Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Pederson Høyeim frå Luster (1834-1914) - utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg med ei borgarkrigsenkje frå Luster - fekk to søner som flytte med far deira til ND - ein son sidan til Canada - kven var svigerdotteri Olga Mathilde Torgerson?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Henrik Pederson var fødd i Luster i 1835, men utvandra i 1866 og vart farmar i Freeman township, Crawford Co., WI.  Kona hans Maren Sørensdotter, som òg var frå Luster, hadde to søner etter første mann sin, som fall i borgarkrigen.  Båe desse sønene vart gifte og budde i Wisconsin, og etterkomarar etter desse er det som har fortalt meg det eg veit om dei to halvbrørne.

 

Her er manuskriptet mitt for denne huslyden pr. dags dato:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande oppdagingar innanfor denne huslyden, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Dei to halvbrørne til desse gutane var:

 

* Severin «Samuel» Hatland, som døydde i Crawford Co., WI 19.2.1941

 

* John «Joe» Hatland, som døydde i Crawford Co., WI 11.1.1923

 

Kanskje kan liktalene (obituaries) finnast for desse samt for mor deira

 

* Mary Peterson, som døydde i Crawford Co., WI 1.10.1920

 

vera gode kjelder når det gjeld lagnadane til dei to halvbrørne???

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Lars E. Øyane said:

a. George David, kjend som Gilbert Hendrickson, f. i Crawford Co., Wis. 15.12.1867,

 

     ##### (moved «west» at a young age – his destiny??)

 

Er dette Henry og hans familie i 1880 i Crawford Wisconsin?

 

Henry Peterson

 in the 1880 United States Federal Census

Name:Henry PetersonAge:46Birth Date:Abt 1834Birthplace:NorwayHome in 1880:Freeman, Crawford, Wisconsin, USADwelling Number:247Race:WhiteGender:MaleRelation to Head of House:Self (Head)Marital status:MarriedSpouse's Name:Mary PetersonFather's Birthplace:NorwayMother's Birthplace:NorwayOccupation:FarmerNeighbors:View others on pageHousehold Members:

NameAge

Henry Peterson46

Mary Peterson54

George Peterson12

Peter Peterson9

Christina Heatlard23

Samuel Heatlard21

John Heatlard19

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1880usfedcen&indiv=try&h=28372822

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være George D og faren Henry? Henry are widower?

 

George D Peterson

 in the 1910 United States Federal Census

Name:George D Peterson

Age in 1910:42

Birth Year:abt 1868

Birthplace:Wisconsin

Home in 1910:West End, Richland, North Dakota

Race:White

Gender:Male

Relation to Head of House:Head

Marital status:Single

Father's Name:Henry Peterson

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Native Tongue:English

Occupation:Farmer

Industry:General Farm

Employer, Employee or Other:Employer

Home Owned or Rented:Own

Home Free or Mortgaged:Free

Farm or House:Farm

Naturalization Status:Naturalized

Able to Read:Yes

Able to Write:Yes

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

George D Peterson42

Henry Peterson75

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1910USCenIndex&indiv=try&h=20898200

 

I 1900 FT Henry er Divorced 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VG-SQL

 

1910 FT i Family Search 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLGY-TQ9

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Anton for imponerande og overraskande innlegg!

 

Henry og Mary vart altso skilde, og er me heldige, er desse kjeldene framleis intakte i Prairie du Chien, WI.  Ingen fortalt meg for 40 år sidan at dei vart skilde, men sjå kva som kjem for ein dag.  «Perseverance pays off!»

 

Det var fleire emigrantar frå indre Sogn eller born av desse som flytte frå Vernon og Crawford Cos., WI til Richland og Cass Cos., ND i 1880-åri, so heilt overraska er eg ikkje over dette.  Det ser ut til at George D. Peterson farma i Freeman township, Richland Co., ND, og der budde han framleis:

 

* 1915: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89LN-BS68

 

* 1925: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9LJ-B49

 

* 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZF-9D2

 

* 1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9M1-R81S

 

Eg finn han ikkje i FT1920!

 

Berre i 1910 heiter George PETERSON til ættenamn - elles er det konsekvent PEDERSON

 

Og her er gravi hans: https://www.findagrave.com/memorial/75725786/george-d-pederson

 

Han døydde altso 22.5.1951 - men finst det ein liktale (obituary)?

 

Han døydde i Breckenridge, Wilkin Co., MN - kanskje hadde han slekt der: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:HFTQ-RSZM

 

På same kyrkjegarden finn me òg faren, Henrik PEDERSON: https://www.findagrave.com/memorial/75725801/henrik-pederson

 

Han døydde altso 4.6.1914 - men finst det ein liktale (obituary)?

 

Det store spørsmålet som no attstår: Kvar vart det av sonen Peter, òg kalla Henry (Jr)?

 

Her følgjer eit manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at eg no òg har greidd å spora opp ungste sonen i denne huslyden, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Endeleg har eg lukkast i å finna att yngste sonen Peder H. Pederson - som syner seg å ha hamna i Alberta, Canada!

 

Men ei ny utfordring har oppstått:  Kona til Peder, Olga Mathilda, var norsk, men kvar i Noreg hadde ho opphavet sitt ifrå?  Kven var Peder Torgerson, far hennar, som tydeleg utvandra kring 1885?

 

Her følgjar siste versjon av denne spennande biografien - erstatning for manuskripti i innlegg #1 og #4:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Pederson {Høyeim}, f. {i Luster} 30.9.1834,

Henry Peterson utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 6.1.1870 med enkja Maren Sørensdotter, opphavleg frå Dulsviki under Lingjerde, i Amerika kjend som Mary Sorenson.  Ho var f. i Luster 17.12.­1824 og utvandra til Amerika i 1854.  Ho hadde før vore gift med gardbrukarsonen John Johnson frå Hotlen, Sandviki (1831-1863) (s.d.).  Etter første ektemaken hadde Mary farm i Freeman township, Crawford Co., Wis., og denne farmen tok Henry over styringi av då han gifte seg med ho.  Henry og Mary vart skilde

 

##### (year of their divorce? – after 1880/prior to 1900)

 

og medan Mary vart buande i lag med borni frå første ekteskapet i Crawford Co., Wis. der ho d. 1.10.1920, flytte Henry med dei to sønene dei fekk i lag til ein farm i Freeman township, Richland Co., N.D. der han d. 4.6.1914.  Dei to sønene dei fekk i lag var:

a. George David Pederson, f. i Crawford Co., Wis. 15.12.1867, d. i Breckenridge, Minn. 22.5.1951.  George flytte i ung alder med far sin til North Dakota og farma i Freeman township, Richland Co., N.D.  Han var ugift.

b. Peder H. Pederson, f. i Crawford Co., Wis. 2.12.1870, d. i Griffin Creek, Alta 21.11.1924.  Peder flytte òg med faren og broren George til ein farm i Freeman township, Richland Co., N.D. og gifte seg i Cass Co., N.D. 15.7.1905 med enkja Olga Mathilda Pedersdotter, opphavleg frå

 

     ##### (norsk opphav?)

 

     i Amerika kjend som Olga Torgerson.  Ho var dotter av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Peder Torgerson

 

     ##### (1854-1929 – oppl. om bustad, kona etc?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden til Olga?)

 

     13.6.1884, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1885.

 

     ##### (sjekka dette? – kan henda f. New York City, NY 1885?)

 

     Ho d. i Fairview, Alta. 7.3.1967.  Olga gifte seg første gongen i Walcott, N.D. 2.4.1901 med Martin A. Tollefson, f. i Allamakee Co., Ia. 7.8.1876.  Dei budde i Walcott, N.D. der Martin d. 9.1.1903.  Peder og Olga flytte 1905 til Wetaskiwin, Alta., men budde visstnnok òg i Victoria, Alta. til dei i 1917 tok «homestead» nær Griffin Creek, Alta.  Dei fekk ti born i lag, men Olga hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

(fødestaden til Olga?)

?? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW61-Y68

 

Name: Olga Mathilde
Event Type: Christening
Event Date: 4 Apr 1886
Event Place: Buskerud, Norway
Event Place (Original): Buskerud, Norway
Gender: Female
Birth Date: 13 Aug 1885
Father's Name: Peder Torgersen
Mother's Name: Karoline Halvorsdatter

 

 

EDIT: Det er IKKE denne. Hun er fortsatt i Modum i FT1910 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036472009871

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Eg har ogso sett på dette alternativet frå Modum, men som deg oppdaga eg òg at ho ikkje utvandra til Amerika.  «Vår» Olga Mathilde vart konfirmert i Walcott, ND i 1898...

 

FT1926 syner ho som fødd i Noreg: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C395-GS67-R

 

Men ved ei grensepassering til Montana på 1930-talet er ho oppgjevi fødd i New York City 13.6.1885!  Difor har eg reist tvil om fødestaden...

 

Kanskje ein liktale (obituary) kan finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Sven Hjortland skrev:

 

Akershus, Oslo fylke, Emigrantprotokoll nr. 11 (1883-1885)
Permanent bilde-ID: em20110222660673
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/em20110222660673
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-em20110222660673.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Oppland fylke, Tingelstad i Gran, Ministerialbok nr. 16 (1880-1888), Fødte og døpte 1884, Side 35
Permanent bilde-ID: kb20070117340282
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117340282
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070117340282.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for nye spennande og imponerande innlegg!

 

Med eitt er Olga identifisert og bortsett frå eit par detaljar, er biografien hennar no nesten komplett!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Pederson {Høyeim}, f. {i Luster} 30.9.1834,

Henry Peterson utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 6.1.1870 med enkja Maren Sørensdotter, opphavleg frå Dulsviki under Lingjerde, i Amerika kjend som Mary Sorenson.  Ho var f. i Luster 17.12.­1824 og utvandra til Amerika i 1854.  Ho hadde før vore gift med gardbrukarsonen John Johnson frå Hotlen, Sandviki (1831-1863) (s.d.).  Etter første ektemaken hadde Mary farm i Freeman township, Crawford Co., Wis., og denne farmen tok Henry over styringi av då han gifte seg med ho.  Henry og Mary vart skilde

 

##### (year of their divorce? – after 1880/prior to 1900)

 

og medan Mary vart buande i lag med borni frå første ekteskapet i Crawford Co., Wis. der ho d. 1.10.1920, flytte Henry med dei to sønene dei fekk i lag til ein farm i Freeman township, Richland Co., N.D. der han d. 4.6.1914.  Dei to sønene dei fekk i lag var:

a. George David Pederson, f. i Crawford Co., Wis. 15.12.1867, d. i Breckenridge, Minn. 22.5.1951.  George flytte i ung alder med far sin til North Dakota og farma i Freeman township, Richland Co., N.D.  Han var ugift.

b. Peder H. Pederson, f. i Crawford Co., Wis. 2.12.1870, d. i Griffin Creek, Alta. 15.11.1924.  Peder flytte òg med faren og broren George til ein farm i Freeman township, Richland Co., N.D. og gifte seg i Cass Co., N.D. 15.7.1905 med enkja Olive Marie Pedersdotter, opphavleg frå Stadstad på Gran, Hadeland, i Amerika kjend som Olga Mathilda Torgerson.  Ho var dotter av bakar og innerst Peder Torgerson på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Stadstad, opphavleg frå Hagebråten under Fallang, og kona Martha Torstensdotter frå Skulterud under Grini nordre

 

     ##### (sjekka opphavet hennar? – budde der 1875 med foreldri sine – men er kalla Stadstadeiget ved vigsli!)

 

     og f. på Gran 13.6.1884, men utvandra til Amerika med mor si i 1885.  Ho d. i Fairview, Alta. 7.3.1967.  Olga gifte seg første gongen i Walcott, N.D. 2.4.1901 med Martin A. Tollefson, f. i Allamakee Co., Ia. 7.8.1876.  Dei budde i Walcott, N.D. der Martin d. 9.1.1903.  Peder og Olga flytte 1905 til Wetaskiwin, Alta., men budde visstnnok òg i Victoria, Alta. til dei i 1917 tok «homestead» nær Griffin Creek, Peace River district, Alta.  Dei fekk ti born i lag, men Olga hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.