Gå til innhold
Arkivverket

Reinert Nilsson Koldal frå Egersund (1863-1923) - til Amerika og gift med ei jente frå Luster - opphavet hans i Egersund og lagnaden til stesonen i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gunnhild Pedersdotter Høyeim (1848-1923) utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg med snikkaren Reinert Nilsson Koldal (1863-1923) frå Egersund.  Eg har aldri greidd å finna vigsli deira, og den norske bakgrunnen hans samt utvandringi er eit mysterium.  Ogso kvar det vart av sonen som Gunnhild fekk i Luster er ei utfordring...

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare?

 

Her er siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Pedersdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 24.11.1848,

Gunnilda Hoium utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – FT1900 says 1893!?)

 

med Reinert Nilsson frå Koldal i Egersund, Rogaland, i Amerika kjend som Reinert Nelson.  Han var son av gardbrukar Nils Johnson på Koldal, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Helena Halvorsdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Egersund 1.10.1863.  Han utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hans? – FT1900 og 1920 seier båe 1887!?)

 

Reinert Nelson var snikkar («carpenter»), og han og Gunnilda budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei var to gonger på vitjing til Noreg, første gongen i 1904 og sidan i 1916.  Reinert d. i St. Paul, Minn. 7.2.1923, medan Gunnilda Nelson d. same staden 7.8.1923.  Dei fekk ingen born i lag.

Men Gunnhild fekk ein son medan ho var busett i Luster:

a. Henrik Christenson Høyum, son av Gunnhild og gardbrukar Christen Andreasson på Valde, Sandvik (bnr. 4) (1848-1934), var f. 28.12.1871.

Henrik Hoyum, sidan kjend som Alfred Hoff (!), utvandra til Amerika i 1889 og budde lenge i lag med mori og stefaren i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Sidan vart han visstnok sjuk, og me trur han er identisk med ein Andrew Hoff som frå 1909 var busett i Hastings, Dakota Co., Minn. og som der d. ugift 27.11.1925.

 

##### (stadfesting av desse opplysningane? - har eg finne «rett» person?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er huslyden på Koldal i Egersund 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1116&kenr=004&bnr=0035&lnr=000

 

Her er innførsler i ymse folketeljingar frå St. Paul, MN:

 

* 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6S6Q-34P

 

* 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64G3-5JD

 

* 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX7-BGS

 

Eg har ikkje finne dei korkje i FT1905 eller 1910.  Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Vielsen til Nils Johnsen og Hellene Halvorsdatter, nr. 5:

 

SAST, Egersund sokneprestkontor, S08/L0013: Ministerialbok nr. A 12.2, 1850-1865, s. 356
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050921030307
 

 

Dåpen ti Nils?, nr. 46:

 

SAST, Egersund sokneprestkontor, S08/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1815-1827
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418650726
 

Dåpen til Hellene ?, nr. 27:

 

SAST, Egersund sokneprestkontor, S08/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1815-1827
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418650713
 

Utflytting til Amerika Reinert Nilsen Koldal 16/3 1887, nr. 41:

 

SAST, Egersund sokneprestkontor, S08/L0017: Ministerialbok nr. A 14, 1879-1892, s. 234
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070102330622
 

Hilsen Kari

Endret av Kari Aabelvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g kona Helena Halvorsdotter frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

 

 

Det er nok denne

Født i Egersund 1822. Foreldre tømmermann Halvor Olsen og Guri Roaldsdatter.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010351075

 

Mor Guri står ført med etternavn Stålesdatter ved konfirmasjonen

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000957570

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

ed Reinert Nilsson frå Koldal i Egersund, Rogaland, i Amerika kjend som Reinert Nelson.  Han var son av gardbrukar Nils Johnson på Koldal, opphavleg frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

Foreldre og dåpen til Niels

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010352011

 

Nå ser jeg at Kari allerede har funnet dåpen til både Niels og Hellene. Beklager Kari

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Kari og Ivar for nye spennande innlegg!

 

Med desse opplysningane er opphavet og utvandringi til Reinert Nelson «på plass!»  Kjempeflott!

 

Den einastre detaljen som no manglar om Gunnilda og Reinert, er vigsli deira, men er det mogeleg å finna den?  Eg ville gissa på St. Paul, MN, men me veit jo aldri...

 

Men når det gjeld sonen hennar, Henrik Hoium, so er eg no sterkt i tvil om dette kan vera den same som Alfred/Andrew Hoff.  Alfred Hoff, fødd i Noreg desember 1871 budde til leige hjå Gunnilda og Reinert i 1900, men han utvandra ikkje før i 1895, og eg trur no han er identisk med Alfred Marius Hoff, fødd i Beiarn 28.12.1871.  Han utvandra nemleg i 1895 og vart gift og busett i St. Paul, MN.

 

Ein annan leigebuar hjå Gunnilda og Reinert i 1900 var søsterdotteri hennar, Sophia Christensdotter Hoium, fødd i Luster 25.9.1874.  Ho utvandra til Amerika i 1896 og gifte seg sidan med ein annan emigrant frå Egersund!  Påfallande er det at Henrik Hoium frå 1871 og Sophia Hoium frå 1875 hadde same mann til far, Christen Andersson Valde i Luster!

 

Etter dette sit me altso att med utfordringi kring lagnaden til Henrik Hoium.  Er det mogeleg å finna han att?

 

Kanskje kan liktaler (obituaries) finnast for Reinert og/eller Gunnilda Nelson frå 1923??

 

Her følgjer eit manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1, men eg lét innlegg #1 stå uendra for å syna feiltolkingi mi av Henrik Hoium og lagnaden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Pedersdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 24.11.1848,

Gunnilda Hoium utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – FT1900 says 1893!?)

 

med Reinert Nilsson frå Koldal i Egersund, Rogaland, i Amerika kjend som Reinert Nelson.  Han var son av gardbrukar Nils Johnson på Koldal, opphavleg frå Kydland, og kona Helena Halvorsdotter frå tettstaden Egersund og f. i Egersund 1.10.1863.  Han utvandra òg til Amerika i 1887.  Reinert Nelson var snikkar («carpenter»), og han og Gunnilda budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei var to gonger på vitjing til Noreg, første gongen i 1904 og sidan i 1916.  Reinert d. i St. Paul, Minn. 7.2.1923, medan Gunnilda Nelson d. same staden 7.8.1923.  Dei fekk ingen born i lag.

Men Gunnhild fekk ein son medan ho var busett i Luster:

a. Henrik Christenson Høyum, son av Gunnhild og gardbrukar Christen Andreasson på Valde, Sandvik (bnr. 4) (1848-1934), var f. {i Luster} 28.12.1871.

Henrik Hoium utvandra til Amerika i 1889

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 hours ago, Lars E. Øyane said:

a. Henrik Christenson Høyum, son av Gunnhild og gardbrukar Christen Andreasson på Valde, Sandvik (bnr. 4) (1848-1934), var f. {i Luster} 28.12.1871.

 

Henrik Hoium utvandra til Amerika i 1889

 

 

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 

Emigration 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000681945

 

Kanskje ankomst?

 

Henrick Christensen

 in the New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957

Name:Henrick Christensen

Arrival Date:23 May 1889

Birth Date:abt 1872

Age:17

Gender:Male

Ethnicity/ Nationality:Norwegian

Place of Origin:Norway

Port of Departure:Glasgow, Scotland and Larne, Ireland

Destination:USA

Port of Arrival:New York, New York, USA

Ship Name:State of Georgia

 

Kanskje dødsrekord.

 

Henrik C Hoium

 in the Minnesota, Death Index, 1908-2017

Name:Henrik C Hoium

Record Type:Death 

Death Date:15 Nov 1924

Death Place:Hennepin

Death Registration Date:1924

Certificate Number:021289

Record Number:416162

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.9.2020 den 1.40, Lars E. Øyane skrev:

Henrik Hoyum, sidan kjend som Alfred Hoff (!), utvandra til Amerika i 1889 og budde lenge i lag med mori og stefaren i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Sidan vart han visstnok sjuk, og me trur han er identisk med ein Andrew Hoff som frå 1909 var busett i Hastings, Dakota Co., Minn. og som der d. ugift 27.11.1925.

 

 

 

##### (stadfesting av desse opplysningane? - har eg finne «rett» person?)

 

Jeg finner en Andrew Hoff fra Norge død 1925-11-27 i Dakota co, Minnesota som du sier, men han oppgis født i 1876:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDQ7-3MH

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Z6F5-YC3Z

 

og graven hans (?? regner med at det må være denne) sier at han døde i 1922-11-27?

image.png.b0d142dcd8c5ee972d9bf182a90f96f5.png

https://www.findagrave.com/memorial/142991968/andrew-hoff

 

Hvis det er den samme Andrew Hoff som ligger på sykehus i Hastings, Dakota co, Minnesota i 1910, så oppgis han der født i 1879:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M25W-DBN

 

I 1920 er fødselsåret oppgitt som 1876, og han er innlagt på "insane asylum":

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWYW-FV4

Endret av Carl Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andrew Hoff

 in the Minnesota, Death Index, 1908-2017

Name:Andrew Hoff

Record Type:Death 

Death Date:27 Nov 1925

Death Place:Dakota

Death Registration Date:1925

Certificate Number:003417

Record Number:443865

 

Andrew Hoff

 in the Minnesota Cemetery Inscription Index, Select Counties

Township:Marshan

County:Dakota

Name:Andrew Hoff

Death Date:27 Nov 1925

Cemetery:Asylum

Comments:ROW 1 GRAVE 28

Section:597

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Anton og Carl for nye interessante innlegg.

 

Hendrik Hoium (1872-1924) er identisk med Henrik Christopherson Høyeim frå Luster, ein fjern slektning av den sakna Henrik Christenson Hoyum, men altso ikkje same mann...

 

Elles trur eg heller ikkje at Andrew Hoff har noko med denne huslyden å gjera.  Det var denne leigebuaren hjå Gunnilda og Reinert i FT1900 som «lurte» meg med Hoffnamnet...!

 

So Henrik Christenson Hoyum står framleis som ei kjempeutfordring!  Er det i det heile mogeleg å lokalisera han...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.