk i alt fire born; av dei var tre frå første ekteskapet med George.

e. Thor, kjend som Thomas C. Hiom, f. i Crawford Co., Wis. 10.11.1866, d. i Missoula, Mont. 17.1.1942.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 13.2.1892 med Marie O. Lewison, dotter av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. ?.4.1867

 

 

     ##### (NB: grave marker shows Dec. 12, 1865! – dødsattesten hennar seier ho var fødd 15.11.1864)

 

 

     og d. i Bismarck, N.D. 30.8.1908.  Thomas gifte seg so att i Linton, N.D. 15.1.1910 med Sadie May Lewis, dotter av husmannssonen Anders Olson frå Steinerabben under Alsmo (1847-190?) og soleis ei brordotter av første kona Marie.  Ho var f. i Swift Co., Minn. 12.1.1893 og d. i Stevensville, Mont. 15.12.1973.  Thomas og første kona Marie budde første tidi i St. Charles, Winona Co., Minn., men flytte i 1894 til Kulm, La Moure Co., N.D. der Thomas ei tid var arbeidar («laborer»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei dei so til ein farm nær Braddock i Highland township, Emmons Co., N.D.  Sist på 1920-talet flytte dei frå farmen og inn til Steele, Kidder Co., N.D., men i 1937 flytte dei med dotter deira og svigersonen til ein farm nær Florence, Ravalli Co., Mont.  Thomas fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

f. Hans Tobias, kjend som Tobias C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 24.3.1870, var farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis., men vart der overkøyrd og drepen av eit tog 6.11.1918.  Han var ugift.

g. Christine, kjend som Tena C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 28.8.1873, d. i Sargent Co., N.D. 7.8.1934.  Tena gifte seg i Verona, La Moure Co., N.D. 16.3.1909 med Ole J. Johnson, f. i Winnebago Co., Ia. 16.3.1875.  Han d. i Valley City, N.D. 14.10.1947.  Ole Johnson var snikkar («carpenter»), og han og Tena budde i Gwinner, Sargent Co., N.D.  Dei fekk tre born i lag.

h. Martin Johan Hiam,

 

 

     ##### (sjekka om han nytta dette ættenamnet?)

 

 

     son av Christine Monson og ein Lars Olson, var f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1869.  Han vart visstnok oppalen hjå faren og stemori til Christine;

 

 

     ##### (budde der i 1880, sidan busett i La Crosse, La Crosse Co., Wis. – info??)

 

 

i. Lewis, kjend som Louis M. Olson, son av Christine Monson og ein Ole Frederickson, var f. i Crawford Co., Wis. 8.6.1874 og d. i La Crosse, Wis. 9.9.1948.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 9.4.1899 med Eliza Mabel, kjend som Elsie Ames, f. i Crawford Co., Wis. 6.4.1878.  Ho d. i Viroqua, Wis. 10.2.1965.  Lewis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Lansing, Allamakee Co., Wis., men elles farma han og Elsie i Freeman township, Crawford Co., Wis. til dei på 1930-talet flytte til Viroqua, Vernon Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

j. Peter C. Hiam, eldste sonen av andre ekteskapet, var f. i Crawford Co., Wis. 23.4.1876 og d. i Crawford Co., Wis. 9.10.1937.  Han gifte seg i La Crosse, Wis. 20.2.1908 med Tonetta Christina, kjend som Nettie Lee.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 23.10.1886 og d. i Crawford Co., Wis. 12.4.1937.  Peter og Nettie Hiam tok over heimefarmen hans i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk sju born i lag.

k. Louise C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1878, d. i Butte, Mont. 18.4.1965.  Louise vart kring 1898 sambuande og gifte seg i St. Paul, Minn. 7.5.1913 med Otto Coleman Langstadt, f. i La Crosse Co., Wis. 15.8.1872.  Han d. i Warm Springs, Mont. 8.8.1961.  Otto var elektrikar og røyrleggjar («electrician and plumbing contractor»).  Han og Louise budde ei tid i Belt, Cascade Co., Mont., men flytte før 1910 til Butte, Silver Bow Co., Mont.  Dei var barnlause.

l. Christian C. Hiam, Jr., f. i Crawford Co., Wis. 25.10.1880, d. i La Crosse, Wis. 20.6.1942.  Christian, Jr. gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 11.8.1919 med Rose Catherine Sarah Enright.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 3.4.1871, men d. i Crawford Co., Wis. 8.10.1930.  Christian, Jr. gifte seg so att i Crawford Co., Wis. 16.12.1933 med enkja Oline Serine, kjend som Lena Gald Olson.  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 9.11.1885 og d. i La Crosse, Wis. 19.8.1980.  Ho hadde første gongen vore gift med Thomas Andres Olson (1879-1930), son av husmannsdotteri Bertha Pedersdotter frå Sandvikøyri under Sandviki (1848-1930) (s.d.).  Christian Hiam, Jr. farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

m. Olaf C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1882, d. i Lisbon, N.D. 24.6.1969.  Han gifte seg i Verona, N.D. 25.6.1919 med Katherine Anna Morgan, f. i Pottawatomie Co., Ks. 19.9.1899.  Ho d. i Lisbon, N.D. 16.6.1976.  Olaf og Katherine Hiam farma i Hanson township, Ransom Co., N.D. og fekk fire born i lag.

n. Sam C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 21.2.1886, d. i Crawford Co., Wis. 5.5.1891.

o. Benhardt C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 12.8.1888, d. i Crawford Co., Wis. 7.5.1891.

p. Anna C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 18.4.1890, d. i Crawford Co., Wis. 30.4.1891.

q. Alfred Bernhard, kjend som Bennie C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 11.12.1891, var farmarbeidar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift 22.10.1953.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elles står dei utheva spørsmåli frå innlegg #4 òpne, og eg vonar at ein eller annan kan hjelpa meg finna ut av dei...?

 

Og viktig ville det for meg òg vera å finna vigsli til Christian og første kona Live frå Gol, truleg i Dane eller i Vernon/Crawford Co., WI...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.