Gå til innhold
Arkivverket

Søstrene Marthe (1861) og Karen (1869) Olsdøtrer (Rønning) frå Høyeimsviki i Luster - ei til Danmark og ei til Haugesund(?) - er det mogeleg å finna ut meir om lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har slite med lagnadane til desse to søstrene Marthe og Karen frå Høyeimsviki i Luster sidan kring 1980, utan å komma noko nærare sanningi om livi deira.  Eg fekk den gongen ein del opplysningar frå slekt i Luster, særleg om Marthe, men meir visste dei ikkje, og eg har vanskar med å komma noko nærare ei løysing i dag.

 

Kanskje er det nokon som «ser» «ljos i tunnellen»?

 

Her er manuskriptet mitt for dei to søstrene:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 3.12.1861,

Marthe Olsen flytte i ung alder til Danmark og gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – 1890-talet?)

 

med Anton Robert Mathiesson frå Ronneby i Blekinge, Sverige.  Han var son av

 

##### (foreldri hans? – fulle namn – yrke – bustad – opphav?)

 

og f. i Ronneby, Blekinge 20.8.1860.  Anton var murar, og han og Marthe busette seg i Gedser på Falster i Danmark der Anton d. 12.11.1947.  Marthe Mathiesson d. same staden 2.4.1952.  Dei var barnlause, men tok til seg og fostra opp eine søsterdotteri hennar (dotteri til Karen, sjå nedanfor).

 

~~~~~

 

Karen Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 14.3.1869,

Karen Olsdotter (Rønning) fekk i 1907 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika,

 

##### (namnet hennar finst ikkje i skipslist­ene i Bergen – slekti meiner ho skal ha gift seg og busett seg i Haugesund – lagnaden hennar??)

 

Me veit om ei dotter etter Karen:

 

##### (fleire born?)

 

a. Gunhild Margrethe Hansdotter, kjend som Gunhild Højeim, dotter av Karen og Hans Olson frå Årdal i Jølster (1869-    ),

 

     ##### (kven var han?)

 

     var f. i Luster 25.6.1896, men kom i ung alder til mosteri Marthe i Gedser på Falster i Danmark og vart oppfostra der.

 

     ##### (sidan gift og busett på Lolland i Danmark – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=DenmarkChurchBooks&indiv=try&h=901375725

 

Name: Marthe Olsen
[Marthe Jakobsen] 
Gender: Kvinde (Female)
Marriage Age: 39
Event Type: ægteskab (Marriage)
Birth Date: 3 sep 1861
Marriage Date: 25 nov 1900
Marriage Place: Skelby, Maribo, Danmark (Denmark)
Father: Ole Jakobsen
Mother: Gunilde Jakobsdatter
Spouse: Anton Robert Matthissøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Gunhild Margrethe Hansdotter, kjend som Gunhild Højeim, dotter av Karen og Hans Olson frå Årdal i Jølster (1869-    ),

 

 

 

     ##### (kven var han?)

 

 

 

     var f. i Luster 25.6.1896, men kom i ung alder til mosteri Marthe i Gedser på Falster i Danmark og vart oppfostra der.

 

 

 

     ##### (sidan gift og busett på Lolland i Danmark – lagnaden hennar?)

 

Gunhild var ikke lett å finne men dette kan være en meget god  kandidat.

 

Gunhild født 25 juni1896 som er gift Larsen i Gedesby S. Maribo

som også ligger i Falster slik som Gedser

Fødselsdata stemmer perfekt

https://www.danishfamilysearch.com/cid17303775

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

med Anton Robert Mathiesson frå Ronneby i Blekinge, Sverige.  Han var son av

##### (foreldri hans? – fulle namn – yrke – bustad – opphav?)

og f. i Ronneby, Blekinge 20.8.1860. 

Anton Robert født 1860.08.20, døpt 09.16 til torpare arrend. (husmann) Mathis Svensson og kone Karin Svanberg på Skönevik:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0058562_00043


Husförhörslängd med foreldre og søsken 1857-1862:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0058514_00108

 

Mathis født 1828-11-04 i Asarum til torpare Sven Åkesson og Inga Svendsdotter i Björnamåla:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0056829_00299

 

Karin uekte født i (Bräkna-)Hoby 1834-03-14 til pike Cathrina Johansdotter og Carl Gustaf Svanberg (senere gift) på Mörtjuk:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0057050_00384

 

Hvis du vil ha et patronymikon til Carl Gustaf så er han sønn av inspektør Petter Svanberg fra Göddelöf, født 1805-05-25:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00202459_00043

Endret av Carl Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #16:

 

Eg er på reise og har hatt ymse Internett-vanskar, men no har eg endeleg fått nokolunde skikk på dette og vil gjerne få senda ein svært forseinka, men like hjarteleg takk til Ivar, Sven, Richard, Carl og Anne for mange vidunderlege innlegg om denne huslyden!  Eg er imponert over kva de har greidd å finna, og kanskje særleg vart eg postivt overraska over oppdagingi av Karen i Danmark!

 

Attåt fleire detaljar om mann hennar Karen og første kona hans samt dotteri Gunhild, saknar eg no berre nokre geografiske presiseringar både i Sverige og i Danmark, men kanskje er det nokon som har betre lokal kunnskap og kjenner desse kjeldene betre enn kva eg gjer?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 3.12.1861,

Marthe Olsdotter Høium flytte i ung alder til Danmark og gifte seg i Skelby, Maribo amt 25.11.1900 med Anton Robert Mathiesson frå Ronneby i Blekinge, Sverige.  Han var son av husmann Mathis Svensson på Sköneby i Ronneby, opphavleg frå Björnamåla i Asarum, Blekinge,

 

##### (sjekka at han vart buande på Skönevik og at han voks opp på Björnamåla?)

 

og kona Karin Carlsdotter Svanberg frå

 

##### (kvar oppvaksi? – Bräkne-Hoby? eller Mörtjuk?)

 

og f. i Ronneby, Blekinge 20.8.1860.  Anton var murar, og han og Marthe busette seg i Gedser på Falster i Danmark der Anton d. 12.11.1947.  Marthe Mathiesson d. same staden 2.4.1952.  Dei var barnlause, men tok til seg og fostra opp eine søsterdotteri hennar (dotteri til Karen, sjå nedanfor).

 

~~~~~

 

Karen Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 14.3.1869,

Karen Olsdotter Høium fekk i 1907 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika, men i staden for å reisa dit flytte ho til Danmark og gifte seg i Nykøbing i Maribo amt 30.7.1911 med enkjemannen Johannes Pedersen, opphavleg frå Aastrup i Maribo amt. 

 

##### (sjekka at han voks opp der?)

 

Han var son av husmann Peder Simonsen på

 

##### (bustad?)

 

i Aastrup, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Johanne Marie Johansdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Aastrup 3.2.1852. 

 

##### (gift første gong med Ane Margrethe Jensen, d. på Kringelborg 28.6.1899 – detaljar?)

 

Johannes var arbeidar, og han og Karen budde på Kraghave, Tingsted i Maribo, men Karen d. på sjukehuset i Nykøbing 23.2.1923.  Me veit om ei dotter etter Karen:

 

##### (fleire born?)

 

a. Gunhild Margrethe Hansdotter, kjend som Gunhild Højeim, dotter av Karen og Hans Olson frå Årdal i Jølster (1869-    ),

 

     ##### (kven var han?)

 

     var f. i Luster 25.6.1896, men kom i ung alder til mosteri Marthe i Gedser i Danmark og vart oppfostra der.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli?)

 

     med Frits Ejgil Malta Dokkedal, kjend som Ejgil Hansson Larsen, f. i Nykøbing, Maribo amt 17.1.1903.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ejgil var arbeidar, og han og Gunhild budde i Gedesby i Maribo amt, men vart skilde kring 1928, og Gunhild var sidan hushaldar ulike stadar, mellom anna på Kraghave i Tingsted, Maribo amt.  Ejgil og Gunhild fekk tre born i lag, men ho fekk òg to born etter dei vart skilde.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Martha Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 3.12.1861,

Marthe Olsdotter Høium flytte i ung alder til Danmark og gifte seg i Skelby, Maribo amt 25.11.1900 med Anton Robert Mathiesson frå Ronneby i Blekinge, Sverige.  Han var son av husmann Mathis Svensson på Sköneby i Ronneby, opphavleg frå Björnamåla i Asarum, Blekinge,

 

##### (sjekka at han vart buande på Skönevik og at han voks opp på Björnamåla?)

Husförhörslängdene for Asarum er laaaange og dårlig indekserte, men basert på fødslene til Mathis' søsken synes det som om foreldrene dro mye rundt (ikke overraskende for husmenn). De var både i Asarum og Mörrum. Her er de bostedene jeg har funnet i HFL/dåp under Mathis' oppvekst:

 

1828-1830: Björnemåla, Asarum

 

1830-1835: Hästaryd, Mörrum:
https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0058284_00104

 

1836-?: Duveryd, Asarum
https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0056830_00124

 

1839-1845: Elsebråne, Asarum
https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0056830_00180
https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0056802_00477

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.