Jump to content
Arkivverket

Listespesifikt søk over dødsmeldingar - Store manglar


Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Eg legg merke til at registeret over dødsmeldingar i Bergen er delt opp i ørten protokollar. Eg ynskjer då tilgang til listespesifikt søk der ein kan søkje på ein viss periode og geografi under eitt. Dette hadde eg forventa å finne her:

https://www.digitalarkivet.no/search/6

 

Problemet er at ein her berre får søkt i dødsfallmeldingane frå 1967-1975. Det listespesifikke søket må difor oppdaterast til å ta med alle dødsfallprotokollane frå både Bergen, Laksevåg, Midthordland og alle andre stader som ikkje er med.

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=tab_ftr&archive_key=&st[]=SKDP&st[]=SKDM&st[]=SKDR

 

Om ikkje dette kjem i orden vil det bli håplaust å søkje i - og finne fram i dødsfallprotokollregistera.

 

Eg håpar også at problemet med det listespesifikke emigrantprotokollsøket blir fiksa (jf. den andre tråden), samt at alle dei andre listespesifikke søkjesidene blir vedlikehaldne.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to post
Share on other sites
Tone Merete Bruvik

Har du prøv å søke via avansert personsøk i stedet?

 

Skjønner ikke helt hvorfor du bruker dette for å søke i disse:  https://www.digitalarkivet.no/search/6, dette søket er jo nærmest et forsøk, og geografi-menyen  her er jo helt feil? Det samme gjelder emigrantsøket som det er spurt etter i den andre tråden. 

  • Sad 1
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Det eine treng vel ikkje å utelukke det andre?

 

Eg forstår ikkje kvifor vi ikkje skal ha tilgang til desse listespesifikke søka. Det avanserte personsøket er kjekt å ha i mange samanhengar, men er andre gonger altfor generelt og er ikkje tilpassa kvar enkelt av dei mange ulike listetypane ein søkjer i. Visninga av trefflista i avansert søk er heller ikkje tilpassa spesielle listetypar, og gjev dårlegare oversikt.

 

Særleg aktuelle blir dei listespesifikke søka når ein splittar det som tidlegare har vore samla databasar eller register opp i titals ulike databasar. (Det blir jo håplaust å skulle søkje på nytt i kvar enkelt av desse).

 

Fram til 2017 var det lenker til alle typar listespesifikke søk på framsida til Digitalarkivet. Det at ein kunne søkje globalt, enten via listespesifikke søk eller via enkelt/avansert personsøk var den store fordelen "nye" Digitalarkivet hadde i forhold til det gamle. Eg meiner at desse søka bør haldast ved like og oppgraderast i staden for å bli neglisjert og gøymt vekk. Eg vil tru at mange er einige i dette.

 

Er det mykje arbeid som skal til for å ordne desse listespesifikke søka?

 

Det ser jo nesten ut som at kvar gong Digitalarkivet skal forbetrast øydelegg ein ting som har fungert godt tidlegare. Det er også slik at ulike brukarar søkjer på ulike måtar. For meg er det viktig med god brukarvennlegheit slik at eg finn det eg leitar etter, raskt og effektivt. Då må ein ha alle valmogelegheiter: Enkelt personsøk, avansert personsøk, listespesifikke søk og søk i kvar enkelt kjelde.

 

Redigert: Eg ser no at det listespesifikke søket faktisk inkluderer alle skifteprotokollane frå Bergen så lenge ein ikkje vel Bergen i geografimenyen. Det er såleis geografimenyen som må ordnast. Det same gjeld for emigrantsøket.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to post
Share on other sites
Tone Merete Bruvik

Jeg skjønne at du gjerne vil ha begge deler, men hvis du bruker avansert personsøk, og bruker kategoriene aktivt vil da dette virke? Kryss av for at du bare skal søke i skiftemateriale, og kjør på med geografi. Tilsvarende for emigrantene. 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Eg skal leggje meg flat og innrømme at du har rett i at det avanserte personsøket ser ut til å fungere greit for dødsmeldingane. Eksempel: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&st[]=SKDP&st[]=SKDM&st[]=SKDR&m[]=1301&firstname=&lastname=Igel*&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

(Eg håpar likevel at det listespesifikke søket blir ordna).

 

Verre var det då skifteregistera slutta å fungere ein kort periode for nokre dagar sidan. Då var avansert personsøk det einaste som fungerte. Dersom eg brukte avansert personsøk med kommune fekk eg 0 treff, skulle eg søkje i skifteregister for Sunnfjord måtte eg ta med heile Sogn og Fjordane. Det var heller ikkje mogeleg å søkje på tinglag (f.eks. Ytre Dale), og då vart det ganske håplaust å søkje. I tillegg inneheldt trefflista ingen informasjon om årstal slik som når ein søkjer direkte i skifteregisteret for Sunnfjord. Dette er eit godt eksempel på kvifor ein treng listespesifikke søk for fleire listetypar enn folketeljingar og kyrkjebøker. Dette blir enno viktigare når samledatabasar eller register blir splitta opp slik som f.eks. skifta i indre Sogn.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.