Jump to content
Arkivverket

Jacob Janson Talle i Luster (1816-1901) og borni hans i Amerika - kvar vart det av Anna og Jan? - kven var svigerdotteri Sina (Sitona?) Thompson?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Huslyden til husmann Jacob Janson på Salbuneset under garden Talle i Luster har vore ei kjempeutfordring sidan tidleg på 1980-talet.  Med mange nye kjelder som er tilkomne sidan eg første gongen jobba med denne huslyden, har eg greid å løysa ein del «floker», men no har eg nådd «veggen»!

 

Kanskje kan nokon sjå litt på denne huslyden og tipsa meg om mogelege tilleggsløysingar?

 

Lat meg berre kort leggja til at dotteri Margretha og mannen Erik budde i Fillmore Co., MN til dei i 1886 flytte til Eddy Co., ND, utan at eg har finne nokon av dei to «forsvundne» borni der, Anna eller Jan!

 

Når det gjeld Sina (Sitona?) Thompson, har ulike FT ulike utvandringsår, men alle er frå 1890-talet.

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Janson Talle, son av føregåande husmann og herifrå plassen, vart døypt 11.4.1816 og d. som husmann og enkjemann på Talle 2.11.1901.  Jacob gifte seg første gongen i Luster 10.7.1851 med Kirstina Johnsdotter frå Berget under Fet i Hafslo.  Ho var f. i Gulen 30.11.1825 og d. som husmanns­kone på Talle 5.5.1875.  Jacob gifte seg so att 23.5.1879 med enkja Elisabeth Sørensdotter, opphavleg frå Vigdalen.  Ho var f. 13.8.1823 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Knut Ingebrigtson på Bringe (1804-1878).  Elisabeth d. som husmannskone på Talle 31.3.1891.  Jacob fekk alt 30.5.1843 feste på heimeplassen på Salbuneset mot kår til foreldri, og han vart siste husmannen her.  Då han fall ifrå i 1901, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden, men stovehuset vart sidan utleigt i mange år.  Jacob i Neset fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Johannes Jacobson, f. 18.9.1850,

John Jacobson utvandra til Amerika i 1874 og budde nokre år i Fillmore Co., Minn., men gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 6.11.1882 med Anna Nilsdotter frå Møllarhaugen under Kvale, i Amerika kjend som Anna Nelson.  Ho var f. i Luster 18.5.1863 og utvandra til Amerika i 1880.  John Jacobson var ei tid barvert («saloon keeper») i Moorhead, Clay Co., Minn., men han og Anna flytte sidan til Barnesville, Clay Co., Minn. der John var jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Anna d. i Barnesville, Minn. alt 9.12.1892, og

 

##### (date and place of his 2nd marriage? - FT1900 says 1896!)

 

gifte John gifte seg att med enkja

 

##### (original name from Norway? – opphavet hennar? – kalla Segtina i 1920!! – kanskje Sitona frå Sogn?)

 

då kjend som Sina Thompson.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

og f.

 

##### (fødestaden hennar? – sjekka datoen?)

 

15.12.1855

 

##### (opplysningar om første ekteskapet hennar? – FT1910: she in 2nd marriage!)

 

men utvandra til Amerika i 1891,

 

##### (sjekka utvandringsåret? – FT1900 says 1892!)

 

John og Sina flytte til Churchs Ferry, Ramsey Co., N.D. der John var butikkmann («clerk»). 

 

##### (FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-2CN

 

Sidan flytte dei til Leeds, Benson Co., N.D. der John var jarnbanearbeidar og sidan ingeniør ved lysverket («railroad worker and municipal light plant operating engineer»). 

 

##### (FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRKC-LTT

 

##### (FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXX-4PC

 

##### (FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCM-ZNR

 

Han d. i Leeds, N.D. 20.1.­1929, medan andre kona Sina d. i McVille, N.D. 26.10.1943.  Me veit sikkert om tre born etter John Jacobson, og dei var alle frå første ekteskapet:

 

##### (more children who died in infancy? – FT1910 says about Sina: 1 child and one alive!)

 

a. Julius Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.10.1883, d. i San Diego, Cal. 19.11.1965.  Han gifte seg i St. Paul, Minn. 5.11.1907 med Harriet Marie Porter.  Ho var f. i Olmsted Co., Minn. 4.11.1884 og d. i Rochester, Minn. 15.4.1941.  Julius og Harriet budde først ei tid i Alexander, McKenzie Co., N.D., men flytte kring 1920 til Rochester, Olmsted Co., Minn. der Julius var postfunksjonær og sidan hotellarbeidar («post office clerk and hotel clerk»).  Han og Harriet fekk tre born i lag.

b. Christie Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.3.1886, d. i Clay Co., Minn. 9.5.1886.

c. Annie Jacobson Hoium, f. i Clay Co., Minn. 8.4.1892, d. i Harbor City, Cal. 18.4.1978.  Annie vart morlaus før ho var året gamal og vart kort etter hundreårsskiftet adoptert av husmannssonen Anders Jensson frå Trondviki under Høyeim (1845-1927) og kona hans.  Ho voks såleis opp på ein farm i Parke township, Clay Co., Minn. og gifte seg i Clay Co., Minn. 29.10.1919 med Austin Benjamin, kjend som Bennie A. Trovaten, f. i Cass Co., N.D. 2.6.1894.  Han d. i San Diego, Cal. 1.3.1967.  Bennie var butikkbetjent og postfunksjonær («store clerk and postal clerk»), og han og Annie budde i Barnesville, Clay Co., Minn.  Men dei vart separerte alt i 1924, og Annie livnærte seg sidan som fabrikkarbeidar («fac­tory worker»), frå 1943 i Long Beach, Los Angeles Co., Cal.  Bennie flytte til California i 1939 og gifte seg

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage? – in Arizona!)

 

     att med Irene Ann Eleanor Ackelbein.  Ho var f. i Crawford Co., Ia. 8.11.1915 og d. i San Diego, Cal. 29.12.1978.  Dei busette seg i San Diego, San Diego Co., Cal. der Bennie livnærte seg som flymekanikar («aircraft mechanic»), medan Irene var revisor («auditor»).  Bennie fekk i alt fem born; av desse var ei dotter frå første ekteskapet med Annie Hoium.

 2. Margretha Jacobsdotter (1853-1942), vart gift med hus­mannssonen Erik Nilsson frå Møllarhaugen under Kvale (1857-1924).

 3. Anna Jacobsdotter, f. 8.11.1858,

Anna Jacobson utvandra til Amerika i 1880,

 

##### (lagnaden hennar? – kvar vart ho av? – was never heard from again!)

 

 4. Jan Jacobson, f. 23.7.1863,

Jan Jacobson utvandra til Amerika i 1881,

 

##### (lagnaden hans? – søskeni trudde han var avliden då det i 1901 vart halde skifte etter faren i Luster!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Hei, Lars!

 

Sameline/Samuline Johnsdatter Rognnæs utvandret 30.04.1891:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000684646

 

Hun ble født i Hornindal 14.12.1855:

 

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 1, 1837-1866, s. 190-191
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070112310455
 

Hun er en spennende kandidat for Sina Thompson/Jacobson som er oppgitt å være født i Norge 15.12.1855 og utvandret rundt 1891.

 

Edited by Frank Marton Pedersen
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for nye spennande innlegg!

 

Eg er heilt på linje med deg om at Samuline Rognnæs framstår som ein svært so spennande «kandidat» til Sina Thompson.

 

MEN, me lyt nok finna litt fleire opplysningar for å vera sikre...  Ho må i so fall ha gift seg ein gong i Amerika mellom 1891 og 1896? med ein Thompson som døydde etter kort tid!  Finn me ei slik vigsle, vil eg nok kjenna oss mykje «tryggare»!

 

Eg takkar på ny so mykje for forslaget, og eg vonar at fleire opplysningar vil dukka opp!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.